Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_100_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_2_100_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Det er vel inga bygd i Rogaland ein har "slie" så mykje i heiane og liane som i Suldal. Her er heiar på alle kantar, og mykje god slått i heiane, og i liane med Det har minka av med heiaslåtten nå dei siste åra, sidan det er så vanskeleg å få leige folk. Men i kvervane Kvilldal, Bråtveit, Hamrabø, Litlehamar og Bleskestad er det ennå vanleg å vere 2-3 veker i heio på slått. Alle desse hvervane ligg kring Suldals- vatnet, altså i øvre luten av bygda. I nedre luten av bygda er det heilt slutt med både heieslått og lieslått. Men alt at ikring 1900 var det ålment med slått både i hei og li. Og \[side 2:\] det gjekk gjetord av ein god slåttekar. Det galdt om "å passa" ljåen - akte seg for stein og anna som kunne skjemme ljåen. Knut Smeavikjo i Brå- tveit var namgjeten slåtte- kar. Han var husmann. Men ein sumar tente han på Vetrhus. Det var før han sette seg til i Smea- vikjo. Då slo han ei heil veke med same ljåen - og raka seg med ljåen då laurdagen kom! Knut for til Amerika med hus- lyden sin i 1860-åra. Sume slåttekarar var i vande med å få ljåen til å bite i finnbak- kane. Eller rettare dei var i vande med finngraset. Det kan vere seigt ein solskinsdag. - To slåttekarar på Bråtveit blir i vande. ein gong. Sol dag etter dag. Og ein dag laut dei gje opp, får me seie. Då husbonden kom inn og vilde sjå om dei, sat den eine i bakken og skar av finntustane med tollekniven. Og den andre sat gret! Dette var før 1850-åra \[side 3:\] Dei brukte tynsle- ljår, dei gamle. Dei hamra fyrst ljåen ut på smedje- steet. Sidan heina dei ljåen, og sist på kvatte dei han, med vanleg kvatstein. Kvatsteinane fekk dei frå Telemark, frå Eidsborg. Det var og teledøler som lærde suldølene å slipe ljåen. Det var i 1830-åra slipe- steinen kom i bruk i Suldal. Fyrst i Kvilldal, på Bakka-gardane. Bestefar min, Mikkel Olson Veka, bruka tynsleljå all si tid. Han døydde 1872. Og han var ein med dei siste som held på tynsleljåen. --- Den eldste måten å transpotere høyet heim er tvillaust \[\_sløinga\]. Ein laga ein slede just som av lange bjørkegreiner. Eller ein tok heile bjørka når det var høveleg lengd på ho - 3-4 meter. Så fengde ein høyet i børar. Og la ei eller to børar på sloen, dei sa, og seier. Det er \[side 4:\] ennå dei som slør høyet. T.d. i Bråtveit. I 1860-åra kom den fyrste løypestren- gen. I Kvilldal. Det var nokre bønder som slo seg saman om ein streng der. Den strengen var næmast det ein nå kallar ein veier. Han var lagd saman av fleire stren- ger. Nå er alle strengene her heile strenger. Då strengene kom blei det vanleg - å ha høyet i \[\_rådder\]. Dei ser ut som ein stormaska håv, og rømer ei bør høy. Dei blei bundne på same gjerd som ein bind eit fiskegarn. På gardane køyrde ein høyet heim med hest, før ein fekk stenger - på dei stader ein kunne fare med hest og slede då. Men husmenner slødde høyet. Eller dei drog høyet heim sjølve på kjelke. - Var det bratte bakkar, så "resta" dei, som dei sa. Dei feste ein vidje- binding kring eine meien. Nå dei siste åra, frå 1910 omlag, har dei brukt som rest - smekker kjettng. \[side 5:\] Det er gamalt med høy\[\_stakkar\] i Suldal. Og den bergingsmåten er nytta enna t.d. i Bråtveit. Husmennene hadde ofte berre stakkslåtter. Og dei var det \[-var det\] mange av i Suldal, sers frå 1820- åra og fram til 1860-åra - då utvandringa til Amerika tok til. Eg har talt til 123 husmannsplass som nå ligg øyde. Når ein sku stekkje, sette ein fyrst opp stakk- stonger. På heieslåttene laut ein bere stakkstong med seg frå næraste skogen. Stonga berkte ein godt, så ho blei glatt. Høyet måtte få sige godt saman i stak- ken, må vite - og ikkje hengje seg fast i kvist- stubbane på stonga. Så la ein fengje på fengje rundt stonga. Ein brukte ofte ei rive som var større enn dei vanlege rake- rivene til dette. Ein mann stod i stakken og trødde til. Sers var det om å gjere å trø godt ut inn- med stonga, så ikkje væta fekk sige ned langs- \[side 6:\] med stonga. Det var ofte husbonden sjølv som stod i stakken. Det gjekk van- leg 12-15 børar i ein stakk. Øvst på stakken la dei ofte ei stor lorve - stakk ho gjerne ned på stonga Det livde og for regn og væte. Etterpa kjemde ein stakken. - Den vanlege forma på høystakkane var, og er. \[Figur: teikning av høystakk\] Ein sette og ofte eit risgjerde kring stak-ken, så ikkje stor-krøtera skulle koma innåt og rive han sund. Frå 1870-åra blir det bygt meir løer, og nå minka det meir med stakkane. Løene er oftast bygde av fure- stokkar, men òg av bjørk og osp. Eg har sett løer av osp, og bjørk frå siste luten av 1700-talet. Når ein berre held taka ved lag, kan ein løe stå eitpar hundre år her i den turre fjelllufta. Ein brukte jamt næver og tak til take. Og brake til torvalskrokar. Og jamt fure til torval òg. - helst med al i, \[?tøre\] altså. \[side 7:\] Og brukar dei hest som var det dragsleden. Seinare fekk ein hjul- sledar, med grindar kring. Ein vanleg dragslede var 2-2,5 m. lang. Og 70-80 sm. breid med bjørke- eller askemeier. Desse meiane var lagde oppå "dråjå". Ein vanleg meia- sled har dråga fest til meiane ved ei tverrstong. - øvst oppe i "bøie" på meiane. På "meiasleane" var alltid meiane opp- hygde framme som på skia. Men dragsleden hadde beine meiar, og måtte difor leggjast oppi - dråjå - skulle han kje "ta ne'i" på ein steinut veg. Meiasledane brukte ein berre på snø-føret. Dragsledane berre i "tåkko". Meiane på vintersleden, meiasleden hadde alltid sjølvvakse bøye. Ein hadde kje jarn skoning under meiasle'ane før. Det kom i bruk kring 1890: Nå er det ålment. \[side 8:\] I ein høybør reknar ein 4-5 fengjer. I eit lass - or heia - 3-4 børar. Børetòget var jamt av lindebast. Men "kneppe"- tòget til å feste høylasset - var reip, - av kyr- og stuteskinn. Hegla var jamt av brake eller eik. Når ein ber ei høy- bør, har ein jamt toget over akslene, og - alltid ein til - å "hjelpa seg opp" med børa. Hjelpesmanne står attom børa jamt. Dette med å ha høyet i rådder, er frå 1880- åra. Rådda er bunden som eit grovmaska garn, med morkar på 6-8 sm, og er helst av hamp. Det vanlege var å bera høyet i hus heime. Alt til for 10-15 år sidan kunne ein sjå bønder i Suldal, - då visst i kvervane langsmed Suldalsvatnet, som bar alt sitt - og let hestane gå på beite i heia med sumaren. Hestane hadde dei då berre til å kløvje med frå og til stølen.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste