Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Lauving
NEG_9_1897_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_9_1897_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Ja.Var før årvist for.Nå meire hjelpefor.Mangelen på \[-på\] arbeidshjelp ein viktig årsak til at lauvinga har minka. 2: Tida millom slåttonn og skuronn var den tid ein helst lauva. Men det hende ein lauva før slåtten og. 3: Ein nytta \[\_lauvjarnet\] eller \[\_sigden\] som det og vart kalla. \[Figur: teiking av lauvjarn/sigd\]. Ein kjenner ikkje til bruken av rispalauv. 4: Ein tok både lauv av tre som vart hogde ned og av sotfaste tre. Ein kolla eller stubba trea, slik at ein kunne hogge lauv av dei med visse års millomrom. I slåtte- jorder og hamnehogar var det masse slike kolla tre. Det vart ein eige slags kultur dette her, og det hadde sin verdi å ha slik lauvskog i nærleiken. 5: Lauvet vart anten tørka på bakken eller helst opphengt i trea. Lauvet vart bunde i kjervar. Ein mann skulle hogge 60 kjervar på ein dag, men mange greidde meire. Skogslauv vart sett opp rått i ei \[\_lauve\]. Under ei stor gran helst på eit underlag av kvist la dei lauvet i 2 kjervar breidde \[s. 2\] ca. 150 cm. i eit lag. Så sette de \[\_spituer\] = staurar langs sidene som hindra kjervane i å sige på kvarandre, og tilslutt reiste dei gjerne dei trea lauvet var hogga av i kring for å hindre at dyra gjorde skade på det. Kjervene vart da lagt med toppen mot midten. Ein hadde gjerne litt granbar på toppen. Elles valde ein gjerne ut ei kvistrik og tett gran. Det var ikkje noko visst tal over kor mange kjervar det skulle vera i ei lauve. Lauv tørka på den måten vart ofte beste lauvet. Surlauv er ukjent. \[Fugur: teiking av ei lauve ved eit grantre\] lauve. 6: Lauvet køyrt heim om vinteren. 7: Ja. Både karar og kvinnfolk tok del i arbeidet. 8: Heime blir lauvet havt i hus. Ku, sau og geit får lauv. I sjeldnare tilfelle og hestar. Ein gjev lauv ein eller to gonger om dagen. Ein kjerv vart her delt millom ein 2-3 kyr. 9: I rekkjfølge: rogn, selje, bjørk, osp, or. 10: Nei. 11: Nei. 12-15. Nei. B. \[\_Rakelauv.\] 1: \[\_Råkålauv\]. Mindre brukt enn kjervelauv. 3: Rive eller lime, eller båe delar. 2: Helst ospelauv. 4: I sekker og korger. \[s. 3\] 5: Nei, det var nokså jamt fordelt på kvinnfolk og karar, på born og vaksne. 6: I hus. På låven eller fjostrevet. 7: Anten som sørpe eller også ublanda. 8: Rakelauv var dårlegare for enn kjervelauv. 9: Her i bygda har rakelauv neppe vore sanka dei siste 30 åra, medan kjervelauv framleis er hogge til kvart år, men av færre og færre.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste