Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ymse attåtfôr
NEG_11_16062_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_11_16062_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Emne nr. 11. \[\_Ymse attåtfor.\] 1: Ein var vel slutta for ca 40 år sidan å sanka røter her. - Men det tok seg oppatt i mindre mun under siste krig då ein sanka til grisefor. - Men all slik sanking slutta etter krigen. 2: Nei. 3: Jau, trønske røter vart nytta til grisefor. Trønska vart kasta i dungar på åkeren som ein reinska opp vårdagen. Så vart ho frakta heim, vaska i store stampar ved groa (bekken.) 4 og 5: Røtene vart bruka etter kvart om våren. Dei vart frakta heim i bytter eller \[\_kjesser\] (teiner). \[s. 2\] 6: Trønskerøter vart rekna for feitt godt for. B. -\[\_Bregner og blom\] 1: Einstapp. 2: Ukjent navn her. 3 og 4: Røtene av bregner er truleg ikkje nytta her. 5: Blom, kallar ein den einstappen ein nyttar her. Det er blada som vert nytta. Dei skar blommen med ljå eller sigd tidleg om våren. Hesja han og bruka han som attåtfor vintersdag. - Slo oppat same staden ungblom som kom. Denne håblommen rekna dei særs god. Dei hesja han. Vinterfor. Emna: Tang, tare og hestemøkk, veit eg ingen ting om frå desse kantar. III \[\_Annet for av planter.\] Rognebær vart sanka og brukte til grise- for og sume turka og hadde det til hønsefor med. Einebær vart sanka og lagra, men visst som medisin for kyr og folk, ikkje som for. Potetlauv vart turka og lagra og bruka som for åt kyr og griser. V \[\_Sørpefor.\] \[\_1:\] Surpa, og sukk vart det kalla her. Det vert vel i viss mun gjeve dyra enno. Det vart gjerne tillaga \[s. 3\] og gjeve dei i solide bytter av tre, med "gjero" kring av seger eller hasleband. - Grisen åt surpa si or "brya" som gjerne var utorgraven av ein heil stokk, så ho var solid og tung ikkje velta. Medan kalvane fekk surpa or ein askje. Det var som ei lita låg bytte av tre, med eit oppståande handtak. Kyrne åt surpa or større trebytter. -Helst berre slo ein kokande vatn eller mjølkeblanda på. Ikkje koka. 2: Ein laga hakkelse: av hakka halm m. mjøl og vatn på. - Høyfre og agner vart og blanda med mjøl og kokande vatn. Mjølet var: Bygg - havre og blandingskorn. Også høy vart hakka, blanda med mjøl og laga til sørpa. 3: Surpa var gjeven kald eller lunka. Men etter kalving gjerne varm og med mykje mjøl på. 4: Eg har berre høyrt dei bruka rognebær til gris- og hønsefor. 5: Det kjenner eg ikkje til. 6: Ja bunnavfall etter ølbrygging vert gjeve som grisefor, og det gjev feite griser. Ein gav det som vanleg grise- for og gjerne saman med mjøl og gras. 7: Ein kokar log på høyfre og potetlauv og på brennenot. - Brennenot med log på vert enno mykje nytta til grisefor. \[s. 4\] VI. Fiskeavfall. 1 og 2: Det kjenner eg ikkje til. 3 og 4 og 5: Dei rekna her at gris og høns var glade i fiskeavfall. - Difor fekk gjerne hønsene avfallet og fiskekrafta var så slegen på surpa åt grisen, gjerne saman med mjølkeblanda etter kollevasket (vask av mjølkekjærald. Då vart fiskesået ikkje for salt, men gav grisen mathug. 5: Sildesået vart rekna ekstra gode å ha i grisesurpa. - Men han måtte ikkje få det i slakte- månaden, for då smaka det sild av flesket. 6 og 7: Det er ukjent her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste