Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bordskikk til hverdags
NEG_23_4871_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_23_4871_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ja. Det var gjerne både langbord og bordskive på kvart kjøkken for ein 40-50 år sidan. Ofte åt dei berre middagen ved langbordet og dei andre måla ved skiva. Var det lite folk på garden hende det dei åt alle måla ved skiva. 2: Alle åt same mat og til same tid her i bygdelaget. Men på dei største gardane nede i hugusoknet åt tenestefolk og sjølvefolk kvar for seg og kvar sin mat. Det vart namnt \[?\_4\] å bruke to \[\_bordhald\]. 6: Frå gamalt åt alle alltid på kjøkkenet her i bygda. På dei få storgardane der det vart nytta 2 bordhald, åt sjølvefolket i Kammerset. Etter at det vanleg med ei ‘’penstugu’’ på gardane, blir det gjerne ete der når det er framand- folk i huset. Tenestfolka et da alltid på kjøkkenet. 7: Husbonden sit gjerne ved eine smalenden av langbordet, og husmora nærast han på høgre langenden. 8: Nei. 9: Høgsætet. (uttalast her: hegsete.) Plassen er ikkje mar- kert onnorleis enn at det er den smalenden av lang- badet som støyter mot veggen. 11: Hendene vart nok ikkje vaska utan ein hadde vore borti seleg søylete arbeid. Mannfolka tok alltid lua av før dei sette seg til bords. Det var det grøvste brot på 12: god folkeskikk å ikkje gjera det. Graut og suppe vart ete av \[s. 2\] same fatet til for ein 40-50 år sidan. Ein hadde og felles mjølkekopp til grauten. Det var anten trefat eller leirspilkum. Når ein åt graut tok ein ein beta graut på skeia og duppa i mjølkekoppen. Den måten å eta graut på, serleg da vassgraut, er vanleg enda. Kaffedrikking var nok det som fyrst førde til nytting av kvar sin drikkekopp. 13: Steikepanna var det ikkje uvanleg å setja direkte på bordet på ein pannering, men det er ikkje kjent at det vart gjort med gryter. Suve (kjøtt, fisk, smør) vart alltid lagt mellom to stykker flatbrød. Det kallast \[\_å gjera seg beta\]. 15: Ja. 16: I kvardags lag drakk ein alltid av skåla, når kaffen var varm. Det nyttast enda av eldre folk. 17: Til kvardags bruk vart gaffelen ikkje vanleg brukt for ein 30-40 år sidan. 18: Mennene brukte ofte tollekniven ved bordet. Kvin- nene brukte vanlege bordknivar. 19: Det var vanleg at kvar hadde \[-sin skje\]. si skei. Skeiene var gjorde av tre eller bein (horn). Dei var ofte merkte med namn. Når ein var ferdig med å eta, vart skeiene vel sleikte eller tørka av på trøyerma og sett opp i veggesprunge eller i skeitreet, der det var slikt, oppe på veggen. Når ein tok til å vaske skeiene er ikkje så godt og seia, men det høyrer nok dette hun- dredåret til. 20: Kring 1900-talet tok ein etterkvart til å bruke steintytallerkar til kvardags. Ein gjekk frå felles mjølke- bolle over til at kvar fekk sin eige djupe tallerk istaden. Fellesfatet for graut vara lenger, enkellte stader heilt opp i 1920-åra. 21: Nei. Blir heller ikkje brukt i dag. 22: Helst måla bord ein vaskar. 23: Maten vart \[\_skifta\] av husmora. \[s. 3\] 24: Det var gjerne suvlet som vart skifta (smør, kjøtt og flesk.) 25: Maten vart skifta etter beste skjøn, slik at dei som gjekk i tungarbeid, og var mest svoltne fekk mest. 26: 6-7 år. Foreldra hjelpe gjerne dei minste borna. Når det mange barn hjelpte dei største syskina ofte dei mindre 27: Til ganske små \[?-bom\] born 1-2 år var det før ikkje sjeldan at dei vaksne tygde til dei. 28: Nei. 29: Helst ikkje for barna. 32: Ja. 33: Ein takka som regel ikkje for maten når ein ikkje var i lag eller hos framande. 34: Det med ‘’signe maten’’ er ukjent her. 35: Det hende, serleg når det var ein god kjenning, men ikkje alltid. 36: Ja, helst kaffe og kaker. 37: Ja. 38: Ja. Ein kokte helst kaffe til \[?kvargong\]. 39: Frå gamalt åt vistnok gjesten og på kjøkenet. Nå er det så ymse. Grannar blir ofte trakterte på kjøkenet. Meire sjeldne framand i stugua eller kammerset. Ein eller fleire av sjølvefolket et i lag med dei 40: Ja. Det kallast her å vera \[\_håvar\], og det var god skikk.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste