Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_6939_Ro_Suldal, Sand
Transkripsjon av filen #NEG_18_6939_Ro_Suldal, Sand
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: I Sand vanleg alt i 1911 (då vi flytte dit frå Suldal). I Bråtveit i Suldal var heimen min den fyrste som hadde juletre (ein stor einer) – i 1910. 2: Sjå under 1. 3: Nei. \[-4.\] 6: I heimane 1-2 m, på skulefestar opp til 3 m. 7: Med heimelaga papir- og kongle-stas, kjøp\[-t\]epynt (kuler, spjut o. l.) og lys. – Då vi budde i Bråtveit, laga mor all stasen. Ho støypte også lysa til treet (dessutan eit stort «Helligtrekongers-lys» til å setja på bordet). 8: Dei vaksne, helst mor. 9: På krakk, midt på golvet. 10: Julaftan, og stundom elles i jula. 11: Songar og salmer – serleg «Her kommer dine arme små», «Et barn er født», «O jul med din glede», «Glade jul», «Eg er så glad kvar julekveld», «Sæle jolekveld», «Kimer\[-,\], i klokker», ««Eg elskar deg, jol», «No koma Guds englar». 12: Vanleg til ut i januar. 14: Helst furu (i Bråtveit nytta vi einer). 16: Nei. Julehalm 1 Ja. I Bråtveit breidde far og mor halm på golvet i stor- stova, så det vart ei «flatseng». På den senga låg alle – foreldre, born, dreng og taus – julenatta. (Samstundes brann det store «Helligtrekonger-lyset» på bordet i same stova; på bordet stod og eit fat med julegraut, og om det fortalde mor meg seinare at dersom nokon av husens folk vakna om natta og kjende seg svolten, så skulle han kunne ta til seg av grauten). \[s. 2\] Muntlige tillegg: Sengene var tomme til de underjordiske. I Bråtveit hadde de juletre og etter de hadde gått rundt og sunget ble julehalmen bedt ut.Det var i 1909. Flyttet 1910 etter jul til Sand.Der \[-slu\] hadde de ikke lenger julehalm. Sand var «by»,vanskelig å skaffe halm, huset var annerledes ,måtte i tilfelle ha halmen i den gode stuen. Kl.5 juleaften gikk faren de voksne tjenere ogbarna ut for å høre kirkeklokkene, som ringet julen inn,og som ikke ble hørt på gården.Såsnart faren hørte dem skjøt han julen inn. Så gikk de i rekkefølge inn i huset, faren først så tjenerne,kraen først,tilsist barna og husmoren tok imot dem, det kallte de«å bære inn julen». Alle måtte ha noe nytt juleaften ellers måtte den som ikke hadde noe nytt 1) sitte på bakerovnen eller 2) bera verahodne. 1910-14 i Sand hadde en myk sirupskake ca.20 cam stor som de kalt for julegeit. \[figur: teikning av julegeit i margen\] Bestefaren fortalte at de i hans ungdom red på hester gjennom Bråtveit og red inn i stuen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste