Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_4147_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_18_4147_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja, dei fleste hadde joletre heilt frå det fyrste \[-eg\] eg minnest, frå 1890 minnest eg at dei hadde joletre anfares i Lidagardane. 2: Eg har ein tokk av at skikken ikkje var så svært gamal på Voss. Han Olav Bjørgum (f. 1861) , adr. Voss, vil kunna fortelja om dei hadde joletre på Bjørgum då han var liten. Eg har gløymt kva ho mor fortalde om det. 3:I kyrkja hadde dei ikkje joletre. Den fyrste joletre- festen utanfor heimen eg minnest om, var i Renesskule- stova, ei lita skulestova som stod oppe under Vikes- hovden. Det må ha vore i 1890 tenkjer eg. Me gjekk rundt treet i tre ringar og song jolesongar. Men det som eg minnest best, og som eg ser for meg enno, var ein episode utpå kvelden då det tok til å verta kove- leg varmt i skulestova. Då skulle læraren, han Oddu Grønlien, trekkja frå spjeldet i ein slup opp igjennom lemmen. Då buste det ei spryta med sagamo nedover han. "Å desse stygge gutane" sa han. I 1891 bygde dei nytt skulehus i Palmafossen, og Renesskulestova vart flytt til Ronves. I Palmafossen hadde me joletre kvar jol. I Ungdomsforeningen, der eg var med frå 1900, hadde dei og joletrefest med joletre. Det var på Vangen. 4: Ikkje serskild pynt i stova, pynten var\[-v\] på treet. 5: sjå 4. 6: Heime nådde treet i taket, og var fest i ein bete der. I skulehuset gjekk det òg i taket. I Vonheim, huset til Ungdomsforeningen, var det 4 - 5 meter, men nådde ikkje i taket. 7: Det er mykje pynt, papirkorger, band og glitter, kuler og stjerner. Eple\[-r\] hengde me på det og ymse slag bak- \[s. 2\] verk som me kjøpte på Vangen, slikt som kransar og kring- ler og kakemenn og kakekoner. Jolestasen hadde ho mor ståande i ei øsja i kastedraget på lemmen frå jol til jol. Jole- lysa støypte me sjølve og sette dei i metallklyper. Det kunne vera 6 - 8 lys på treet heime, mange, mange gonger fleire i skulen og i Ungdomsforeningen, i Nain og andre forsamlings- hus på Vangen som det var jolefestar i. 8: Fyrst eg minnest var det ho mor som pynta treet, men etter kvart var me borna med på det. Då eldste syskini mine vart store, var det helst jentene som pynta treet. Me gutane var med å klypte til og fletta korger og an- nam stas, og var til stades heile tida. 9: Treet stod midt på golvet. 10: Om jolekvelden kveikte me joleljosa når dei var ferdige me stjornet og var komne inn or floren. Det kunne vera så i 6-tida. Så var det stell med jolegåver, og så var det ei togn medan kvennfolket var i floren og mjølka. Etterpå kveikte me ljosa att. Sidan i jola kveikte me dei av og til, det var nok kvar dag det. 11: Me gjekk i ring rundt treet, heldt eiannan i hendene og song jolesongar. Når me hadde songe 2 - 3 vers, snudde me og gjekk hin vegen for at me ikkje skulle verta ørne. Me song salmar og songar: Jeg er så glad hver julekveld. O jul med din glede. Glade jul, og ymse andre. Det var kje nynorske songar det fyrste eg minnest. 12: Heime stod treet fjorten dagar omtrent. Det vart sett ut når nålene tok til å ryngja. 13: Me hausta ikkje treet. Epla hekk mest til pynt, men både dei og kakestasen vart teken og eten når det leid ut i jola. 14: Det var alltid gran. Berre ein gong hadde me fure \[-til\] til joletre heime, det kunne vel vera ikring 1898 eller så. Då hadde han far sett på at det stod så fine furer oppe i solhaug, og så tok han ei av dei. Men me gjorde det ikkje oppatt, det var liksom litt mindre helg med ei fure i stova. 15: Me kjende ikkje noko anna joletre enn det naturlege treet. 16: Jolebandet vart sett på ein staur. 1, 2, 3, 4) Halm hadde me ikkje inne i stova på golvet. Dette er såleis som eg minnest det heime på Lid i 1890-åra. Oslo 23. mars 1950 Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste