Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Beit og brom
NEG_8_3481_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_8_3481_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Beit og Brom. 1: Beit har det vore nytta mykje her på gardane. Og det vert brukt noko enndå på sume gardar. Det vert helst sagt beit, då er det serleg meint bjørkeris. Dei brukte og noko ospebeit men det kalla dei for brot. 2: Døme: Me har vå te skogs ette beitalass, køyrt på vanleg slede Det vart og sagt at dei skulde "ost å beita" 3: Beiti vart henta heim på ymse tider um vinteren, alt etter som ver og før var. Kvistane vart hogde av grøvste strangane (stamma) i skogen og køyrde heim i beita- lass og so riste dei beiti av heime i tunet. \[s. 2\] 4: Dei riste beiti med snidl, og sume brukte lausigd. 5: Det var berre kyrne som fekk beit 6: Bjørkeriset (kvistane) vart lagt i store kostar (dunga) som vart kalla for beitakost, den låg ved løa eller vedhuse. Og so vart det rist beit til dagen eller fleire dagar um gongi. Det var serleg um å gjera å hava ein stor beitakost til jola. 7: Godmor og godfar snakte um at i deira barndom var det brukt å henta heim beit eller skav lang- fredagsmorgon, på fastande hjarta Og det skulde verta umkring 1870 åri.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste