Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Beit og brom
NEG_8_2855_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_8_2855_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: \[\_Beit\] var jamleg i bruk fram til 1920-åra. Av og til kan det enno verta bruka når det høver å køyra heim noko av den finaste kvisten dei får når dei høgg ved om vinteren. Beit er her rekna berre av bjørk. Eller hender det og hender av og til enno at smale og geiter får "ei beiska med furubar" eller ei "sprakabuska" (eine) som ein henger på grinda til "stekken". Om våren kan ein enno om det er knipe med høy, ta inn raunelauv og seljelauv, og likeins almelauv og almebork til kyrne. Ordet brom kjenner ein ikkje her. Om sumaren, millom onnene, "skar ein lauv" på alle gardar, og enno gjer sume det. Ein skjer toppane av bjørk, selja, raun, alm, ask o.a. og "kjervar det", bind det saman med ein "bendidl". Ein "piler" treet. Då høgg ein treet av ovanfor dei nedste greinene og likeins desse greinene. Ask og alm vart såleis stadigt pilte før. Dei som hadde mykje av desse treslag på bøen, hadde eit godt tillegg til foret. \[Notat: til lauskjerr pl. -kjørr.\] \[s. 2\] Ein snakka om eit \[\_beitaknippe\]. Det var eit passeleg fang med "bendidl" om. "Bendidl" var då berre ein god og seig kvist av beita. 2: Ein snakka om å \[\_reisa tilskogs og beita\], eller \[\_på beiting\], om sumaren \[\_på lau(v)ing\] Ein bruka før ein serskilt \[\_vedaslede\] med horn både bak og framme. 3: Ein henta beit heim om vinteren og om våren. Ein tok trea heim med beita på og riste av heime i tunet. Lauskjerr tek ein om sumaren og tidleg på hausten. 4: Ein nytta lauvsigd før. Bestemor mi, død 1924, ville ikkje ha anna reidskap. Lauvsigden var mykje mindre enn ein vanleg sigd. Ein skar beit og ris med den. Seinare har ein gått over til å bruka berre "\[\_snidl\]", større og mindre. \[Figur: teikning av snidl\] 5: Sauer, geit, kyr og hest. Ei herming frå Vossestrand: Hesten humra: Hå-ha-hå- Synva gje meg beit! Sauene fekk furebar og sprake. Enno er det i bruk å hengja ei buska på grinda, så dei får plukka av baret. Dei "barde" frosen sprake ute i tunet så nålene datt av. Dei rekna dette for sers kraftig kost. Beista fekk ikkje dette foret blanda med anna for. \[s. 3\] 6: Før hadde ein alltid på ettervinteren og våren ein \[\_beitakost\] utanfor løa. Det var ikkje vanleg å lata beista gå i beitakosten. 7: Nei. Beit av mork (osp, raun og hegg) kalla ein \[\_brot\] n. -et beit- æ. eit lauvskjerr - fleire lauvskjørr Til vinterbeit er bruka omlag berre bjørk.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste