Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lauving
NEG_9_1945_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_9_1945_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. Rispelauv er ukjennt unntagen til grisar. 1: Det er slut med lauvingen. Lauving var aarviss før, og var set paa som eit godt og turvande for. Ingen lauving under siste krig; men under fyrste. Eg dreiv lauving til 1930, men fraa den tid er det nokk slutt, ja for det meste før den tid ogsaa. 2: Vart hogge noko lauv i haavollen før slaatten men mest etter slaatten, saamaarlauv, vart dette kalla, vilde bli forturt og bruktes berre til sau og geit. Etter slaatten dreiv karane med lauving medan kvinfolki skar aaker. Betlauv, rislauv, tok dei saa seint som raad var før det byrja bleikne og rønja, var best slik for da vart det inkje turt og hardt. Lauving saa seint som Mikkelsmesse uraad, for da fall lauve av i kervet um det elles saag grønt ut medan ein kjerva. Stundom hogg dei ned og let det ligge, naar dei inkje fekk tid til aa kjerve, da turka det, det var for aa vinne tid, slik at dei inkje rokk frami at bjørki bleikna og lauve fall av. Saa kjerva dei naar det var tid dertil. \[side 2:\] 3: Lauvjønn og Lauvsigd. Slike gjorde smeden. Lauvjønn bruktest til kvisting, og Lauv- sigden bruktes til aa skjera smaaoldre. Det var bjørk og oldre ein hogg lauv av og kansje lite osp og. Ingen reidskap til aa bøyge ned kvister med 4: Tok lauv av rotfaste bjørker. Slike stod der mann etter mann i lange tider. Det var store teiger i liom med slik bjørkeskog. Naa etter at lauvingi slutta, saa har slike bjørkelier vorte nedhogne til ved. Men det viser seg naa, at da bli det snaut lende, for ku og jeit tek alt som renn upp att. Ein \[\_stuva\] (kulda) bjørki naar ho var ca. 10 cm. grov. Høgdi ca. 2,5 m. eller der det var best med vokstkvister. Dei gamle lauvhogne bjørker, kunde ein hogge av med visse millumrum, 6-8-10 kvart aar. etter som ein havde tid og etter vokstren. I turre og i lier høgtliggande voks ho til att seinare. Det var halde for ein god eignalut aa hava gilde bjørkelier, og det galt um aa handsama dei godt. Difor saa var det ofte faste nedhoggarar, dei andre kjerva. Det var um aa gjera aa faa greinene til aa vide seg ut for aa faa ljos og sol. Innai vilde det elles bli mykje turrkvist Slik hogging av greiner kalla dei aa \[\_stuve\] eller aa hogge ned. Slike bjørker hadde da ein snau legg (stamme) og bar greinene høgt saa dei inkje vart bitne. Det vart hogge i tusenvis kjerv paa mange gardar. \[Figur: teikning av to lauvjarn, med påskrifta: Lauvjønn\] \[side 3:\] 4: Ein vilde gjerne hava 50 a 100 kjerver til kvart naut med betlauv (rislauv) og ein 50 aa 100 kjerver for kvart smaakry- tyr. Det var eit helsugt godt for, og vi saknar det naa, og vi trur, at dei vart trivelegare dyre um dei fekk um berre nogre kvister iblandt. Hogg ein ned sjøl saa var det fast takst, at ein mann hogg saman 100 kjørv med passe storleik og finkvist for dagen. Vart det nedhogge var taksti 120 for dagen. Og kjervi skulde hengjast upp i bjørkne av hoggaren, um det var fare for dyr i teigen. Dette gjeld bjørki. Paa sume gardar hadde dei store teigar med oldre som dei skar naar han var kjørvlengdi. Slike teigar var det ofte paa øyar attmed elvar. Dei skar uppi tusenvis kjerver aarleg upptil 10 a 15 tusen. Det var lettvint arbeid, og ein mann skar radt 150 kjerv um dagen. Ja det er døme paa at det var skore 300 kjerv um dagen av ein flink kar. Det var som aa skjera aaker. Med ein lagleg sigd gjekk det radt. \[Figur: teikning av lauvsigd, med påskrifta: lauvsigd.\] 5: Det blev laget kjerver som reistes upp til steiner. tre eller hengt upp i tre. Her er saa turrt verlag, at lauvet turkar fort. Var det dyr paa beite i teigen, maatte kjer- vene henges oppi bjørkene, som det var godt høve til i desse vie trei. Naar ein tok av dei avkviste da stikker (straatten dei \[side 4:\] 5: dei kallar kunde ein berge ein 10-20 kjerv, paa straatter lagt millom kluftane i slike bjørker saa vart det som ein hjell. Paa olderlauvteigene, vart kjervene berre lagt paa stukkene paa marken. Naar saa lauvet var turrt, bar dei det saman og stekte det. Var det i raaaste laget vart det lagt inni stakken straatt og einer saa den skulde bli meire gristen og inkje sige saa ihop. Inkje nemne paa skugge for slike mengder; veret fekk lage seg som det kom. Ein hadde lauvstikke, og merkte av for kvart kjerv. Ei lauvstikke var laga slik at ein vrei ein gran vidjukvist som saa vart knept innpaa ein bukseknapp. Var \[-kaaraa\] snaaraa. I ein lauvstakk var det saa fraa 100 til 200-300 kjerv. Maatte legge under stakken straatt og einer og sættes paa ein høgre plass for aa unngaa issvull. Kjervane lægdes med toppen inn, og med flo for flo i umgang, og saa maatte ein passe paa det halla ut, saa stakken inkje tok inn vatn, og kvesse jamt upp for aa slaa av seg væte. Sukkertopp, sa mannen. Naar stakken var ferdig reidde ein til ein 5 a 6 straatter som ein saa staura nedi toppen for aa halde fast dei siste kjørvi og for at inkje vinden skulde taka dei. Kansje reiv dei einkjørr og lagde ogonpaa toppen og. Der det var jeiter, saa maatte ein klæ stakken med straatt og einer, ellers saa aat jeiti upp heile stakken. Dette hende stundom det. Gjæret lauv ukjennt. \[side 5:\] 6: Dei tok heim lauvet um vinteren, helst i mildver. Dei som hadde hest brukte han, andre drog paa kjelke, eller bar paa ryggen. 8 a 10 kjerv i kvar bør etter som kjørvi var store til. Rislauvet var mindre, meire finkvista. Tok heim etterkvart. Aldri dugnad. 7: Vart teke lauv baade i innmark og utmark. Berre karmannsarbeid. 8: Lauvet laag um det var ute, eller var det rum i ei lyu, saa tok dei det inn. Naut, jeit og sau fekk lauv, og hesten ospa- lauv. Dei brukte som dei hadde raad til. Radt 2 gonger um dagen, alltid tilkvelds. Dei delte eit kjerv millom 3 a 4 kyr. For jeiti saa reiv dei lauvet utpaa i nautgarden, um veret var laglegt. Ho er lei til aa stange og bite jeiti. Sauen fekk i bingen. 9: Bjørke- older- og iser ospalauvet. 10: Nei. 11: Ukjennt her. 12: Ukjennt. 13: Ukjennt. 14: Ukjennt ja bjørk. 15: Nei B. Lauv som rakes saman paa bakken. 1: Raakaalauv - Sopalauv naar ein inkje kan raka. 2: Osp- og olderlauv. 3: Der det er rein mark brukes rive. elles med einekvister, aldri med henderne. 4: Ein hadde flettede korger, andre kunde \[side 6:\] 4: bruke stakkene til kjeringi og bar i. 5: Kvinnor og born raakaa saman og karfolk bar heim. Ospalauvet var tungt olderlauvet lett. 6: I lyu, helst i svaler saa det bles inn. 7: Dei fekk lauvet serskildt. Nauti fekk ospelauvet og saakryteri olderlauvet. 8: Ospalauvet meinte dei var godt for, og reinska dyri innvortes. 9: Raakarlauv var brukt aarlig. Var brukt under krigen. Naa held det paa vert slut med dette og. Naar det er tale um raakaalauv, saa var det berre einskilde gardar som hadde slike skogar. Her paa min gard var det reint framifraa med raakaalauvskog: Turre bakkar, i flate lende vil det inkje bli turt. Saa er det veret um aa gjera da. I regnfulle haustar fær ein inkje raakaalauv, og bli vinden sterk saa reiser han med det. Far min sa alltid, at han inkje viste kormange dyr han skulde setja paa baas um hausten, før han saag kor mykje raakålauv han fekk inn. Det er 3 reine, fine ospalunder her paa garden, og olderlauv er det nøgdi med. For alt det lauv eg har bore heim i mi tid. Da eg i 1891 kom heimatt, og byrja med gardsbruk, da datt ospelauvet ende ned um hausten. Fekk eg saa \[side 7:\] i ein 3 a 4 jenter til aa raakaa. Sjølv bar eg. Eg bar heim 60 korger den dagen, men da var eg kjei og um kvelden. Slik gjekk det fleire dagar, um inkje saamykje vart gjort. Ospalauvet taala um det inkje kjem inn saa turt. Det kan gaa varmt i det, saa det surna; men kui et det godt da og. Olderleivet tolar inkje gjæring for da bli det mugg i det. Dei var paapassige og nytta alt i førre tiden. Dei arbeidde, var annuge, og livberga seg og sine, ofte ein flokk med barn. Eg fekk 10, men det greid- de seg det med, enda eg byrja med Kr. \[-4\] 400:- kontant, og kona hadde ingenting. Har drivi upp garden og kjøpt attaat seter. Byrja med ein liten hest og 5 kyr. Har havt 2 hestar og 19 naut. Er dette tilhanget ulikeleg, saa skjer det vekk. Naa er resan slut.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste