Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_3989_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_18_3989_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja. 2: Fyrste juletreet Margretha Rogonebakke såg var i 1890-åra i Voss ungdomsforening. Etter 1900 hadde ein det årvisst på Himle. 3 Sidan 1900 har det vore vanleg at skulane i bygda og dei ymse lag har hatt juletrefestar. 4: Før \[?\] hadde juletre, bruka ein vanleg ikkje noko serskild pynt i stova. Ein vaska og strødde golvet med \[\_sprakje\] (eine) \[-5\] No brukar ein mykje kjøpepynt, men stundom og granbar i ein vase. 5: Ja. 6: Dei som har born og rom til det, brukar juletre som står fritt på golvet - 1,5 - 2 m høgt. Elles brukar mange eit minder som står på eit bord. 7: Treet er pynta med kuler, glitter og flagg. Ein har og laga "korger" av kulørt papir til pynt, og lekkjer av same slag. Det er lys på treet. I fyrstninga var det heimestøypte lys. No er det kjøpelys. Sume har og elektriske lys på treet. 8: Dei vaksne hjelper borna å pynta 9: Sjå 6. \[s. 2\] 10: Julaftan, og seinare i jula ettersom det er mange heime, eller borna har selskap. Nyttårsaftan er det visst og kvelden før treet skal ut. 11: Ein går rundt treet og syng - helst salmar. Stundom syng ein fedrelands- songar, og stundom leikar som: Så går me rundt om ein einebærbusk, Eg gjekk meg over sjø og land o. likn. 12: Treet vert ståande til over nyttår hjå alle. Trettandagen er visst ein vanleg dag å ta ut treet. 13: "Ta tao jolatreet". Borna likar ikkje det arbeidet. Det vert difor oftast dei vaksne som "tek tao" medan borna er ute. 14: No er det omlag berre gran. Men før har det vore mykje fure og \[\_sprakje\] (eine) 15: Ikkje høyrt om her. 16: Nei. Halm. 1: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste