Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_60_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_2_60_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: For ein 50 år sidan var det vanleg enda å slå i utmarka her. På smågardane heldt utmarkslåtten seg lengst. På plassane der dei ikkje hadde hest vart høyet oftast bore i hus. 2: Hadde ein ikkje for langt å bera høyet, bar ein det gjerne i \[\_kjemmer\]. Med rive ‘’kjemma’’ ein høy mot eine foten, la \[?høystrårne/høystrærne/høystrørne\] greidt og fint til eit fast lag, som dei tok med riva og eine handa og bar til hesja, lasset eller stakken. Bar dei høyet opp bratte bakker brukte dei ofte \[\_svolk\], ei lang mjuk grein med lykkje i mjukaste enden. Nedover bratte bakkar laga dei ofte \[\_sloe\] av mjuke bjørker som dei lesste høyet på og drog det nedover. Når ein bar høy i reip brukte ein reipet dobbelt. Det vart da \[\_fåtler\] \[?(få’hlɣ)\] som ein trødde armane inni og fekk reipet over kvar oksel. Endelykkja som gjekk gjennom \[\_hældra\] tok ein over eine oksla. Det stod gjerne ein bak og tok i børa når \[?broren\] skulle reise seg frå bakken. Borna var alltid med i arbeidet. Løypestreng bruktes ikkje. Heller ikkje trillebør. 3: Båe delar. 4: Anten ein lett høyslede med meier- og skoning av tre, eller og hjulslede, med to hjul langt bak og meier framantil. Ein var svært nøye på å skrapa saman kvar einaste strå. Siste lasset vart gjerne størst. Til å gyrde lasset med \[s. 2\] brukte dei \[\_fortugu\], \[\_bakbenne\] og \[\_høytong\]. Høytonga var anten dubbelt, sjølvvokse eller og einken. Om vinteren hadde dei og som regel \[\_omlag\] og midtreip. Det vart stødt brukt berre ein hest for lasset. 5: Felleslått kjennast ikkje her enn at einkvar tok på seg slått for lott. Da delte dei gjerne børene eller lassa. Vanleg var lotten 1/3 på han som gjorde arbeidet. \[Figur: tegning av ‘’Dobbelt høytong’’\] \[Figur: tegning av ‘’Einken høytong’’\] \[Figur: tegning av ‘’Høyslede’’, med piler som viser til ‘’Bakbenne’’ og ‘’Fortugu’’\] \[Figur: tegning av ‘’Hjulslede’’\] \[Figur: tegning av ‘’reip’’med tekst ‘’bera høy i.’’\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste