Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Juletre og julehalm
NEG_18_3922_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_18_3922_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Nå er det vanleg i dei fleste heimar 2: Fyrste juletreet eg hugsar, var eg sjøl med og pynta: i Marlo skule 1900. 3: Dei fyrste juletre var på julefestar i skular. Det gjekk nokre år før det vart vanleg å ha juletre i heimane. Ungdomslag hadde juletrefestar den fyrste tid ikr. 1900. 4: Ukjent at stugu vart pynta slik. 5: – « – « « er – « – – « – 6: På festar er treet ofte så stort at det rekker nesten opp i taket. I heimane er det helst mindre, stundom ikkje større enn at det står på eit bord. 7: Alle juletre er pynta med ymse stas som har vore å få kjøpt: glitter, små flagd, farga papir i lenker og stigar, papirkorger som er fletta på ein serskilt måte i tvo fargar. Stjerner. frukt påhengt. I korgene er det søtvare til borna. På alle juletre er det ljos. 8: Der det er unge gjenter, er det helst dei som pyntar treet. Elles mor. 9: Når det er tendt, står det midt i romet. Elles blir det sett bort, til det skal vera framme att. (Dette i heimane, der det er born) \[s. 2\] 10: Juletreet høyrer med tid\[!\] høgtida jule- kvelden. Serleg der det er born, er det framme att når det er barnefest lenger ut i jula. Det er ikkje kjent at det er på serskilte dagar i jula. 11: Det er vanleg at husens folk går rundt treet og syng julesalmar og songar, Born likar å få syngja leiksongar til slut. Det er dei mest kjende songar frå songbøker Men fyrst er det salmar. 12: Der det er eit \[\_stort\] juletre, står det stundom i eit rom som ikkje er nytta til dagleg, og da kan det stå jula ut. Der det er mindre om plass, blir det sett til sies, til det ved eit høve kan takast fram att. 13: Der det er born, får dei oftast \[\_hauste\] noko julekvelden: Kvart barn kan få ei korg eller eit stykke frukt. Skal det fram att seinare, blir det ikkje hausta heilt tomt. 14: Helst skal der vera gran til juletre. Men her i Skjåk er det lite granskog, og da har det og vore bruka furu. 15: Det er kjent at det har vore nytta «ståltrå-tre». Det var ein omreisande kar som ein gong for med slikt. 16: Det er ikkje kjent at det har vore sett tre utafor huset julekvelden. Halm. Det er sakte ingen som hugsar at det har vore halm inne på golvet julkvelden
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste