Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bordskikk til hverdags
NEG_23_5980_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_23_5980_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Heime hos oss på Lid vart maten laga i kjøkenet, eller i einskilde høve i eldhuset, og det var det vanlege hos gardmannsfolk i grenda. I Nistova (bruk 1) hadde dei kokeomn i stova, og dei kokte mykje av maten der. I kå- restovene og husmannsstover hadde dei og jamnast koke- omn i stova. 1: I vinterhalvåret åt me alltid ved langbordet i stova. I onnetider og elles om sumaren åt me ved langbordet i kjøkenet, eg trur å minnast at dette ikkje berre var i vyrkjene, men òg om sundagane. Etter at me ikring 1894 hadde fått oss stort nytt eldhus, hadde me eit langbord der, og så lenge eldhuset var nytt åt me der varmaste tida om sumaren, også sundagane. 2: Ja, alle sat ved same bordet. Det er vanleg no òg. Namna var: Stovebordet, kjøkenbordet, eldhusbordet, Eit mindre, firkanta bord med fleire skuffer i, heit- te vetlabordet; det stod i stovene det fyrste eg min- nest, men vart så flytt opp i eit anna hus, vetla- stova. 3: Alltid så åt me ved same tid, d.v.s. dei som var heime. 4: Det var ikkje skilnad på maten for nokon. 5: Den tida av året me åt i stova, då åt me alltid der, og den tida me åt i kjøkenet, åt me der om sundagane og. Me rekna ikkje plassen i kjøkenet for å vera simplare enn i stova, i all fall ikkje når det galt oss sjølve. Og me flytte ikkje innatt i stova den sundagen me åt sågrauten eller buføregrauten, eller i pinsehelga. Me kunne visst godt ha ete i kjøkenet heile året, hadde det ikkje vore for det at det var kaldare der om vinteren enn inne i stova. \[s. 2\] Emne nr. 23. side 2 (Johannes Lid) 6: Det vart ikkje gjort skilnad på dei som budde i huset når det galt maten. Det veit eg ikkje av vart gjort andre stader på Voss heller den tid. 7: Ja, me hadde faste plassar. Han far sat i høgsetet, me gutane etter alderen innantil bordet, den eldste \[-nærmast høgsetet\] lengst frå høgsetet, den yngste nær- mast faren. Mor sat på langbenken framanfor bordet nærmast høgsetet, og med den minste i fanget. På fram- benken sat elles gjentene etter alderen, den yngste nærmast mora. Lenger nede på frambenken sat teneste- tausa, lengste tida ho Margreta Spildo. Det fyrste eg minnest sat ho bestemor (Brita Bjørgum) òg der nede på frambenken og hadde då den bordskuffa som var der, for seg. Ho hadde kår både hos oss på Lid, og på Bjørgum, og eg minnest at ho stundom hadde noko mat, i all fall flatbrød frå Bjørgum i den skuffa. Me kal- la skuffa for godmorskuffa då. Sidan heldt ho bestemor seg mest i kammerset sitt, låg mykje og åt der ute. Eg tykkjest elles minnast at då han Nils bror var li- ten, frå treårsalderen, så sat han ei tid i høgsetet med han far, og det same gjorde nok han Lars sidan. 8: Me sat alltid til bords. 9: Høgsetet var i enden av bordet, oppe i kroa, det var ein om lag 1 meter lang benk med rygg og endestykke: \[Figur: Teikning av bordsete i 1899 med plassering av huslyden\] Nils (9) Johannes (13) Josef (15) far Lars (3) mor (Ingebjørg) (1) Brita (6) Anna (11 år) Margreta 1/25 Langbenkene heitte storekrakkar. Me sa alltid øvste og nedste bordsenden, ikkje storebordsenden eg vetle- bordsenden som dei hadde sagt før då langbordet var laga av ein heil furuplanke som spita litt åt topp- enden. Det låg eit slikt bord på låvelemmen heime, men det hadde ikkje vore i bruk i han far si tid. \[s. 3\] Emne 23. side 3. (Johannes Lid\] 10: Høgsetet var heidersplassen i mi tid på Voss. 11: Det var ikkje skikken å vaska seg før ein åt, anna enn når ein hadde eit eller anna skittfeldig arbeid for seg. I onnetider vaska me oss under springen i kjøkenet før me gjekk til bords. Mannfolk hadde al- dri huve eller hatt på seg inne, me tok av oss ute i gangen. Det ville vore stor skam om nokon hadde gått til bords med hatt eller luve på, eller om no- kon av kvinnfolket hadde hatt hoveklut på. Når me åt ute i bakken om sumaren, og det gjorde me ofte på slåtteteigen, så tok me luva av når me las for maten, men kunne setja henne på att når me tok til å eta. 12: Maten vart sett fram i eitt fat, men når bordet var langt, kunne det vera to grautefat eller to supefat på bordet. Ja, det var sams mjølkefat til grauten, i vissa føre 1900. Fyrst etter 1905 tok dei til å ha ein serskild kopp til kvar, då oftast same kopp som ein elles brukte til kaffikopp. Ja , det var vanleg at me tok graut i skeia og dyppa i mjølkefatet. Til daurs (kl. 12 hos oss) var det graut og mjølk, søt om vinteren, sur om sumaren. Grauten var varm berre den dagen den var kokt, sidan var det kald graut eit par dagar. Grauten var tjukk og stiv, og etter ein dag og to vart det nokså stiv skorpe på han. ein måtte passa seg at ein ikkje "grov hedler", d.v.s. ta på skrå innover under skorpa, for då trudde dei at det ville koma regn. Om vinteren kunne dei stun- dom blengja noko mjølk i ei gryte så det vart kost og myse, og så grauten i store stykke opp i det, an- ten alt i gryta, eller helst ha grauten opp i fatet etter at det var kome på bordet. Så langa kvar for seg opp i fatet med skeia etter graut, kost og myse. Eg sa at me åt dauren kl 12, og det var vanleg i hei- le bygda før Vossabanen kom. Eit tog frå Bergen kom til Voss i den tida. Men så vart togkøyrsla snøggare og toget kom kl halvtolv. Dei som såg eller høyrde toget, tok etter og åt dauren då. Så kom toget kl 11 og snart etter kl. halvelleve. I Gullfjordungen og borte "under haugen" (d.v.s. Rokshaugen) fylgde dei etter med dauren, og dei fortalde at der borte åt dei til slutt dauren kl 10. \[s. 4\] Emne nr. 23. side 4 (Johannes Lid) 13:Ho mor sette aldri gryta på bordet. Når det kom framande, var det ikkje skikken å be dei med til bords, utan så det var nære slektningar. Elles vart det laga til serskilt for dei, og då oftast ikkje det vi no reknar for middagsmat. Sjå 35. 14: Når me åt brød (det var berre flatbrød me brukte), og smurde smør på, så la me alltid eit stykke brød oppå. Det heitte smørkling. Når me hadde fisk på klingen (fyrst smør, så fisk og så eit brødstykke opp-på det att), så heitte det fiskakling. Til bisk hadde me støtt (-mjølkekling og\] mjølkesupe og smør- kling. Fiskakling var det ikkje så ofte me hadde, det kunne vera lutefisk, \[-ei hende\] ein hende gong fersk fisk, d.v.s. aure. Ja, så hadde me sildakling, men kjøt og flesk brukte me ikkje på klingen. Deri- mot hadde me grautakling. Då var det helst varm graut me smurde på klingen, og då måtte me passa på at smøret ikkje rann av når det bråna. Kald grau- takling var ikkje så godt. Under nr. 12 skulle eg ha fortalt litt meir om grauten. Før kokte dei gjerne graut til 3 - 4 dagar eller til heile veka, og det var ikkje så sjeldsynt med mingla graut siste daga\[-r\]ne. Det er ei strofa oppe or Bordstrondne om ein mann og ei kone som var vane til å hjelpa til med slåtten på Fitjo eit bil om sumaren. Så ein dag kom det beskjed at no måtte dei koma. Å nei, å nei, sa kjerringa, i jaur kokte me graut og i morgo ska me te Fiftja, (fortalt av Guro Fenno som tente hos oss på Lid). 15: Fyrste eg minnest trur eg ikkje det vart rekna for skam å ta sukker biten i munnen når dei drakk kaffi. 16: Folk drakk ofte kaffi av "tefatet" utan å sjenera seg. 17: Me brukte gaflar til kjøtmat frå det fyrste eg minnest, men eg er ikkje sikker på at det var gjennomført på Voss fyrst i 1890-åra. Eg såg ofte folk som ikkje brukte gaffel, men berre kniven. 18: Heime ved bordet brukte ikkje karane tolekniv, det einaste måtte vera om me hadde spekekjøtlår på bordet. 19: Me brukte jernskeier og dei var ikkje individuelle, men aller fyrste eg minnest (1889 -90) hadde me òg eit par treskeier og eit par honnskeier som ho bestemor og far og mor av og til kunne bruka. Eg hugsar at eg prøvde dei, men dei var så "idle te eta me". Ho mor vaska alltid skeiene og knivane og gaflane. \[s. 5\] Emne nr. 23. side 5 (Johannes Lid). 20: Steintøytallerkar hadde me heime det fyrste eg min- nest, men dei brukte me ikkje til kvardags, knapt nok med helgene heller. Fyrst etter 1900 vart det skikk å ausa supe i djupe tallerkar til kvar einskild. Taller- kane kunne vera til å ha mjølkekaker eller ost på, el- ler småbrød når slike ein sjelden gong kom på bordet. Heller ikkje for vanlege framandfolk vart det sett fram tallerkar på bordet. -- Men eg meiner å hugsa at når me hadde reinskjøtt med brun sos til, så brukte me tallerkar alt i 1890-åra. 21: Duk på bordet var det ikkje til kvardags, det var det berre når det var større gjestebod, og frå fyrst av ikkje om høgtidsdagane. 22: Voksdukar kom ikkje i bruk før etter 1900. Bordet var måla, myrk raudfarge, og lett å vaska. Kjøkenbordet var umåla, og det vart kvitskurt så attimellom. 23: Det var ikkje noko utetling av maten heime hos oss, kvar forsynte seg sjølv. -- Ho mor fortalde at i hen- nar barndom var det alltid etling på bordet. De t var husmora som etla ut maten, ei heil lefse brød til vak- sne karar, tre stykke til kvennfolk og to stykke til born. (Ei lefse var fire stykke.) Var det smør til, la ho ein tilsvarande høveleg smørklatt på brødet til kvar, og når det var kjøt og flesk, eit tilsvarande kjøtstykke. Graut og mjølk og supe vart derimot ikkje utetla. Såleis gjorde dei på Bjørgum og visst òg elles på gardane på Voss i 1850 - 60 - åra. Dersom dei skulle noko attåt grauten til daurs, så vart det etla ut eit stykke brød og litt smør til kvar av dei vaksne. Det heitte "å etla" og "ei etling". 24 og 25. Sjå 23. 26: Me var nokså sjølvhjelpne alt i 2-3-årsalderen, men mor og far kunne nok av og til hjelpa oss. Eg tykkjest minnast at i den fyrste tida me gutane sat i høgsetet med han far, så sto me på kne i benken (sjå sp. 9). 27: Når barnet var i halvtårsalderen og ei tid utover, var det vanleg at mora togg kavring og gav det. - her kjem eg til å tenkja på ei strofe or Raundalen, endå det ikkje beinveges har noko med dette, men kan gjeva ein tokk av matskikkar i gamle dagar. Medan dei grov Gravahalstunnellen i 1890-åra hadde han far preste- skyssen frå Vangen til Oppsete. Det var kappelanane som gjorde teneste der ute kvar tre veker, om vintra- \[s. 6\] Emne nr. 23. side 6 (Johannes Lid). ne køyrde dei i spiss-slede, om somrane i karijol. Dei køyrde ut om laurdagen og heimatt om måndagen, køyrin- ga tok heile dagen. Om sundagen heldt presten preik og foredrag for jernbanefolket der ute. Det var mest pre- stane Hesselberg og Heyerdahl, siste åra også presten Wahrholm i Evanger som gjorde desse reisene, i all slags ver og i all slags føre, fram skulle dei. Berre eit par vender i åtte år laut dei snu; ein gong var dei komne heilt til Langevassosen i eit færa snørok, då vann dei kje lenger, men måtte snu nedatt under Kleivane. Om det var der det hende eller det var ein annan stad i Raundalen, skal eg ikkje kunna seia, for han far ville ikkje ut med det. Men det var no ein gong dei vart liggjande verfaste og var komne inn i hus. Så skulle kona koka kjøt og kjøtsupe til dei. Det var ryggjakjøt (røykt smalakjøt), og då kona \[-sette) tok kjøtet opp or supane i gryta og sette det på bordet i eit fat, så sa ho: Ska eg slurpa da aot deko? Nei, sa han far, da æ kje turvande, me ska slurpa da sjølle. 28: Me las både føre og etter maten, men ikkje høgt anna enn om helgedagane. Jau kanskje las me høgt om kvardagane òg, då gjekk det på omgang mellom oss gutane. Høgtids- dagane og i jola song me bordvers føre maten, og då las han far eit stykke i huspostillen etter maten. 29: Det var helst nokså stilt medan me åt, men det var ikkje forbod mot å snakka, så det fall no ein og annan replikken. Når han far ikkje var heime, var me friare og kunne sitja og prata noko meir, men stort sett var det skikken at ein skulle "teia mendo ein togg". Når det var eit eller anna større arbeid føre på garden, når det var tresjing eller når me grov ut og hadde storpløying av bakke om hausten, hadde me gjerne eit par arbeidskarar til hjelp. Dei sat då øvst på benke- ne nærmast høgsetet, og då var det alltid mykje meir prat og hyggeleg samrøda ved bordet enn elles. Det var nok mest medan me var små at det var stillast ved bor- det, seinare var det aldri påfallande stilt, me kunne prata som vanleg. 30: Til vanleg kunne me godt muntra oss litt, men måtte helst ikkje skratt opp i høgt. Eg minnest enno så vel ein gong me hadde gjeburtsdagtilstelling, og så hadde me bede nistovetausene, ho Torbjørg og ho Anna opp til \[s. 7\] Emne nr. 23. side 7. (Johannes Lid) oss. Så hadde ho mor bede henne gamle Ragnhilda med. Ho Ragnhilda var syster hans Mikkjels-Lars, ho var fødd 1851, og døde 1894 og var sjukleg alle sine dagar, siste åra låg ho til sengs, då dette må ha vore i 1889 eller 1890, ikkje seinare enn i 1891 i all fall. Det var om vinteren og me "storma" inne i stova. Me sa alltid storma, ikkje leika, det var vel fordi det fylgde ståk med leiken. Så skulle me til bords, ho mor hadde kokt sjokolade og sette på bordet. Ho Ragn- hilda hadde ikkje sagt noko større medan me storma, ho var i ei framand stove, og visste at ho hadde ik- kje myndigheit der, men då me heldt fram med sjauen etter at me var komne til bords medan ho mor var ute i kjøkenet, så brast det for henne. "Dæ synd å læ mæ boræ" sa ho strengt. Me vart dott med, så fælt som me kvakk. Det var ikkje berre det at me hadde fare gale, me måtte ha synda. - Ho mor ville aldri ha sagt noko slikt, hyss hadde ho sagt, eller "nai, no mao de kje væ so høgmælte\[-e\]". - Eg minnest noko anna og med det same. Eg og han Josef var på Vangen ein 17de Mai. Så hadde me vore inne hos han Lars med Brudne og kjøpt oss kvar sin skillingsbolle og dei gjekk me og åt på. Der kjem frøken Hansteen farande: Må ikkje spise på gaden børn! Det var meir skilnad på Vangen og bygda den gongen. 31: Sjølvsagt var det forbode å synja ved bordet, og me høyrde tidleg ordtaket: Eg visste kje mannen var galen før han kvo mend han aot. 32: Ja, ingen måtte gå frå bordet før alle var ferdige. 33: Nei, me var ikkje vane å seia takk for maten heime. 34: Kom det ein framand inn når me åt, sa han signe maten. 35: Kom det ein framand som ikkje høyrde til granne- laget medan me åt, så vart det esla til han etterpå, og då mjølk (eller kaffi) og brødmat. Middagsmat (d. v.s. kjøtmat, nonsmat) var det ikkje mannbert å by framande; når det då ikkje var til gjestebod. Det er berre ein gong eg har vorte boden det, og det var ein gong eg hadde fare i åsen heile dagen utan å finna hesten. I nons tider kom eg ned til Himles på Borda- len og kom inn hos han Skjelda-Lars. Dei sat nett og åt raspekaker, og så baud dei meg med, for dei skyna at eg hadde gjenge heile dagen utan mat. \[s. 8\] Emne nr. 23 side 8 (Johannes Lid). 36: Når det kom framande, skulle dei alltid fyrst ha drikka, søtadrikka så sant det fanst. Odd Grønlien som sidan var lærar på Voss, var fødd i Grønlia og budde der medan han var liten før han kom til henne bestemor på Bjørgum. Han fortalde at ein gong kom det ein framandkar til gards, det var nok ikkje ofte det hende, så avbakleg som garden låg. Han Odd var åleine inne, men han kjende skikken, og gjekk bort ti hekken etter ei stor skål som han baud den framande. Neimen drikko eg ikkje datta, sa mannen, då var det ei skål med brimsupe han Odd hadde fått tak i. Då skjemdest han Odd styggeleg, endå så liten han var. Sidan skulle den framande ha mat. Ingen måtte kun- na seia at han ikkje hadde fenge korkje vått eller turt når han hadde vore innom ein stad. Og då måtte han eta åleine for seg, ingen, ikkje husmora ein gong kunne setja seg til å eta i lag med han. Annleis var det når slektingar kom, då åt dei i lag med oss. 37: Framgangsmåten med å esla mat til framande er visst den same på Voss no som før, men maten kan vera ann- leis. No er det støtt kaffi og skive og kaker. Men 38: kaffikjelen står ikkje på heile dagen. 39: Sjå sp. 36. Framande fekk mat inne i stova. 40: Ja. ein gjest skal alltid laga seg nøya. "No mao du eta". " No mao du eta skjikkeleg". "Du mao ta te deg". "Ska da kje væ litevetta te". Men\[-ne\] denne skikken, eller uskikken var ikkje på langt nær så utrert som i Hardanger. Det var mest i lag og bryllaup dei bruk- te å nøya så fælt på Voss, ikkje så til dagleg. I Eidfjord har eg høyrt ei rispe om to øytføre som hadde gått seg vilt ein vinter dei var på reinsjakt, og til slutt kom ned på ein fjellgard i Telemark. Dei var utsvelte og skamfrosne og sat og krøylte seg bort- med omnen. Kona laga til mat og bad dei koma, men dei rikka seg ikkje. Ho ba dei oppatt og oppatt, og til slutt gjekk den eine bort og åt. Då dei så hadde ko- me seg i seng oppe på lemmen, sa den fyrste: kvifor ville du ikkje ha mat, så svolten som du er. Nei, ho kunne ha bode meg ein gong til. 41: Medan gjesten et, er gjerne han far inne om det er ein kar eller ho mor om det er eit kvinnfolk, men det var slett ikkje nødvendig at det var noko inne \[-,\] heile tida. Oslo 27. mars 1951. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste