Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ymse attåtfôr
NEG_11_2078_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_11_2078_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A \[\_Blom.\] (Burkne. "Bregne") "Dar e fira slags blomm: Store blomm å stuà-blomm, gule-blom å ræ-blomm". So sa dei, og alle slagi var visst like gode eller dårlege til for. Elles var nok guleblom halden for den beste. Han kverv ikkje so mykje i turkingi. Ein \[?skakke\] var det aldri snakk om. Røtene vart aldri nytta. Det gamle var at dei slo - eller \[\_skar\] helst - blom um våren eller fyre- sumaren fyrr slåtten tok til. Då for kringom skridona og sterta og bar ihop til ei eller onnor hes der ho nærast var. Det var eit baske arbeid. Du tok i ei turrbyra aldri so mange råbyror. Med vanleg gras er det tvo råbyror på ei turr. - På same tid var det og dei som for ikring i marki og slo blåber-ris (=lyng). Det var som ein heil liten slått fyrr den rette tok til. Dei byrja elles slåtten i utmarki. Der var største viddene. Englappane heime \[s. 2\] II Attåtfor. (2) laut få stå til graset var utvokse. Fyrst litt um \[?ann\] tok folk til å slå ei "hesjafydla" heime fyre markaslåtten. Ein gamal mann var so misnøgd med at dei slo bøen av fyrr dei ansa "markaslåttna". "Eg minnest korleis da fa før: me nett lãta oppi hesjane heima, å so stròkje me åt markjène," sa 'an. III \[\_Anna fôr.\] Raunebær samla dei um haustane. Dei la kõnkane i tunnor og slo sukkevatn på. Slik stod det surna. Det var grisen som fekk dette. V. \[\_Sørpefor\] Hakk var mykje bruka til naut, helst mjølkekyr. Det var nokso fast å gje dei eit mål på dagen. Hakkemaskinor kom alment i bruk fyre 1900. Dei hakka ringt (skjemt) høy, halm, potetris og bløytte det i ei tunna (så). Varmt vatn var kje i bruk når hakket skulde stå i bløt ei tid. Varmt vatn slo dei yver høy som dei gav med same. Hakket gav dei i \[\_stampar.\] Det var lagga kjerald som tok so pålag 15-20 liter og hadde ein øyrnastav og stumdom tvo \[-ein på\] rett mot kvarandre. Det måtte helst vera ei mjøldust på stampane. Nybærar fekk ofte varm stamp og jamt varmt drikka. Sukkevatn, mjølkeskòl, mysa var godt å ha i. Dei drog i hop surstampar um \[s. \] 11: Attåtfor (3) sumaren av allslags avfall frå huset. Agner el. dumba gjekk i lag med hakket. Drav var halde for sers godt. Men det vart no berre ein sleik ein gong for vinteren. Hesten, kyri eller grisen fekk det ettersom kvar var best unnt. VI \[\_Fiskeavfall.\] Slikt var det lite med. Folk kjøpte stundom turka fiskehovud og fiskebein til kyrne. Men det var um sumaren dei fekk dette. Då var dei rivande galne etter slikt. Sild som var sur og utenleg til folkemat, kjøpte dei og. Det vart bruka både vinter og sumar. Og so gav dei kyrne bein. Store harde bein, leggbein og skoltar slo dei sund - tennene skilde dei or, dei var for harde. Kyrne var radt rusande etter bein. Dei stimla til so dei mest vilde trakka budeia ned, og dei togg bein so det knarka. Slevone hekk som taumar og knappane på horni skrangla. Det var fire måltider um dagen for beisti. Um morgonen - fyrste stiet, når dei hadde mjølka og vølt av, var det andre stiet. So fekk dei til nons i fire-tidi og til kvelds. Beit fekk dei oppi båsen sist - med same folk gjekk or floren fyremiddag eller um kvelden - eller båe gongene.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste