Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_3964_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_18_3964_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja. 2: Her paa garden vart det juletre aar 1891 da eg var heimkomen um vaaren. Eg hadde set sovore medan eg var hjaa Christopher Bruun i Gausdal. - Aalment kom det ibruk ved aarhundreskiftet. 3: Det hende at det stundom var juletre i skulestova for borni, men sjeldan. 4: Kann inkje minnast noko slik pynt fraa ungdomen. 5: Naa pyntes det i stova med grønt ogsaa um det er juletre, ofte paa dei svære slagklokkar paa peisen og i sprikker og sprungor i veggen. 6: Ymse fraa smaa buskar som staar paa bordet, til tre av mannshøgd. 7: Før var det smaatt med pynten, dei brukte tildels sterkt farga garn fingra sokkeband, kavringar. Naa er det pynt aa faa kjøpt paa kraambuone, som dei brukar. Det er ljos paa treet. 8: Mor og born. 9: Er festa paa ein fot og staar paa golvet. 10: Tender ljosi um juleeftan, naar alle er i pynt komne, og um det er festlege høve. \[side 2:\] Og mjaarskveld, trettandagskveld og tju- gandagskveld. 11: Dei gaar rundt treet alle som kann og syng julesalmane og songar etter song- boken av Seip. 12: Til tjugandag jul stundom lenger og. 13: Julegaavorne vert lagde ned under juletreet. Og er det born saa fær dei lov til aa finne gaavorne fram og levere dei. Kann dei inkje lesa namni maa mori hjelpe dei. Er det etande som er hengt paa treet vert det "hausta", stundom fleire vendor, og paaathengt at slikt som frukt, sjokolade, gotter. 14: Helst gran. Her i soknet var inkje gran og da brukar ein furu. Mange har naa planta gran, og saa tek ein av dei. 15: Ukjent her.- 16: Ukjent her.- 17: Ukjent her. 18 Ukjent. her 19: Ukjent. her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste