Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lauving
NEG_9_14596_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_9_14596_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Heime i grenda vår var det før vanleg at dei rak- te bosslauv om hausten. Det vart gjort når det var fint ver seint på hausten etter nokre frostnetter så lauvet var felt, og det var i småskogen på skrape- bøen (urydda slåttemark) dei rakte lauv. Ospelauv var fint, og så var det bjørkelauv, seljelauv og orrelauv og kanskje noko raunelauv og heggelauv. Slik var det heime på Lid. Andre stader var det òg hatlelauv, som det var på Bjørgum og andre solrike stader. Lauvet skulle vera til å bysja med i grisegar- den og i kalvastekkane om vinteren. Eg minnest så vel ein haust eg var med på lauv- raking då eg var liten gut, det var først i 1890-åra. Eg var med henne mor og henne Margreta, tenestetausa oppe i Hagane ovantil Øvre Slettingafloten. Vi hadde med oss nokre sekker og eit par gamle døsser. Slike mest utslitne døsser var framifrå til å ha lauv i, helst dei som var femrifta og store. Det var å hyrpa ein vid sekk. Det var utruleg kor mykje lauv det kunne gå i ei doss, og med haug på. Det var dei to som rakte, eg stappa i sekkene og i døssene, var heilt oppi og trakka så det seig godt undav. Jamen var det moro. Sidan kom han far og køyrde lauvet heim på meia- slede. Heime vart lauvet tømt i svala ved sida av låvefleken, og der auka det på når det var rakt lauv nokre dagar. Denne lauvrakinga var til nyttes på ein annan måte og, det sparde på rydjinga om våren. Då det leid om hundreårsskiftet vart det mindre med lauvrakinga på Lid. Då brukte vi mest småspon som vi fekk (eller kjøpte) på høvleriet ved Palmafossen. Det var ikkje så få lass som vart køyrde derifrå. Det meste vart brukt til boss, men noko òg til kveisle. Nå, etter at det meste av skrapebøen er tatt til kulturbeite, er det heilt slutt med å raka bosslauv. Grastustene står stride, og nautaruene ligg tett i tett bortetter der det var slåttemark før. Det er vel helst sagamod og småspon (kutterspon) dei brukar nå. Botanisk Museum Oslo 9 oktober 1959. Med helsing frå Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste