Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bordskikk til hverdags
NEG_23_4855_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_23_4855_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Dei sat ved bordet. I i alle stugur her var det langt bord. 2: Alle som høyrde huset til, sat ved same bord Slik er det ennå. 3 Alle sit ved same bord 4: Alle får same mat. 5 I den seinare tid er somme stugubygnader ombygde, så det er vorte serskilt kjøken og stugu. Men på gardom er likevel kjøkenet alltid så stort at dei et der til dagleg. I nye hus for folk som ikkje har gard, - villaer - er nok kjøkenet mindre, men der med er det vanleg at dei et på kjøkenet til dagleg. 6: Når det er framandfolk, - gjester -, er det serskilt matstell for desse. I dei gamle stuguom sit dei ved langbordet. I dei nyare er det i serskilt rom. Husbonden er da gjerne med ved bordet. Husmora er det helst som vartar opp. 7: Det var og er vanleg at alle har sin faste plass ved bordet. Før var dette serleg strengt påhalde. Husbonden i "hægsætet", husmora fremst på benken \[side 2:\] framafor bordet - nærast hægsætet -, og andre kvinner ned over benken. Innanfor bordet, - ved veggen -. sat tenestkaren eller -karane, og sønene på garden nedover vidare. Eldre søner kunne nok sitja øvst, og tenestkaren lenger nede. Var det handverkarar på garden, slike som berre var eit bil på garden, sat nærast hægsætet. 8: Her kjenner ein ikkje skikken at borna sto ved bordet 9: Der bordet står på den gamle måten, heiter husbondens plass \[\_hægsætet\]. 10: Heidersplassen skal vera ved enden av bordet. Ved festar og større lag kan det vera serskilt ordning av plassane ved bordet, men ikkje etter fast oppskrift. 11: Det var ikkje vanleg at dei vaska hendene før måltidet, minder dei var serleg ureine etter arbeidet, som ved slakting, møkkøyring, jordarbeid o.l. Nå er nok folk meir nøye på slikt, men det er ikkje gjennomført at dei vaskar seg før maten. Det er mykje etter som arbeidet er. Stygge, ureine hender går ikkje folk til bords med. Det har alltid vore skikken å ta av seg lua ved bordet. Det kunne hende at smågutar gløymde seg. Men da sa dei vaksne at maten kom att i lua. Dei tok lua av guten og stilte ein matbite oppi ho, så han fekk sjå det var sant. 12: Til rundt 100-årsskiftet var det mest vanleg at alle åt av same fatet (supmat, graut, grautveske - alt som kallast speimat.) Veska var i \[\_veskefatet\]. Når kvar har sin; heiter det \[\_veskekopp\]. Det har vore - og er - skikken at ein tek \[side 3:\] ein grautbite på skeia og duppar ned i veskekoppen så skeia blir full. Somme tek nok ein sup av veska for kvar grautbite i staden. Det er ikkje vanleg at ein slår veska opp i grautkoppen når det er vassgraut (graut av vatn og byggmjøl). Er det havregraut, gjer nok mange det slik. Kaffen var nok longe sia i bruk da kvar fekk sin veskekopp. 13: Gryta vart ikkje sett på bordet i eit vanleg husstell. Det var ikkje halde for god skikk. (Lat husmor). Steikepanna derimot vart sett på bordet. Dei hadde panneringar av ymse slag: Av jønn med tri stettar, ei\[-n\] trefjøl med skaft: \[Figur: teikning\], eller ein \[-eller ein\] kunstferdig tillaga pannering av tre. Det var mange smådelar som var smetta inn i kvarandre, så det til sist vart ein ring av det. Kvart stykke var slikt. \[Figur: teikning av trebitane ovanfrå og frå sida\] Det var ikkje vanleg at ein tilfeldig gjest var med ved bordet til kvardags. Han fekk serskilt oppvartning, og det var duk på på bordet. 14: Det var skikken. - og er det for det meste ennå - at dei lagar seg \[\_bæta\]. Brødet er flatbrød. Dei tok eit stykke, gjerne så stort som ei handflate, legg suglet på dette og legg eit liknande stykke over, eller bryt det halve av og legg over. Med mjukt brød legg dei suglet på halve delen av stykket og brettar den andre halvdelen over eller rullar det ihop til ein rull. Det ein legg på brødet, kallar dei sugl. \[side 4:\] Er suglet smør, blei dette smurt over heile brødstykket før dei brettar eller rullar ihop. 15: Det er det vanlege å ta sukkerbitar i munnen til kaffen. 16: Mange drikk ennå kaffe av skåla. Men det blir mindre brukt etter kvart. Det er ikkje halde for god skikk lenger. 17 Gaffelen kom ikkje i bruk til vanlege måltider jamt over før førti-femti år sia. Ein brukte kniven og fingrane. Elles var gaffelen i bruk ved festlege lag og høgtider lenge før. 18: Ein må gå lenger attende enn til det nokon kan hugse nå, til den tid mennene bruka toll- kniven ved bordet. Det eldste vi som lever nå, veit om, var noko serskilt laga fallekniven Skaftet var gjørtlararbeid med gamle ornament, (mest laga i Fåberg) og bladet var breiare mot enden. Somme av desse knivane hadde eit hol i enden av skaftet, så han med ein serskilt krok kunne festast i knivbeltet. Denne kniven bar dei da på seg. Kvinnene kunne og ha slike matknivar. Ved bordet kunne dei låne knivar av kvarandre - bruke ihop. 19: Kvar hadde si skei. Før var det oftast treskeier, og det var kveldseto-arbeid å spikke treskeier. Dei var av bjørk eller osp, stundom utskorne i skaftet, og med bokstavane eller merket til eigaren. Det var og skeimakarar som fôr ikring og selde treskeier. Eg hugsar serskilt ein som gjekk rundt med treskeier. Desse var utpynta: blomar innrissa med kniv. På baksia av skeibladet var ein hane. Dei var gyllent brune av ferniss. Hornskeier - av kuhorn - var og vanlege. Seinar er det berre skeier \[side 5:\] av metall. Fyrst var det jønnskeier, fortinna, Seinare av aluminium, alpakka. Nå rustfritt stål. Sylvskeier, som det var ein del av på alle gardar, var berre brukt til høgtids og i lag. Skeiene - og seinare knivane - sette karane frå seg i ei lod på veggen over bordet. Stundom hadde kvar si lod, stundom ei lod for fleire. Dei turka skeiene i handflaten, sleikte dei godt, eller strauk dei på ålbogen før dei sette dei opp i lodi. Kvinnene hadde ein skeilaup til si matambod. Då skeiene tok til å bli vaska for kvart måltid -50-60 år sia - hadde dei alle i skeilaupen. 20: Det var rundt 100-årsskiftet eller noko før at det store umskiftet i matstellet kom Slik med tallerkenar. Før var det trefat til maten. Og tretallerkener. Men dei var ikkje noko større bruka til kvardags. Til kjøtmat, fisk og likn. tok dei eit flatbrødstykke i staden for tallerk. Maten skar dei da opp på brødstykket, kvar for seg. Varme poteter var og med. Til slut åt dei brødstykket som suglet var lagt på. Kjøtet, flesket, fisken eller kva det var, vart sett fram i eit fat, som alle fekk forsyne seg av, eller det var sendt rundt. Det var helst med ei skei eller ein gaffel til å ta stykkene med. Maten var da skoren opp i passelege stykke. Lenger attende tok dei stykka med fingra frå fatet. 21: Bordduk var ikkje bruka anna enn ved høgtider og lag. Bordet var kvitskura, og vaska eller turka av for kvart måltid. 22: Mange brukar nå voksduk til kvardags. Kanskje dei aller fleste. Denne får ligge på bordet millom måltida. Ofte er han festa \[side 6:\] til underkanten av bord\[-skiva\]plata så han ligg fast. Somme brukar nok måla bord, men kvitskura bord til kvardags er sakte ikkje i bruk lenger. Det krev for mykje arbeid. Dei fyrste voksdukane kom hit med svenskar som for rundt og kjøpte gamle saker \[-til\] for Hazelius. Dei hadde med seg rosefarga voksdukar. Dette var nytt og rart, og så fekk dei bytt til seg gamal bondekunst mot slike. Det var i 1890-årom. 23: Så lenge eg hugsar, fekk alle forsyne seg sjølve heime hjå oss. (ikring 1890) Somme stader var nok maten delt ut ennå (dei \[\_bytte på\]) 24: Det var helst kjøt og flesk som var på-bytt. Brød - alltid flatbrød - var ikkje bytt på her på gardom. Smør og ost var heller ikkje bytt på. Ei herme: I Gudbrandsdalen byter dei på kjøtet og let folk eta brød som dei vil. I Øysterdalen byter dei på brødet og let folk eta kjøt som dei vil. 25: Husmora sto for utdelinga, og ho kunne vera romhendt eller knipen etter som hennar lag var. Ei herme: Det kom ei ungkjering til bygda. Ho var frå ein storgard på Vågå, og der var dei kjende for å vera knipne i matvegen. Ein velkjefta bygdakar såg detta framande kvinn- folket og spurde kem detta var. Han fekk vita det. Då sa han: "Eg kan skjøne ho er frå Vågå, der døm har høge bord og låge benkjer og store fat med lite 'ti, ho er så forbanna langhalsa". Karar i tungt arbeid, t.d. åkerbrotarar, fekk større porsjonar. Det kunne og gå for seg slik at om nokon, t.d. ei kvinne, fekk meir \[side 7:\] enn ho trengde, kunne ho la ein annan, som trengde meir, få det ho fekk til overs. 26: Barna kunne vera 5-7 år når dei fekk greie seg sjølve ved bordet. Det er helst mor og far som hjelper dei små med maten, eller eit eldre sysken, etter som det høver. 27: Eg hugsar det var togge til små born som ikkje hadde tenner. 28: Før var det mange som las for maten. Det var halde for god bordskikk. Stundom gjorde husfaren det, stundom eit av borna. Vanleg var det at alle la hendene saman og bad sakte kvar for seg, før og etter maten. Vanleg: Før maten: Jessu namn. Etter maten: Gu' skje lov og takk for maten. Maten var så mykje for dei gamle at alle skulle syne vørnad ved bordet. Det var ikkje god skikk å ta til før husfaren hadde gjort det. Om nokon tok til å eta utan å lesa for maten sa dei: han går til matfatet som grisen. Ennå er det halde for god skikk å legge hendene saman før maten. Men ikkje ved kaffe- bordet. Eg kjenner ikkje til at det blir lese høgt lenger. Nokor tid for dette skiftet kan ikkje fastsetjast. Det har vore så ulikt på dei ymse gardar. Somme foreldre vil at borna skal lære god bordskikk og fara sømmeleg ved bordet, og det blir dei innprenta. 29: Eg kjenner ikkje til at det var halde for låk bordskikk å tala ved bordet. Tvert i mot. Det var stusleg ved eit bord der ingen sa noko. Og bra var det om husfaren og husmora tala. 30: Det var ikkje bra om nokon log ved bordet. 31: Å synge ved bordet - til kvardags - var ingen god skikk. \[side 8:\] 32: Helst skulle ingen gå frå bordet før alle var ferdige. Eit unnatak var det for husmora som stelte med maten. 33: Det er nå mange som seier takk for maten (ikkje til nokon serskilt) men vanleg er det nok ikkje. 34: Ein framand som kom inn under måltidet, sa: \[\_signe maten\]. Dette er bruka nå med. 35: Det har ikkje vore skikk å be den framande vera med ved bordet når han kom inn under måltidet. 36: Ein kjenning som kom, skulle det stellast til mat for. Men ikkje for ukjente 37: Det vart serskilt stell for ein tilfeldig gjest. Det er likedan nå. Men nå er det helst kaffe som blir gjeve den framande. Alltid duk på bordet da. 38: Alle kjente som kom eller kjem inn, skal ha traktering, kva tid på dagen det er. Kaffe vanleg. Eller mjølk, med kaker. Kjelen står ikkje ferdig, men med elektrisk kokeplate er det fort å få kaffen ferdig. - Noko nytt er det at så mange sluttar å bruke fløyte i kaffen. 39: Den framande skulle sitja i stugu'n. Nokon av husens folk skal helst vera med han. Men ikkje husmora. Han kan og sitja åleine. 40: Ein gjest blir alltid beden fleire gonger - forsyne seg. Og det er nok beste skikken å la seg beda. 41: Det er ikkje om å gjera at nokon skal vera ved bordet og halde gjesten med samtale med' han sit ved bordet. Husmora - eller den som steller - staggar gjerne i blant og talar med gjesten.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste