Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ymse attåtfôr
NEG_11_2742_Ho_Sund
Transkripsjon av filen #NEG_11_2742_Ho_Sund
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[s. 1\] A. Forskjellige røtter. Røter vert ikkje brukt til for her i vår tid, men mor min fortalde at i hennar bornedagar, plukka dei "grisatenn" or akrane haust og vår, til grisemat. "Grisatenn" var den kvite rota av "akersvinerot". B. Bregner eller røter vert ikkje brukt til for. II. A. Tang. Tang er eit utmerka for og vart brukt mykje til kufor i siste verdskrig. Når ein slær kokande vatn på tanga, vert ho grøn og \[?krøtera\] et henne gjerne, serleg om dei får litt mjøl på, er dei serleg "snæk" etter tang, som vert rekna for godt for, "thi bliver den ko, som er foret med tang, langt feter enn den som går i \[-d\]en vang, og spenerne dobbelt så trinde". 2: Tang vert skoren heile vinterhalvåret. 3 ein skjer tanga med sigd eller stuttorv, - 4: Alle fyller båten med tang, og kjører det heim. 5: Tang vert sjeldan kokt, ein slær kokande vatn på henne, ho må ikkje rotna og gjera. Då vert ho brukt til møk. 6: Tang - utmerket for. \[s. 2\] Tare. 1: Taren vert helst sanka om våren i "gjøfjæra". 2 Det må vera stor fjæra når ein skal ta tare. Ein tek han med ljå. 3: Ein fyller båten med tare, og kjører han heim. 4: Kyrne får taren med ein gong, rå. Kyrne et han godt. 5: Tare er godt for, ennå betre enn tang, men han er vondare å få tak i etterdi han veks djupare i sjøen enn tanga. Tare vert helst rekna for naudfor. Etter-di her er lite arbeidshjelp, og dyr arbeidshjelp, har det minka med tang og tareskjering, folk minka heller på buskapen. – – – – –. IV Hestemøk verk ikkje brukt til for her. V Sørpefor. På sume gardar kokar dei "løyping" til kyrne. Før kokte ein det i kjøken, men då det jamnt vart dårleg lukt av det, kokar dei det no i "kokkhuset" \[?uthus\] ved sida av stovehuset. – – – Kyrne får løypinga i bøtta eller ein slær det heile i brya til kyrne. "A løypa" noko er det same som å halvkoke det. Til løyping brukar ein mest hå, – fiskeavfall, o.l. 3: "Sørpe" d.v.s. løyping vert alltid gjeve varm. 4: Rannebær kam verta brukt, men sjeldan. 5: Drank ukjendt her. 6: Mask er ukjendt her. 7: Potetgræs, hå oh høyfrø kan verta brukt her. VI Fiskeavfall. 1 Fiskeavfall vert jamt brukt kan ei berre få det. 2: Det vert alltid kokt løyping. 3. ukjendt her. 4: Dyra får alt. 5. Ein brukar jamt sild og "ufisk" t.d. rognkjeksa til løyping \[s. 3\] II 6: Løyping kan verta kokt både inne og utanfor s.huset. 7: Fisk og sild kan vera hovedmassen men ein plar jamt ha hå, potetgræs o.l. i løypinga. Dyra får løyping ein gong om dagen, jamt etter middag Kyrne får kvar si bøtta. Det vert rekna for å vera eit godt kraftfor. K. Lerøy
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste