Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_3995_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_18_3995_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Juletreet er ålment i Suldal. Det er nå så å seie i kvar manes\[?\] hus. Juletreet vart kje vanlegt her før sist i 1890-åra. Dei fyrste juletre såg ein på juletrefestar i folkeskulen I Bråtveit skulekrins såg ein det fyrste treet på ein fest for skuleborn i 1903. 4: Ein hadde kje anna pynt i stova før enn «julaljos» i messingstakar. Heime- støypte, til ikring 1900. Ljosa stod på bordet. Nå har ein òg guir- lander, bjøller, kuler, flagg o. a. attåt juletreet. Storleiken er så ymse. Frå 1/2 m. til 2-3 m. på juletrefestane. I hus der det ikkje er born, har ein ofte berre eit lite tre som ein set på eit bord i ei krå. \[s. 2\] Treet er alltid pynta med ljos og fleirfarga papir, kuler og «stjerner». Det var ofte dei vaksne som pyntar treet. I seinare år ofte borna. Ljosa på treet tenner ein alltid julaftan. Og dei to juledagane. I mange huslydar går ein ikring treet og syng julaftan. Treet plar verta ståande til dei fyrste dagane i nyåret. Borna haustar treet – tek då dei eple, appelsiner og anna etande t.d. kjeks, som heng på treet. Det fyrste hadde ein jamt fure til juletre. (nå mykje gran, etter plantingane har vakse til. Men brake vert og nytta. Det er mange her som hugsar at gutane og gjentene låg på «halmseng» inne i stova julenatta. Flat- senger altså. For heile huslyden skulle «liggja inne» då. Og ljosa skulle brenne heile natta. Det var berre julenatta ein «låg inne» alle
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste