Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_10127_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_18_10127_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Joletre er nå vorte ålmend bruka i kvar heim der det er onger. Den fyrste joletrefest eg veit om her, vart halde på skolen i nere Brekkom i trettenhelgen 1888. Treet stod på golvet og rokk op til taket i den gamle låge skuletova. Det var vel leraren, Ulsaker, som hadde skipa til festen, og ellest var ei lærarinne og nokon av skuletilsynet med og hjelpte til. Treet var pynta med ljos, festa med ljosklyper, og papirkorger, glitter og - bomuld Det var sjølvsagt fullt hus, av både av vaksne og unger. So vitt eg hugser var inngangspengane 25 ører, og dei vaksne vart traktert med kaffe og julekaker. Me unger fekk mjølk attåt julekaka. Og so vart det skipa 3 ringar av ungerne, dei minste i innersteringen, og dei gjekk da rundt treet og song dei gamle kjennte sangar. Res. kap. hjå prost \[?Hansen\], \[?Mogelsen\] som seinare var prost i Oslo var ledar av festen. Han heldt tale og leida sangen, og greidde med \[\_utlodning\] av ein del småting, som ungane trekde lodd om. Likaste tingen som vart lodda bort var ein \[?klæsbørste\] som kosta 40 øre. Alt det andre var ting til en verdi av 10 øre – så som blyanter o.a. Frå gamalt var her støtt brukeleg å pynte op i \[s. 2\] stuen med granbar i hjørnene og småhakket gran- bar på golvet. Småhakket einer var og brukt på golvet, men det var ikkje ofte godt å finne den om vinteren. Men om somaren brukte dei støtt å rispe einer og strå over golvet til kvar einaste helg. Frå sist i 90 årom, etter at Jønbanna ferdig opover Gullbrannsdalen, vart det meir ålment med juletre Det var på skulane \[?\], fyst og fremst. Treet var støtt ei granbuske og pynten vart etterkvart rikelegare. Treet sto på golvet og rokk op i taket. Når den andre pynten var påhengt epler og appelsiner, som ut på kvellen vart dekt ut til ungene. Juletrefestene på skulen vert støtt halde i småjulen, ein helgedagskveld millom juledagane og trettenhelgen.(6 jan.) og nå helst på lokalet. Der det er eit lag \[?elder\] ei \[?eller\] annan ‘’forening’’, bruker dei å ha fest kvar sin kveld, såleis at dei alle kan bruke samme treet, men dei har gjenast kvar sin pynt. For skulen er det gjenast tilsynet som skipar til festen, og læraren og lærarinna, som leidar. ‘’Forennger’’ og lag har gjenast ein vald ‘’festkomite’’ til å ordne op. I heimane, alle stader der det er unger, brukar dei no å ha juletre. Det er far, som går i skogen og finner treet og det er mor som pynter det. Men der det er større jenter i huset, er nok ikkje mor betrodd en så vigtig og høitideleg opgåve. Det skal jentan gjera sjølve. Størrelsen på juletreet rettar seg noko efter kor stort rom det er i huset, elder kor mange onger det er som skal gledas, og etter korleis utkomma er da, sjølvsagt. Ljosa på treet vert tennt julekvellen og ellest dei andre helgedaskveldane i jula helst til trettenkvelden, og da går alle i huset rundt treet og syng julesalmer og - sanger, og ikkje minst fedrelandssangen både på nynork og bokmål. Det er ikkje noko bestemt tid når treet skal ‘’høstes’’ Der det er fleire unger i i huset vert dette nok gjort etterkvart. Som nemt er her støtt brukt gran til juletre. Var-er- \[s. 3\] treet berre lite – fra 60-80cm. vert det sett enten på stugu- bordet, eller på eit lite bord frampå golvet. Treet lyt da ha fot, helst eit trekors. Ein liten trekubbe, som det er bora hol i, er og ofte brukt til fot for slike små tre. Større tre, frå 1-1.5 m. står altid på golvet med eit større trekors til fot. Juletreet står altid til over trettenhelga, da det frå gamalt hev vore skik å rekne for helg kvar efta frå kl. 3 kvar dag dei 14 dagane dei rekna som jul. Ja, enda til Tjugendedagen var det mange gamle som heldt jul. Det var støtt brukele i gamle dage å kjøre heimmom lass med onge friste bartrær, gran eller furu, som var reist opp ved småkrøtterhuset, til beit for sau og gjeit. Ofte var reist non bukser ved \[?\] for å pynte op, og fresk bar lagt ved døra og på dørhella, og som nevnt småhakka bar på stovegolvet. Halm på golvet har ein ikkje høyrt om har vore brukt nokon gong her. Halmen var brukbar som for til kua om kvardagen ; nå i julen laut kua sleppe å eta han. I det heile laut dyra i gamall tid ha ekstra godt stell, dei likeså vel som folket. Og dei gamle truer om \[?\], hulder, nisser og trold, som var på ferde i julen skulde havt ein serskilt epistel.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste