Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bordskikk til hverdags
NEG_23_5021_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_23_5021_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja. Sat ved bordet ved alle maaltider. 2: Umkring 1870 sat sjølvefolket paa storgardar delvis ved eige bord. Dette er etterkvart vorte slutt og er naa inkje meir. 3: Dei eter alle \[\_alle\] samtidig. Gamle folk kan- ske inkje med ved bordet fyrste maaltidet. 4: Før kunde nok husbondsfolk hava bedre kost, men naa er det sams for alle. Alle fær gjestebodskost naa. 5: Ja. 6: Her er kjøkenet og stua det same rummet. 7: Før i tida alle sine faste rom ved bordet. Husbond i høsætet, kona nest honom paa bordbenken, saa budeia saa innejenta. Paa andre sida bordet langs veggen, husbonds- eller fyrykaren nest husbond, saa hus- menner og andre. Det var nøye med dette. Naa tek dei dette mindre nøye. Borni framme ved foreldri 8: Ukjent her. 9: Ja. Høgsetet er framfor framste bordenden, ved det store framskaapet. 10: Naar ein kom inn i stua saa hadde ein til høgre, (fyrst ein benk som det stod ein stamp paa med mysu- blande i. Der hekk og stabursnyklar og andre nykklar og anna som ein lett kunde trive til. Naa er blandstampen burte) Altsaa naa: fyrst tilhøgre for døri det store fram- \[side 2:\] framskaapet, saa ei stor slagklokka, saa er det høgsetet og kanske eit roskaap paa høgsetesbenken inni roi. 11: Ein tok det inkje saa nøye med den vasken, og gjer det inkje enda. Derimot var det nøye med at ingen sat tilbords med huva paa. Det tola ein inkje. Saa naa og. 12: Ja al skjimat, graut, mjølkevelling, kjøt- supe, syrsupe, mylju. Vart slut hermed attpaa krigen: Saalenge ein aat all skjimat saman brukte dei og sams mjølkekopp. Naar det vart slik at graut og annan skjimat vart aust paa talikar vart det og \[\_veskekopp\] for kvar einkelt. Det var mindre bollar av leirty kjøpt paa bui Ja ein tok graut med skjeie og duppa i veska, mjøk, prim, øl, saft. Sume tok og grauten fyrst \[-og svelgte\], og saa veske til aa synke grauten Naa brukar ein skjii baade til graut og veske. Det er ikkje rum for mjølk paa ein tallik som er full av graut. Men naar ein vermer upp mjølk og legg i kaldgraut, saa øyser ein upp paa talikkar graut og mjølk ihop. Nei kaffedrikking har da vore ibruk lenge da, det var fyrst etter krigen at forandringi kom med kvar sin veskekopp 13: Det var sjeldan ein sette gryter eller pannar paa bordet. Um saa hende, saa hadde ein ein pannring av smijønn, eller kansje ein fjølende, eller og ein botn av klæber kunde finnast. Hadde ein handverkar, smed, skomakar skreddar, maatte dei hava betre kost og aat ved eit anna bord, saa og med till- felldige framande. \[side 3:\] 14: Ja, dette var fast skikk Til morgonverd (kl. 6. 7) var som oftes smør, ost, flatbrød. Flatbrød var baka av bygmjøl av korn midt i kasten. Kasta vart deld i tri: veggerand, som var til grautmjøl, gryn, malt og saa- korn. Midten av kasta var til brødkorn, flatbrød. Og bakenden, nærast agnerne var til dyrene. Grautmjølet heitte megjars- mjøl. Det heiter i visen: Moen gjekk aat kven, han bar ein paasaa i senn. Han gjekk saa titt med paasaa, at han vart sveit paa naasaa. Han ha nokk ei handkven sjøl; men ho gjorde ikkje \[\_megjarsmjøl\]. Grautmjølet skulle vera velmale, rund- male utan lange saaer. Med brødmjølet var det inkje saa nøie. Dei blanda det dessmeir. Det var ibruk mykje aa malte og aa brygge øl, serleg mot onnene hadde dei øl. Meisken blanda dei saa i baksten, det vart det namngjetne meiskebrød. Ofte tok dei ein neva rugmjøl attaat i knoa med meisk i. Meiskebrødet vart vellika. Flatbrødet vart lagd i heile leivar og sett i stabbe, mannshøge stabbar upp- baka paa storgardane um vaaren til su- marsbruk. Stundom braut dei leiven paa hella (takka) ein gong, vart da halvleivar. Og stundom braut dei halvleiven at ein gong, da vart det fjordungstykke brød. Brote slik kalla dei lefse, som var hendigt aa trive til ved utnisting. Naar dei aat tok karen til seg av brød- \[side 4:\] 14: korgi eit fjordungstykke eller ein halv leiv, braut av vidt som ein handflate, og paa dette klinte, smurde, han smør og lagde paa ost, mest gamalost, kansje potet og. Ogonpaa lagdes da eit stykke brød eller meir, alt etter som det var paaklint smør. Slik og med kjøt og flesk. Dette kalla dei aa gjera seg \[\_beta\]. Ved kjøtmat saa lagde dei paa baade kjøt og flesk, brukte det saman, dertil blod- pylse, kanske sådgraut, kokt av saad iblanda feitt. Og potet. Slik betagjer- ing var det alltid, naar det var suglmaal um morgon og tilnons. Kaffe hadde dei inkje. Men dei brukte mjølkesupe, og ofte syrsupe av surmysu. Dei brukte upp mykje mjølkesyre. Syrsupe ataat smør, ost og flatbrød um morgon var gjæv kost. Var gjerne finare mjøl i syrsupa, grynmjøl. Det vart mykje surmysu paa seteren um sumaren. Denne kløvja dei heim. Og naar dei kinna, saa tok dei saupet og av mysu og kokte ihop til surprim eller dravle. Primet tok dei heim til grautveske og dravlen til smør - og brød. Det vart lite mjølk heime um sumaren med berre ei eller tvo heimkyr. Saa skjøytte dei paa med prim, mysu og øl. Naar øle vart gamalt og hardt, var det naudsynt og blande det med mjølk, og dei blanda mysu og i mjølki. Mange gamle kallar, ja andre og trivst inkje med søt mjølk difor saa blanda dei i mysu. Dei freista faa flest med kyr til seters, for setersmøret var beste vendingi til kontanter. Soleis \[side 5:\] 14 var det ofte at husmenn og smaa- folk sende kyrne til seters, og passa paa ved kinningi aa faa kokt prim som dei fekk heim til grautveske. Blandstamp og mysublande var det paa kvar gard - sjaa pkt. 10 - Denne mysublan- da var god aa ta til i varmen. Klart, kaldt godt vatten med surmysu i var godt som øl til drikke. Soleis vart det brukt mykje mjølkesyre, og det seiest av kunnige at slik syre er helsug og motvirkar bakteria. Og flatbrød reinska tennene og betre for magen enn all denne kaku som er ibruk komen. Dei hadde stor buskap og slakta mykje. Det vart mykje brød og pylsor, og klubb. Klubb og feit, og klubb og aakostmat var god, metteleg mat. Aakostmat er ei jemning grynmjøl i mjølk ibrot feit, som dei duppa klubben i, saa og med feittet. Her var mykje rjupeskyttarar i forntia, som gjekk i fjellet all dagen. Dei vilde gjerne hava med seg klubb til niste, inkje var traustare aa bie paa, hadde dei funne ut. 15: Har aldri høyrt nokor meining um dette. 16: Likesaa. 17: Saa svert lenge er det nokk inkje sidan gaffelen kom ibruk. Og eg i heile min uppvokster brukte vi aldri gaffel. Det var uvant for folk, dei brukte heller fingri. Er saa enda med eldre folk. Gaffelen kom med tallikane etter krigen. Likesaa at betagjerin- vart burte og flattbrødet. Naa maular dei suglet. Ein klein skikk. 18: Nei tollekniv vart inkje brukt; men \[side 6:\] men mennene hadde masingskjeftige knivar som dei slog bladet inn i skaftet og bar i lumma. Elles saa var det heim- gjorte knivar, massingskaft og blad, som var til felles bruk og laag i bordskuffa eller i skeilaupen. 19: Ja. Ja, det var merke paa dei fleste skjeier. Somme, iser karfolk sette skjei og ofte kniv uppi ei veggerive. Elles saa var det skjeilaup, arbeid som grinder paa sidone. Skjeiene var av horn eller tre, ut- krota og fint arbeide. Vaske skjeine har vel vore brukt alltid med eindel av skjeiene, og iser for handverkare og framandfolk. 20: Bruken av tallerkener kom med krigen og den nye kosten slik for kvardags- folk. Før brukte ein flattbrød for sugl, og sams kopp for supmat eller skjei- mat. 21: Nei. Brukast inkje aalment naa heller. 22: Malt bord som vaskas for kvart maal. 23: Husmoren delte ut maten. Husfar og born fekk fyrst. Heitte aa \[\_byte\] ut maten. Det var det verst ei kone skulle gjera. Og unge konor paa 18, 20, kvidde seg fælt for dette. Ofte var det kansje ei eldre kone, stundom ein fyrestandar som tok arbeidet. Eller som dei kvad husmennene: Naa letter frem ved allmakts bud, han Ola Holm med i unge brud, og bjoda dei eit aa vera. Og fyrestandar maa ho han til ho vert 21 aar. 24: Det var suglet som vart delt. Inkje osten. \[side 7:\] Brød vart inkje delt ut inkje ost heller. Det hermest etter sogningen som kom upp her: Det var inkje mykje smør i Rusti; men eg klo ostar eg. 25: Nei det var gjort skil paa. Kvinnone fekk mindre enn menn. Budeier fekk meir. 26: Reint ujamt. Born er svoltne, vanske- legt aa dele, maatte vera far og mor. NB. Til dugurd kl. 11 og kvelds. kl. 9. var det berre skjeimat like inn i min ungdom. Det var graut eller poteter. Ofte saup delte ein hardt. Det hende ofte at gamle folk var heller lite til aa eta tidleg paa dagen (saa naa og) og da fekk dei tilovers sugl av morgonmaten, som dei da la tilsides og aat attpaa grauten ved dugurd. Elles saa var det god kost i min ungdom 1870/80. Far min sa ofte at vi hadde det godt baade i mat og kleder mot i hans tid. Han var fødd 1815 i hardaarom, med borke- kebrød og maasaagraut 27: Ja. Brødet var hardt. 28: Var almindeligt med bordbøn baade før og etter maten i bestefars tid. Enkelte, men det er faa, legger hendene sammen og ber ei stille bøn eller takkar. Det var husfaren stundom husmori som les for maten. Det er slut hermed før mi tid; men religiøse foreldre lærer sine born ei bordbøn som dei brukar utan at dei andre er med. Ja, der det er berre vaksne folk er det vist faa som minnas Gud, men gode foreldre vil gjerne borni skal minnast um skaparen. Ja det var vist verre naar det kom framonde folk. Eg var sjøl van med at foreldri lærte meg bordbøn som liten gut. \[i margen:\] Dei las gudsord og song um helgedagar, var 20/30 km til kyrkja. \[side 8:\] og seinare kneste dei ihop hendene og sa nok ei stille bøn. Men det veikna burt med aarom av borni. Tidsaandi bar imot. Som 19 aars ungdom kom eg paa skule hjaa Chrisopher Bruun og fekk mi lengt etter Kristendom fult og klarlagt. Det var aar 1885: I aari 1886 og 1887 og uti 1888 var eg i arbeid hjaa Bruun sumarstid, og las um vintrane. Eg var inne i ei sterk gjering. I 1891 kom eg heimatt og tok garden. Eg vart husfar, men inkje gift før i 1904. Eg hadde yngre sysken, ein gamal far og leigde folk. Eg hadde set og livt i Bruuns hus; der vart det lese fyre maten og takka etter. Det stemde med mit eige indre, og eg vilde inkje løyna mi Guds- tru, men bad høgt fyre maten og takka etter. Det kjendest uvant og iser med framande ved bordet i fyrstningen, men seinare fall manna-otten burt. Kona og den store barneflokken fekk denne vigslingi i heimen. 29: Ja, dei rødde ved bordet. Slik ogsaa naa. Før akta dei seg for husbondsfolket, naa er all age og vyrdnad blaase burt alle stader. 30: Ukjent her. 31: Ukjent her 32: Det var som oftest saa 33: Nei. 34: Vanleg helsing. 35: Det var ein gamal fast skikk, folk var saa haa-vare. Naar dei kom tilgards, saa gjekk dei inkje inn; men gav seg til ute inntil det kom ut nokon saa dei fekk bod etter den dei vilde tala med. Dette var skikk om dei var all- dri saa lystnad paa aa koma inn. Vart dei saa bedne inn var det gromt, da maatte dei hava \[side 9:\] traktement. Vart dei inkje bjode inn, var det teikn paa vanvyrdnad. Var det folk fraa grannegardar vart dei bedne med tilbords um inkje etingi var i siste liten. 36: Ja kjenningar og langvegsfarande. 37: Ja velvyrde folk maatte ein fara vel med. Dei held seg til slekningar og viste vel at dei fekk mat og seng hjaa slekt og kjennin- gar som var turvande dentid; naa er det faste stelle ein finn hus og mat um ein er paa ferd. Eller saa har bilane gjort ferdane saa greie at ein kjem inkje innum kjensfolk Dette er baade bra og gale, ein vert saa framand og ukjend med sine. 38: Langt ifraa. Dei hadde ingen kaffe, ikkje kjel dessmeir. Nei da hadde dei godt maltøl. Og kona gjekk i aurbudi og tappa i kanna, naar det kom velvyrde folk tilgard. Dei hadde lett for aa laga mat til gjestene. Dei laga soll av \[\_einsteikt brød\], og \[\_kokt geitmjølk\]. Betre mat kann ein inkje faa, og saa hadde dei godt, turt spekeflæs til ettemat. Raa geit- mjølk er usmakleg; men kokt er framifraa. Og saa hadde dei nokk ofte ei rumme- kolle der rummen var tjukk. Slik kost fær ein inkje lenger. Før nemt, var dei saa haa- vare i gamal tid. Kom born eller vaksne fraa grannelaget gjorde dei det snøgt: dei gav dei \[\_klining paa handi\]. Dei tok nok \[\_einsteiktbrød\] og klinte tjukk rumme paa, lagde gjerne paa ei lompe med smør ost paa kansje ei kakuskive eller rumbrød paaklint smør med ost. Dette skulle da etast upp. Men gjesten lagde det fraa seg halv- ete, um han var aldri saa huga paa det, da tok kona og braut det ihop. Det var merke paa \[side 10:\] at alt skulle etast. Ein maatte inkje legge att sin graae paa annanmans bord. Dei var gløgge soleis dei gamle. Ein vart lei den som kjem for ofte, heiter det. Har skrivi um \[\_einstei- kbrød før\]. Ja naa er kaffekjelen varm heile dagen like til sengetid. Ingen maa gaa att utan kaffe. 39: Framandfolk vert trakterte inne i stugu, stundom aleine, stundom saman med hus- faren. 40: Ja. 41: Ein let sjeldan framandfolk vera att einskilde saaleis. Det vilde vera uhøvisk. Mann eller kona, eller jenta, um gjesten er ei veninne, er tilstades og røder med den framande. Maa inkje vera nære bordet, og anse paa at gjesten fær seg mat. Det er nær slut med aa vera \[\_havar\]. Kan ofte gaa forvidt paa hi sida, iser med useda ungar. Alt er forandra paa femti aar. Naa er det gjestebodsmat for alle dagen lang. Aat einskilde er nær sagt ingenting godt nokk. Det trongst vel, vi vart ned-paa- laaga att. Eg kjenner meg \[-frand\] framand i desse verden.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste