Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_6_Ho_Austevoll
Transkripsjon av filen #NEG_2_6_Ho_Austevoll
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[s. 1\] 1: Gardane er jamstore (frå 1 ku til 4 kyr). Nokre få gardar har hest. Arbeidsmåtane har brigda seg lite frå gamalt. Frå slåtteplass og til løa er det få stader meir enn 200 m. Her er ikkje utmark- slått – og har heller ikkje vore det. 2: Høyet vert bore anten på tog eller på staurar. Det nyslegne graset kallar me "jo" (ei). Det er berre joa me har på staurar. \[Asterisk\] Her er ikkje \[Figur: Teikning av to personar med båre\] skog. "Børsvoll, topp eller sloe" har me ikkje. Toget kallar me "børatog" (eit). På børatoget er det ei "hægel" som endane vert dregne gjennom når det vert lagt om børa. Endane på toget kallar me fatlar (ein fatle). \[Asterisk\] Ein mann har bruke trillebåre, og han tykkjer det er ein god måte her. \[Figur: To teikningar av ei trillebåre.\] \[s. 2\] Hægla har to former: 1: \[Figur: Tre teikningar av ei hekte\] Denne hægela er jamnast av brake. 2: \[Figur: To teikningar av ei hekte\] Denne hægela er jamnast av ask. Sume kallar hægela: "høvel". Dei som ikkje har hest, ber alt turehøyet inn på tog. Det vert sumla saman i dungar, og av desse dungane lagar ein fengjer og legg på toget. \[Figur: Teikning som viser korleis fengjene skal liggje på toget\] Fengjene leggjer ein på toget etter ein regel som kvar ven seg til med. Hallar børa bakover på ryggen, seir ein at ho er "attekeik". \[Figur: Teikning av mann med høybør.\] Kjem hægela ned i nakken, er ho "hægel-i-hals". borna er med og sumlar høyet saman – eller dei set såtar på ein teig med såtehøy i nærleiken. Han som reiser børa, står bakom. Ein sjeldan gong kan han stå framom og hale i fatlane. Brukar ikkje løypestreng. Mange har ei stor "håkipa". \[?Ettervoksteren\] ber ein vanleg inn i håkipa. Stutthøy og hå ber ein og inn i kipa. Trillebår vert \[-ikkje\] nytta, \[-heller\] men ikkje "høytang". \[s. 3\] 2: 3: Høyet vert transportert berre om sumaren. 4: Ein brukar tohjulsvogn. Kallar henne "høyvogn" (ei) eller langkjerra. Ho er oml. 4 m. lang og 1 m. breid. Noko oppsvinga på endane. Skjerm over hjula. \[Figur: Teikning av høyvogn med lass.\] Lasset vert lesst med høygaffel. Eit lass høy er oml. 6 bører (300-350 kg) Ei børa er 5-7 fengjer. Tar ikkje noko merke av korleis det siste lasset er. Tek høyet \[\_vel\] til slutt. Fester lasset med tau: set det fast framme på vogna og surrar det over høylasset bakover vogna. Brukar berre ei hest. 5: Transporten var den same ved fellesslått. Høyet vart delt i bører på turkeplassen. Dette var før utskiftningen (1918). 6: Her er ikkje noko å svara. 1/12-46 Johan Tufteland.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste