Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lauving
NEG_9_2076_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_9_2076_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
## Lauving har ikkje i mannsminne vore rekna til den faste forsanking. Då var skav og mork og beit det mykje meir. Men dei lauva sakte når det fall seg, og det var um våren med dei losta. x) Allvisst i seinare tid hogg dei bjørki ned då. Var det då ungar eller anna høveleg og avlaust folk, so "lauva" dei av og til noko - eller lògga som dei dei helst sa. Nokon vidare tradesjon var det ikkje med det arbeidet. Snidl var kjend, men mest berre av namn. Dei bruka sigd til å hogga kvistene av med. Kvistene batt dei i \[\_kjerv\]. Dei vart stundom turka ute, men ofte tekne inn i løa og hengde kring veggene. Ein måte var å stikka ein start ned millom bord- taksfjølene. Elles vart det no som det fall seg. x) Lòstingi var i kring jonsok. Då "går" bjørki. Når raunen blømer er det rette tidi. \[s. 2\] \[Notat: Lauving II\] I tidlegare tid hadde nok lauving vore meir ålmenn, og då styvde dei trei. Det stod her og der ikkje lite av slike gamle bjørkestuvar. Ask var det ikkje i bygdi, men derimot eik og alm. Båe slagi vart styvde, men visst ikkje for foret si skuld. Almeborken gav nok folkemat. "Da står kje på dei so ha alm" er eit gamalt herme. Eike- renningane var gode "hòll-ebne" (hòvold-emne). Almebork var forresten nytta til grisefor. Då flekte dei borken av og koka han. Rispa almelauv vart og bruka til det. Dei vilde gjerne raka lauv um hausten, serleg når veret var slik at det var turt. Det laut no vera på stader der lendet var slik at ein fekk tak i det. Og det vart helst i tynkeslåttor. Bjørk og osp var det som fanst so mykje av at det var noko forslag i. Dei frakta det heim i sekker, kipor, ein gamal kvitel \[-konde\] var og hjelpeleg. Sume la det på tog. Ei\[-t\] svòl eller eit tomt rom i løva var gøymeplassen. Dette lauvet bruka dei ikkje til for, men til bòs under kalvar og gris. Det lauvet som var lògga, var for åt båte naut og sauer, men helst at geiter. Stundom hakka dei lauvkjervi \[-og gav\] saman med ringt høy, halm, potetris (potekål) og gav kyrne det som s`yrpa.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste