Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_111_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_2_111_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Spm. 1. På vanlege gardar med hest, vart høyet køyrt inn. På husmannsplassar og småbruk utan hest vart det helst bori inn, anten i band eller på steng. (fl. av stong). – I reine utmarker er det slutt med av vinne. 60 år sia tok dei høy i vinno. Vi veit om at Lisbet-Hans vann høy oppmed Aurgjelom, og Turr-Per på Såmårkvilon. Denne siste hadde øyk utan å ha noko bruk. I vinnom på morkom var det berre dei som hadde eit lite bruk, som vann høy. Nokre gardar som hadde gruslendte øyar i stor-elvi, slo der. – Det hende at øykjelause folk drog heim frå ei seter dei hadde leigd. Dei drog på kjelke. Spm. 2. Til turkeplass, hes eller stekkje, har dei høyet i kjembor, når det var nære ved. Var det lenger unna t.d. 50 m bar dei det i reip eller rep. Sloe er ukjent her. Berarsvilken nytta dei til å bera i hop lauvkjerv i. Ein knyter saman toppendane og træder tjukkenden inn i lykkja. Om det er ukjent nå, er det nok truleg av svilk vart nytta når dei bar høy i vinnom. Ei høybør lagar ein ved å kjembe saman med riva og neppe inn lausstråi frå kantom, så det ikkje heng og lev, og blir spilt. I seinare tid kjenner ein ikkje høybering med anna enn reip, og da med helder(tjukk l). Reipenden blei knytt innpå heldri, så det blei lykkje å legge høyet i. Ein legg reipet slik at heldri er på andre sia av børi enn der beraren står. \[s. 2\] Når børi er stor nok, træder ein reiplykkja gjennom heldri og dreg åt. Så set beraren seg ned og stikk ein arm under kvar fotle og held lykkja i eine handi. Den andre handi stør han seg på marki med, så det blir lettare å reise seg opp. Han vrir seg fyrst opp på eine kneet, og så heilt opp. Lykkja ligg da helst på eine oksli. Det kunne nok hende ein tok ho over huva. Var dei to om å arbeide, kunne den eine hjelpe til å få børi på ryggen åt hin. I bratt lende laut ein vara seg når ein reiste seg med ei høybør, så ho ikkje tok overbikken, for da kunne det bera kant i kant med kar og bør. I bratton var det lettvint for ein god kar å få børi på ryggen, når han fyrst bøygde seg attover med ho og så gjorde eit raskt kast framover. – I utslåttre og vinnor var det sakte helst berre vaksne. Eg har ikkje høyrt om at born var med. Rep, – stutt vokal og einkel konsonant – vart nytta til å ha høy i til skogafor (når dei køyrde i skogen om vinteren.) Det var laga av vyu, eit vyu-rep. Det var bundi på lag som ei not, med vide maskor. Rundt botnen og overkanten var vione bunde til ein rundbøygd kjepp. Repet var lettvint å setja fram for øyken når dei kvilde. Løypestreng er ukjent her. Heller ikkje trill-bår veit eg om har vore nytta til høykøyring. To lause steng(er) har vore det vanlegaste å bera høy på. Det er nytta på somme setrar ennå. Born er for veike til å bera høy på steng. Halv-veksingar kan nok vera med når dei er trivne. – Eg har nok i eit tilfelle sett at det var slegi tvertre over stengene, eit framme og eit bak og med kross-stavar i millom, så dei ikkje gjevlast skakke. På slike steng(er) kan ein i bratt lende få med seg to bører. Ein lyfter da opp framme og dreg med bakendom av stengom etter marki. Alt dette brukast berre om sumaren Sp.m. 3. Seterhøyet og frå vinnom køyrde dei heim berre på vinterføre. I vinnom var det helst stekt på same måte som dei seinare har stekt \[s. 3\] lauv. Dei la eit tett underlag oppi ei vid kluft- bjørk og la høyet opp på det. Da var det fritt for feet som kunne fara der. I vinnor som det ikkje var bjørk i, sette dei høyet i stakk : på marki med eit godt underlag av vie eller eine. Etterpå vart stakken dekt godt med kvist av same slag. Dei gardane som hadde slått på ei øy, hadde helst ei forlyu der. Spm. 4. Nå er det vanlegast å nytte vogn med to hjul til høykøyring på gardom. I det siste er det komi i bruk høyvogn med fire hjul. Dei to fremste høyrer til skjækom og kallast forstilling. På brattlendte gardar, som i Bråtågrendi, er klingelslea mest nytta. Denne har to små hjul bakarst under sleden. Oftast har dei laus- skjæk(er) til å feste ei på kvar side av slean Bakarst er det gjerne ei grind : kjerre, så det blir lettare å lesse. Største tyngdi på lasset vart da bakarst. Når øyken drog, gjekk framenden av slean lite opp frå marki, så berre hjuli – klinglon – gjekk nedpå. Heile doningen kan vera ein meter brei. Millom meiom er det på lag 1 aln. Sleden har hynnor(høynno)\\ som ein annan slede. Ut-på enden av høynnom ligg ei skie langs med heile sleden på kvar side. Desse kallast høynn-skie. Det var to hol i dei, og vart festa attåt høynn\\a\\de med vyu. Stundom var det ikkje heil mei på klingelsleden. Fremst var det da eit par krokar (sjølvvoksne av bjørk) Sleden vart let- tare på den måten. På meikroken framantil var det ofte ein jønnskoning der han gjekk nedpå og sleitst mest. Her kjenner ein ikkje nemningi slea om ei høyvogn. \[s. 4\] Vi kjenner ikkje til at det har vori reglar for kvar ein kunne bruke slede til høykøyring. Nå nyttar dei same doning til høy – og lokøyring. Så vidt eg veit var det far som var den fyrste her i bygdi som laga grinder på høy- vogni. Det er 60 år sia. Spildron på dei grindom gjekk på langs. Dei var utstyrt med jønntappar som gjekk ned i jønnstykke med hol i som var nagla fast i kanten av vognbotn. Desse fyrste grindene gjekk innafor hjuli. På nyare høyvogner går hjuli utafor hjuli. Vogni blir da breiare. Og spildron på grindom går nå opp-ned. Det er kanskje 40 år sia slike tok til å koma i bruk. Det vart da fabrikk- gjorde vogner. På ein klingelslea gjørde dei lasset med høytong. Ho var gjort av ei ung kluftbjørk og såg slik ut: \[figur: teikning av bustbandteikning\] Tongbandet var ofte av bust (bustband). Bandet gjekk ned bakanfor lasset, vidare under sleden og opp att framantil, så ein kunne stå der og gjørde. Ein tok helst toget rundt baken så ein hadde heile tyngdi av kroppen til å hjelpe til. På vinterføre køyrde dei større lass enn på sumar- føre. Dei hadde da langslede som dei la eit par fjøler på til botn. Oftast ville dei vera fleire enn ein når dei lesste høylass om vinteren. Her i bygdi var det mest seterhøy dei tok på vinter føre, og da var dei som vanleg fleire. Vinterlasset laut dei trakke godt frå nedatil, så dei kunne få med seg mest mogleg med minst mogleg ruv. Når dei skulle gjørde lasset, la dei umlag \[s. 5\] langs siom og oppå \[-lasset\]. Likedan bakan- og framanfor lasset. Umlaget var helst av bjørk, men der det ikkje var godt om slik bjørk, kunne dei nytte rogn eller hegg eller vide. Umlaget skulle vera så langt som lasset, – ofte lite lenger – og ha mykje småkvister som dekte godt. Det var til å gjørde på og til å halde lasset saman og hindre at ein spilte høy. Til eit skikkeleg vinterlass skulle det vera 5 umlag på kvar side. Rundt lasset på sidom gjørde dei med minst 3 reip. Det var olreip. Når dei var to, nytta dei skruvreip til å få lasset fast. Dei stod da ein på kvar side av lasset. Han som hadde skruvreipet (lausreip) feste dette i heldri på rette reipet slik at det ikkje hindra det andre i å draga åt. Så tok dei reipenden rundt baken og la seg på med heile si tyngd samtidig. \[Notat: Dei laut «synge» når dei gjørde med skruvreip, så dei visste å leggje seg på likt.\] Når det reipet var gjørdt, tok ein att lausrei- pet, og så gjorde dei likedan med det neste. Over lasset hadde dei tong (same slag som nemnt før) med band som gjekk rundt lasset på langs. Dei gjørde til framantil. Eit vinterlass kunne vera 20-25 voger. (18 kg) På ferdturar, t.d. til byen vinterstid, trengde dei mykje for, og dei visste ikkje av sekkjer å ha høyet i. Da hadde dei ein korgslea. Frama’ og baka’ på sleden var det vyugrind på lag som ei side i eit rep. Eg er ikkje heilt viss på om det var kalla korgslea, men det ror slik i meg. – Stundom vart ein slik slede nytta til høykøyring sumarstid med. Spm. 5. Her var aldri bruka meir enn ein hest for eit høylass. Felles-slått er ukjent. Stundom var ein gard driven «på halvt.» \[s. 6\] D.v.s. eigaren og brukaren fekk kvar sin halvdel av avlingi. Da sette dei opp to og to like store høysåter bortover. Når dei da køyrde inn, fekk dei kvar si av såtom. Seterhøyet vart heimkøyrt når det vart snø nok til godt føre. Dei som høyrde til på same seter, eller på setrar med same veg, var da sam- stelte, så dei køyrde samtidig, og hjelptes åt med brøyting. Det vart anten straks føre jul eller etter jul. Så vidt kjent var det ingen fast til å avgjera tidi, og inga fast ordning med brøyting. Men dei skifte om å køyre føre, for det var tyngst for fyrste hesten. Dei som hadde høy i vinnor, drog det helst heim på kjelke på vinterføre. Spm. 6. Var det lang seterveg, måtte dei vera tidleg ute, når dei skulle vega til seterkøyring. På båe sidom åt jul er det stutt dag, og var det tung brøyting, hende det at dei laut overnatte på vegen. Det var nå berre i dei tilfelle vegen låg slik at det var hus å koma inn i. Helst ville dei koma tidleg fram, for på setri kunne det vera mangt å ordne når dei kom: snømoking for dørom, leite vatn åt seg og øykjom, elde opp huset, så dei ikkje fraus om natti. Hadde det vore slitsam brøyting, laut øykjen’ få kvile neste dag. Da lesste karane lassi ferdige, så dei kunne koma tidleg ut neste dag. Men det hende òg at dei kom ut i uver, og var glad dei kom seg heimatt med tome sleden.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste