Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_91_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_2_91_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Bruktes forskjellige maater paa smaa og store bruk? - Nei, same framgangsmaate Slaatt i utmarken? Ja før i tiden. Gikk av bruk sume stader ca 1860-1870. Har utmarkslaatten halde seg lenger paa mindre bruk? Ja, men vart slut ca. 1910. Seinar saa vart det slik, at dei som sat i ei stova utan jord leigde seg utslaatter som elles inkje vart onna, for aa kunna føde ku. Dei som inkje eigde hest, drog heim paa kjølkje eller leigde seg hest. 2: Transport til stakklyu eller turkeplass? Drog paa \[\_sloe\], da det alltid er brattlendt. Anna er ukjennt. Kunnde draga 100-150 kg. Kallast aa "sløe ned høyet". Lesser paa fraa framme og jamt bakover i same høgd. Svilk (svolk) vart stundom brukt aat ungar som vilde endeleg vera med aa bera. Svilken var gjord av tvo bjørkekvistar og knytt saman i riset. Den eine grovenden maatte hava ei kluft, som den andre grovenden var smett inni. - Høybøren lages ved at ein kjember med riven, ei kjembe, og legg i reipet, slik ein 3-4 kjember til ei bør. Saa tak ein reipet inni \[side 2:\] og drog aat, saa trødde ein baae hendene innum reipet saa ein fekk \[?faattlaa\], tok saa reipenden og drog til og fekk reipet over den eine oksli. - Den kunnige turvde alldri hjelp for aa reise seg med ei bør. Han Slog seg dugeleg bakover, og slog seg kvast framover att, og dermed fekk han børi saa høgt, at han sjøl kom paa knerne att. Born var ofte med i onni. Sekk eller meis til bruk er ukjennt. Trillebør er ikkje brukt, heller ikkje løypestreng. Der det var fint lende og flat- vore bruktes hest for høysloen, skoklar som slobuskene var fastgjort til, da fekk ein med ein 15 bører. 3: Kunde være ymist, men høyet kjørtes for det meste heim um vinteren. Der det ikkje var lyu, vart det satt i stakk. Nokre faa tilfelle finn vi, at det staar i matrikulen um fjellslaatter høgt tilfjells som tilhørte garden og vart betalt skatt av. 4: I min barn og ungdom var det inkje korkje hjulslea eller vogner. Berre ein almindeleg slaapslea, 2. m. lang og 1. m brei. Seinare kom det vogner. Fyrst vognar med 2 hjul og festa framme paa slepeskoklar. Seinare almindelege høyvogner. Det var regler for um ein kunde køyre over annanmanns eige med slea eller vogn. Grinder paa arbeidsvogn er ukjennt. Ingen regel for lessing derimot saa vilde dei aller gamlaste hava attliggande ein høydott av siste venda "til aa ala paa". til neste aar. Over høylasset lagdes ei tong og tongband. \[?Høytangi\] er gjord enten av ei kluftstikka med tvertre i andre enden, eller av tvo like \[side 3:\] \[?strangan\] med tvertre i baae endar. Tongband kallast toget. Feste lasset med høytong og tongband heiter aa gjørde. Nei er likeeins for børa - og gjørda- tag. Ikkje noko fastsett skille millom høystakk og lass eller millom sumarlass og vinterlass. Det bruktes berre ein hest for lasset baade sumar og vinter. 5: Ved slaatt til delings, saa vart det sett upp saater, tvo og tvo, av den eine og den andre luteigar tok den eine saata etter eige val, saa vart høyet satt i kvar sitt. rom. Heimkøyring som regel over nytt-aar. Var det brøyting saa vart det semje um aa reise samtidig for dei som for same leidi. Slik semje var fast Skipnad, og um nokon drygde og gav seg att til dei andre brøytte, saa var dette skam og skjensel. Dei talast ved paa fyrehand um brøytingi. Og dei skifte hestar til aa gaa fyre, Det var storgarden som "sagde ut" brøyting. 6: Heimkøyring av høyet fraa utslaatter i heimeliene, er slik, at det fell heller lettvint, saa dei køyrer heim etter som dei brukte. Slik var det før i tiden. Naa er utløane burte, nedrotna eller tekne til anna bruk. Bøverdal den 10de jan. 1947. Eiliv Brenna. Har tildels vore burte fraa heime, difor kjem svaret saa seint. Send meir.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste