Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_37_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_2_37_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Her var gardane so jamne at same arbeidsmåtane vart bruka hjå alle. Før slo alle mykje i utmarkai, det hev minka stødt i mitt minne, mest avdi arbeidshjelpi vart mindre etterkvart. Gjeng det som no vert snart utmarkslåtten ei segn. Her var hest på kvart bruk. På heimebøen og flatare og slettare utmark drog me før \[\_råhøyet\] til hesjane på Hjulebora. Turrhøyet på heime- bøen vart bore og køyrt inn, då var inkje Hjulebora brukt. I barttare utmark bar me høyet til hesjane når det inkje var råd draga det på topp. 2 byra råhøy vart rekna til ei byra turrhøy. Var det brattlendt og slett kunde ein mann draga somykje råhøy i ein gong at det vart ei byra turrhøy. Dragetoppen var antan unge tre elder sprikjande, kvistrike, lange greiner. Var dei tvo mann som drog, lagde dei ofta tvo toppar jamsides, tett ihop, og drog i kvar sin, då kunde dei få fram dobbelt somykje. Ofta sette dei då eitt tog i toppen, lagde toget yver oksli og drog, då hadde dei enno meir magt med droga. Råhøy vart og bore på \[\_topp\], \[\_bendel\], ogso sagt \[\_bennedl\]. Turrhøy vart aldri bore på topp, avdi dei fekk forlitti byrda på toppen, av turrhøy. og avdi, at råhøyet var so tungt, at det klemde toppen fast åt ryggen so byrda låg \[s. 2\] som ho skulde. Når nokon bar høy på topp heldt dei i tjukkenden av toppen og hadde lauvet og greinene mot ryggen. Hesjane vart sette der beste turkeplassen var, der dei turka elder todna - tådna - lettaste, og der marki var turraste. Høyet laut so braet frå teigar som låg inne i skog og holor. Vart høyet turka på marki vart det ofta bóre til løda, elder stakken. Men var lende laglegt so vart det og drege på topp, då laut det vera nokolunde greid, slett undanbakke. Då var det umågjera å hava stor topp elder toppar, so der vart stor droga. Altid laut droga leggjast godt på toppen, godt på framme, mest midtpå, og minst atte - attarst. Eittpar gode kvistar å taka i når ein drog, vilde ein gjerna der skulde vera på kvar topp. Høybyra vart lagt på i \[\_fengjor\], 3 fengjor i ei råhøy- byrda. 4 fengjor i ei turrhøybyrda. 5 fengjor vart ei dryg turrhøybyrda. I toglykka var sett inn ei \[\_Holl\] -Hovold, som ein drog endane igjenom, når ein snørde byra ihop. Det var næmt med å settja seg beint for byrda når ein for i fatlane, og gyrda gjort åt, so byrda heldt seg bein og låg godt. Togendane ein heldt i låg altid yver eine aksli. På flat mark laut ein jamnast hava hjelp til å risa upp med ei stor byrda, var det brattlendt greidde ein seg åleine. Hjelparen var stundo attanfor og skuva på, stundom framme og drog i toget, alt ettersom det høvde. Borni var med på dette arbeidet. Dei måtte tidleg taka ei byrda, og læra leggja ei byrda på tog. Vetterdag tok dei høyet heim frå løda elder stakken. Då hende det, at dei lagde høyet i ei rodda. Rodda var mest som ein sekk; av hampetog, bundi som grov not, når rodda var fullstappa vart ho attsnørd og slept iveg. Dette var å rodda \[s. 3\] høy. Rodda fekk då velta iveg til ho kom på flaten og kunde køyrast heim. Skulde høyet havast utfor bratt bergum vetteren, streka dei det ned. Dei lagde høyet i byrdor, gyrde dei ihop best råd var, knytte so ei lang lina i høybyrda, og let byrda rulla utfor, jamt og tolugt. Nedunder stod ein mann og tok imot, løyste lina, og so drog dei lina uppatt og sende ny byrda iveg. Ei slik lina kunda vera 100 m. og meir, og var stun- dom ihopknytt av mange tog. Sume bønder hadde og serskilde linor til høystrek. Høyet vart aldri streka heim um sumaren, då var det umågjera og samla høy ihop. Var der ikkje løda i utslåtta, so vart høyet stekt, stækt. Då løypestsrengjerne kom til bygdi fram mot 1890, tok dei gjerna meir høy heim um sumaren, elder samla høy frå tvo, tri utslåttor i ei løda, som stod slik at dei kunde køyra til løda på snøføre. Var lendet laglegt, so sloda dei høyet på utløda elder stakken. Tvo høybyrda vart lagde på kant - ende - og bundne saman, og dregne på snøen. Tvo byrda var ein slode - sloe -. Var der flatar innimillom laut dei stundom løysa sloden - sloen - ifrå einannan, og draga ei og ei byrda yver flaten, og so binda sloen ihop att. I ei vetrabyra høy vart lagt 6, det hende og 7 fengjor - fengje -, men når dei raka endana av byrda, vart det raka av for ei fengja umlag. Dei laut rakast godt av byrda, so det ikkje vart slubba - misst noko høy. Eitt høylass vart rekna til 3 byrda um vetteren, var det godt å køyra til; 4 byrda. Eitt sumarshøylass er 4 sumarsbyrda. På vettrahøylasset brukte dei jamnast høytong, det heldt høybyrdane betre ihop, alt låg stødare. Båra til høyet vart ikkje so mykje brukt. Av og til kunde ei båra - tvo stenger med tverrfjøler på \[s. 4\] verta brukt, til å bera råhøy til hesjane. Men berre der som var flat mark. Smått um senn kom hjulslede ibruk til å køyra heimehøyet inn um sumaren. No er det lite høy som vert bore inn. Høyet vart lenge lagt i byrdar og køyrt inn. Men so vart det laga grindor på hjulsleden, høyet vart kasta uppi og trakka saman. Hjulsleden er som ei grind, lagde på eitt hjulpar, og med til- lor, tinlor, skankor elder bommar, som ei van- leg kjerra. Hjulsleden er - tillorne ikkje medrekna, umlag m. lang, og m breid, litt ymsne kan no desse måli vera. 10 lass høy, trakka ned i høykramen på hjulsleden skal svara umlag til 45 -50 byrdor turrhøy, eitt nautforter - kuforter -. Høylasset vert jamt gyrda ihop med ein gyrding, då kan det leggjast haug på lasset. Der var ikkje noko reg- lar for siste lasset, og alt høyet skulde samlast - sabnast - vel ihop tilslutt, utan var arbeidet slurva ifrå seg. Siste høyet etter ei byrda, eller høylass kallast sabn . sabn'n. Raka um hesi - hesæ, sabna um hesæ, sagt beggjo. Samslått, hopaslått var ikkje somykje brukt her. Det hende då, at nokon gjekk ilag um å slå ein høystakk i eitt stakksløe upp mot fjellet, det var oftast noko langt heimanfrå. Høyet var dei då ilag um å hava heim, likemange mann frå kvar lut. Høyet vart skift i byrda - byra. Hadde nokon utslåtte nær kvarandre var dei jamt ilag um å gjera høybraut i snøen, likemange mann var på brøyting frå kvar som bruka brauti. Tidi for brøytingi samdest dei um, ved å snakka ilag, for alle vilde gjerna få høyet sitt heim. Var det mange born på ein lut, gardpart - so jamt var før, so hadde borni på seg å bera råhøy til hesja- \[s. 5\] ne, dei vaksne kvinnfolki hesja. Karane hadde slåtten. I utslåtta var det jamt, at tenestgjenta og kona på luten, gardsbruket - gjekk til si hes, som det vart sagt. Håli millom, slo dei , raka, og hesja i kvarsi byrahes - turrbyra - um dei var noko drivande arbeidsfolk. Greidde dei det var dei dugande i arbeid. No er dette meir slutt, no slær karane, kvinnfolke raka og hesja. Den som slo i ei byrdahes skulde og bra or henne, når høyet var turrt. På heimebøen er endå Hjulebora mykje bruka til å ha råhøyet til hesjane. Men der som er slett til det, so kjem Slopriva meir og meir inn. ein topp, ein bendel, ein bennedl. ei fengja, fengjena, fengja høy, byra høyet ei Holl, Hollæ, holl'na. ein fatle, fatlane. ei Rodda, rodda høy, leggja høyet i rodda og taka heim. ein Høyslode, ein slode, høyslodane - sloane. ei Høybraut, høybrautæ - um vetteren -. Når dei tok høy or utløda elder stakk, sa dei ofta at dei var i høyskog, motsett vedaskog. ei Hjulebora, men båra når det var slegne tverr- fjøler på tvo stenger, og tvo mann bar millom seg. Gløymde noko, helst avdi det var mest ikkje bruka på mitt gardsbruk, men meir på andre bruk. Var der lange flatar, helst i fjellet, so hadde dei kjelkar - små sledar - som dei bar tilfjells, og drog høyet fram på liane - lidarne - so dei kunde sloa høyet heim. Dette vart bruka avdi dei kunde ikkje få hest i fjellet med rimeleg brøyting um vetteren. Ei og tvo høybyrar på kjelken ettersom \[s. 6\] føri og lendet var. Eksingedalen lå avstengd til vegen kom, dei tok til med vegbygging ved sjøen i 1888. Seinare hev arbeidsmåtar skift litt um senn. Men dei arbeids- måtane, også um dette emne, som eg minnest og hev vorte bruka til kring 1900, er sikkert ubrigda gjennom fleire hundra år. Det same gjeld nem- ningar.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste