Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lynging og mosing
NEG_10_1896_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_10_1896_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I. Lynging har ikkje vore nytta vidare her i bygda. I meire sjeldne tilfelle i vårknipa når foret tok \[?unde\] kunne det nok hende at einkvan sanka litt lyng, men vanleg var det ikkje , og såleis heller ikkje faste former knytt til arbeidet. II. 1: Her var mose vanleg sanka kvart år. Ennå er det mange som sankar mose, mn dei siste 10-15 åra er det vorte færre og færre. Skort på arbeidshjelp har gjort mykje. 2: Sanker mose for heile vinteren. Ein rekna 4 lass på nautet. Mange brukte meire. 3: Det må vera regnvær – ‘’måsåvær’’-. Mosen må vera våt. 4: Frå gamalt var både karar og kvinnfolk med på å ta mose. Dei låg oftast på setrane. 5: Ein tek mose – ‘’kastar måså’’- med ‘’måsårive’’, ei stutt rive med 15-20 cm. lange jarntindar. \[Figur: teiking av ‘’måsårive’’\] \[s. 2\] 6: Nei. 7: Ein finn ut ein stad i fjellet der det er \[\_måsåtøkje\] og kastar mosen i hauger. Fyrst kastar ein ein stor avlang haug som kallast \[\_botn\], så kastar ein mindre \[\_fathauger\]. Fathaugane ber ein i \[\_måsåfatet\] og tømer det på botnane til det blir eit lass. Det kallast \[\_å bera i hop.\] Sumetider legg ein litt bjørkeris under botnane, men ikkje alltid. Når mosen er bore i hop formar ein lasset. Det heiter \[\_å sæte\] mosen. Eit moselass kallast ofte \[\_måsåsåte\]. Ein tråkkar mosen i hop når ein sæter han og formar han fint med hendene. \[Figur: teiking av måsåfat’’\] \[Figur: teiking av ‘’Måsåsåte’’ med ei ‘’veta’’\] \[Figur: teiking av ‘’måsåklubbe.’’\] Ein merker moselassa med \[\_vetaer\] = ein bjørkekvist i toppen. 8: Ein lunner gjerne mosen før jul. Ein slår \[\_handspikarar\] under moselassa med \[\_måsåklubba\] og så \[\_bryt\] ein mosen, d.v.s. ein velter lassa opp. Så køyrer ein lassa saman til ein lunne. 9: Ikkje så det kan seiast å vera fast skikk, men det hender ofte at dei som har mose på same staden går saman om å lunne han. 10: Ein køyrer mosen saman til ein lunne i nærleiker av fjøset. Så tek ein inn frosen mose for ein 2-3 dagar om gongen og tiner han på \[\_måsåhjellen\] inne i fjøsvarmen. 11: Ku, geit og sau. Ein gjev alltid mosen åleine. Dyr som er vande med mose er heilt for- styrra etter han. \[s. 3\] 12: Mose er fint for. Dei gamle tykte det var vanskeleg få mykje mjølk utan mose. Sjølv har eg i lange tider nytta mose til for, men har i det seinare slutta av skort på arbeidshjelp. Mosen er reint kulhydratfor og gjev gjerne litt mager mjølk. Men er i ei rett samansett foring eit ypparleg for som gjev dyra trivnad. Før det vart vanleg med silo og rotvekster var mosen einaste saftforet her. Ein reknar 7-8 kg. mose pr. f.e. \[\_Annan mose.\] 1: Matmose vart til dels sanka til grisefor. Dei kokte graut av han. 2: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste