Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lynging og mosing
NEG_10_16061_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_10_16061_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Emnr. 10. Lunging og Mosting. Lynging har ikkje vore nytta her i mans minne. Eg kan såleis ikkje svara på dei spursmåla. \[s. 2\] Mosing. II 1: For ca 20 - 30 år sidan sanka dei mose kvart år, dei som hadde folk på stølane. Men sjølvsagt i mykji større mun i nødår, då det og laut tene til folkemat. Såleis vart det sanka måse i fjella her under siste verds- krig. Eg var sjølv med vermor mi og sanka måse ved Fletresstølen på Gjelset. - Men eg veit ingen som no lenger sankar mose, korkje til folk eller dyr. - Som så mangt anna vart det nok slutt i fredsåra etter siste krig. 2: Her sanka ein mosen sumarsdag og hausten. 3: Mosen skal snakast i turrver. Då liksom reiser han seg i lyngen, og er god å få tak på. I våtver ligg han flat og er vond å ta. 4: Berre budeiene, og borna som var med på stølen, sumrane, sanka mose. Der vart sanka heile sumaren utover. Budeiene gjekk gjerne tur midtdags og så kvar bølingen gjekk og mosesankinga vart teke samstundes. 5: Ein reiv mosen med hendene. 6: Dei bar mosen heim i sekk eller teine. Bere- teina var fletta av tæger. 7: Mosen vart boren i teina eller sekk heim åt sælet. Stod gjerne mose i fleire teiner der, eller låg \[\_laus\] i haug ute i skotet. 8 og 9: - Ikkje brukt her. Køyrde mosen heim vintersdag. saman med stølshøyet. \[s. 3\] 10: Han låg gjerne i sekkjene eller i traug på låven, til han var oppbrukt. 11: Gris og kyr får mose. Han varde helst heile vettern som eit godt attåtfor. - Dei slo helst kokvarm møsa på han, let han stå og svella ei stund, og om dei strødde litt mjøl over, særleg, var dyra svært glade i dette. 12: Dei sa alltid at mosen gjorde dyra godt, så han var vel rekna for betre en simpelt høy. \[?Arnen\] mose: 1: Ja. Ein koka han gjerne i vatn og strødde så mjøl på i alle fall til kyrne. 2: Nei, ikkje det eg veit.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste