Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lauving
NEG_9_16060_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_9_16060_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Emnr. 9 A: Lauving 1: Ja det vert lauva enno. -Men i mykje mindre målestokk enn før siste verdskrig. Ein lauva i stor mun under sist krig. -Lauvet reknast som årvisst for ved medels- store bruk, til siste krig då onn skiftet kom. -Ved store bruk, var det helst attåtfor i uår. - Nokre år etter siste krig slutta lau- vinga mykje, helst grunna at folk ikkje lenger hadde korkje gardsdrengjer eller tenestgjenter, borneflokkane var kje lenger \[s. 2\] så store, at ein laut nytta den arbeidskrafta. -Kårfolka kunde leva av si alderstrygd, og tok det meir med ro, og det var nå dei som hadde hat største suta for beiting og lauving og morka mykje med det. (morka: streva trottigt med småarbeid.) 2: Ein lauvar mellom høy og håslått. Også slike dagar då alle hesjar var fulle, eller onnor stogg i slåtten kom. Også etter at beista var innsette seinsumar. Ein lauvar av: Ask, osp, raun og bjørk. Ein kalla det her lauving. Å lauva, lauvar, lauva. 3: Sigd vart nytta, og snidl. Sume hadde lauvkrok å bøygja ned greinene med. Det var ein lang trekrok. - Ja om hausten vart gjerne ask- og eikelauv, rispa med hand, då det fall lett av då. - Nei ein bruka berre hender. 4 og 5: Ein tar helst lauv av rotfaste tre. Der var før ved dei fleste gardstun her aksjestuvar som dei hogg askje\[\_start\] av når dei var \[?nakne\] i mannshøgd. - Dei hogg starten av dei kvart fjerde år. Ein kalla det å "stuva" askjen. - Men sume sa og å "pila" askjen. Det var helst i innmark og på bøen, gjerne nær tunet ein hadde slike tre. Lauvet vart plukka av greinene, som vart hogne av, og starten vart kasta i dunge. Så skov dei starten seinare (å skava skjev skov skave.) Og dei snau kvistene vart nytta til rivetindar, kle- ved (ved under klegryta) eller baksteved. Ein sa det gjerne så: "at med skavet fødde ein eit gymborlamb meir." Ein hadde gjerne skavet i store teiner, lauvteiner. \[s. 3\] Dei var vare om desse visse pilaskane sine. Dei var verdfulle, og stod alltid slik at dei ikkje var til skade for slåttemarka - Lauvet vart mest alltid turka på låven, der ein hadde det utover. - Sume laga nok og "lauvkjørv", Men i fleste høve vart lauvet hesja under taket på øykjhuslåven. Hesja på tro (tretroer) som var spikra i sperrene. Hadde ein laga kjørv, vart det nøgji passa på at dei kom i hus før regn, og at dei vart skuggeturka. - Askelauv vart stundom turka på bakken ute, så raka saman og turka resten på låvegolvet. 6: Dette kjenner eg ikkje til. 7 og 8: Svært lite lauv frå utmarka, vart nytta, mest berre frå innmark. Karane hadde gjerne tyngste arbeidet, med hogging og frakting. Og der trea stod i berg og det mest var livsfåre å hogga og pila, måtte oftast karane til. - Ein reiste gjerne nokre kjørv opp så dei stod til - møtes og støtta kvarandre på låven, slik stod dei trekkfullt og turka. Det måtte aldri bindast kjørv i regn. Ein sette ofte kjørv langs veggene på låven og. Men lagra dei aldri oppå høyet før ein visste at alla råme var or dei. - Kvigne fekk kjørv eller lauv ein gong, eit mål, for dagen. Smalen gjerne det same. Men mjølkekyr skulde ha mindre. Ein reka eit kjørv for kvart dyr. \[s. 4\] 9: Almelauv. 10: Kjenner ikkje til det Men ein flekte almebork til kyr så dei skulde få mjølka. 11: 12, 13, 14, 15: Kjenner ikkje til dette her. B. \[\_Lauv som raka sammen på bakken:\] 1: Rakelauv. 2: Askelauv til for. Boslauv, raskelauv, var derimot vissent lauv dei bruka til å strø under gris og smale. 3: Ein brukar riva. 4: Det vart bore i sekkjer men og i store teiner. 5: Ja. 6: Boslauvet vart opevart i bingar og i skotet i ei kro. Forlauvet stod gjerne i teiner på låven eller låg i dunge der. 7, 8 og 9: Det var helst smalen som fekk rake- lauv. Aspelauv og askelauv \[?vart\] nytta slik. Dei fekk det i smale- gjøta åleine. - Men det vart mest slutt med å nytta dette etter \[\_1945\] ca. Rakelauv vart nå rekna for nødfor eller attåtfor, av mindre verde. Berre einskilde og gamle folk nyttar dette enno.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste