Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lynging og mosing
NEG_10_2223_VA_Øystebø
Transkripsjon av filen #NEG_10_2223_VA_Øystebø
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[s. 1\] I Lynging 1: Det er heilt slutt med lynging i Øyslebø. Etter 1900 hev det berre vore eietoka eller spreidde tilfelle av lyngsanking og i små mengder. Tidlegare gjekk lyngslåing inn som ein tolleg fast lekk i gardsdrifta på same måte som slåing av skoghøy. Soleis kan nemnast at Svenke Askildsen Mannevåk (f. 1812, d. 1879) Kvart år slo ein 20 slelass med myng. Bruket som hev eit matrkl.skyld av 2 mark, 50 øre, fødde vel i den tida 5 kyr, 1 hest, litt ungdyr og noko smale. Som døme på kor naud- synleg det den tid var rekna med lyng- slåtte til gardane, kan nemnast at sume bruk på grannegarden Gangså i siste halvparten av førre hundreåret fekk ordna seg med bønder på Manneråk og fekk lyngslåtten der. Dei på M. fekk då eit vestvendt skogstykke på G. Mange andre slo og mykje lyng, og det var berre få som ikkje lynga. 2: Det vanlege var å slå lyngen um hau- sten, helst i oktober, tildels i september. \[s. 2\] Lyngslåing um våren berre når det galdt naudfór – i vårkreppa. Dei sa: å lynga, lyngslåing – og um dei brutte sigd: lyngskjering. 3 Dei nytta lyngljå som var stutt- are og tjukkare enn vanlege ljåar, og vanleg langorv. Ljåen kalla dei tildels busljå (utt. bussjå – av å slå bus, rusk og rask). Å riva lyng med hendene brukte dei når dei sanka bus til å bøsa med i sumarfjøset og tildels til å ha i gjødselkjellaren. I sengene og. Enno kallar dei und- ste plagget i senga, bussbreia – som i noko seinare tid hev vore breidd over sengehalmen. Ja, sjølv um plagget ligg på fjørmadrass er det like fullt bussbreie! 4: Helst mannfolksarbeid å slå lyng, å riva bus var gjerne kvinnfolkarbeid Elles var det vanleg i eldre tid at kvinn- folk var med på mangt tungarbeid som eigentleg var karmannsarbeid. 5: Slo gjerne andre- eller tredje kvar år. 6: På slede, høyslede – treskoning. 7: Lynga blei køyrt heim når det var vassturt eller doggfritt og vart da salta, Heldt seg då like friskt og grønt til våren. 8 Ku, sau og geit, hesten og um so var Både aleine og blanda – noko forskjel- lig. Lettast å få blanda når det var hakka. Mengde pr. dyr: Sjå 1, Svenke Ask. \[s. 3\] 9: Var rekna for godt fór. B. Lyng som beite. 1: Beiting ikkje mykje brukt, so vidt eg forstend det. Var helst um hausten og noko um våren. 2: Sau og geit, men og ku. 3: Som nemnt ovanfor um lynging, ikkje i bruk no. I gamle dagar når det var serleg harde og lange vintrar gjorde folk kva som helst for å berga buskapen fram. Og det galdt å fø so my- kje kretter som mogeleg for å nytta su- marbeitene. I sumartida var det dei fekk avdråtten. II Mosing Mosesanking førekjem ikkje i Øysle- bø og hev nok ikkje gjort det tidlegare heller. Truleg ikkje på heile Sørlandet. Hev i allfall aldri høyrt gamle folk nemna slekt. Snaut at slik mose finst her heller. Upplysningar um lynging o.s.v. hev eg etter mange gamle folk, attåt sumt eg sjølv har set. Kan serleg nem- na far min, Ole E. Skjævesland, f. 1850, d. 1920. Vidare Ola H. Skjævesland, f. 1865, d. 1948, Ola Bjørnestøl, f. 1878, Syvert Skjævesland, f. 1877
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste