Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lynging og mosing
NEG_10_10427_Ro_Jelsa
Transkripsjon av filen #NEG_10_10427_Ro_Jelsa
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
I. Lynging. a. Lyng vart sanka. Det er slutt med å skjera lyng til for her i heradet. Det vart ikkje brukt no under siste storkrig heller. Det har ikkje vore nem- nande lyngskjering etter 1920, og hadde minka sterkt av fyre den tid ogso. Men det var ålmennt brukt til over hundraårsskiftet. Som smågut (eg er fødd 1899) minnest eg godt at folk bruka å lynga. Ogso far lynga og nytta lyngen som hjelpefor til kyrne. Men han skar ikkje lyng årvisst. Og so vidt eg minnest vart det ikkje skore lyng heime etter 1915-16. Lynging vart mest nytta av hus- menn og småbrukarar. Og dei sanka årvisst. Hadde gjerne ein heil sta med lyng. Her på gården Kjølvik (eg er fødd og oppvaksen på grannegarden Bjørklund.) var det ikkje vanleg å lynga, her bruka dei skav istaden avdi her var so rik markaskog. Men husmennene under garden \[side 2:\] (5-6 stk.) dei lynga. I festesetlane deira var det teke skilord um rett til lyngskjering i gardens utmark. 2: Lyngen vart helst sanka um hausten. Ein fann finaste lyngen då, grøn og smakleg. Elles vart det og skore lyng utover vin- teren og våren, um marki var snøberr til det. Arbeidet kalla ein å lynga (løng'a) og lyng- skjering. 3: Her i bygdelagi vart berre nytta sigd, vanleg kornsigd til å skjera lyngen med. 4: Det mest vanlege var at kvinn- folki gjekk på lyngskjering. 5: Det var ikkje nokon fast regel. Ein sanka der lyngen var fin. 6: Skoren lyng vart lagd, - fingja og lagd på børatog og for det meste boren heim. På større bruk var vanleg å bera fram til vegar og børane so lagde på slede og køyrde heim til gards med hest. 7: Lyngen vart lagra i løda. Ein måtte passa på at lyngen ikkje turka og visna formykje; men held seg grøn og fin lengst mogeleg. Han måtte leggjast godt i sta og ikkje tunnt og slurve utover golvet. Oppå lyng staen la ein dekkvyrke, einstape halm el. l. 8: Her i bygdelagi vart lyngen godtsom berre nytta til storfeet. \[side 3:\] Ein gav gjerne eit måltid med berre lyng. Lyngen vart ikkje hakka. 10: Lyngen vart rekna som godt for. B. Lyng som beite Kring i bygdane her var det berre småfeet, - smalen - som beita lyng ute. Einskilde få gardar som åtte lyngmark nær bøsgarden bruka jaga storfeet på lyngen utover haust- en når håbeitet tok slutt og været tilsteda det. Likeeins um våren når forløysa var streng. Lyngbeitet er rekna som verdfullt til sauen. II. Mosing. Mosesanking er ukjent her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste