Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Beit og brom
NEG_8_1348_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_8_1348_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja. Beit. Ris. Kjørr. Bjørk (Ikkje lavlandsbjørk, ho er uetleg og virkar stoppande) Vie, sylju. Kjørr er fleire slag som veks i seterliene og sume slag øvst i skoggrensar er eit overlag godt betfor som dyri tek med god hug. Vert skoren seinhaustes, oktober, og sett i stakk og heimkjørt vinterstid. Tjukk bark og saftig. 2: Risa. Skjera kjørr. - Nei. 3: Heile vinteren. - Ja. - Er lite kjend, er berre dei med eit par naut som um vaaren finn sylju og vie til dei - I bestefars tid brukte dei aa køyre inn i Nautgarden i lassevis med bjørk og rise paa og saa slapp dei fenaden, helst ungdyr ut i Nautgaren til aa leita. I joletidi hadde dei eit ord "Klaavaaheilagt". vil seia, at det var heilagt (arbeidsfri) fraa den tid nauti kom inn og i klavan att. Vart bølingen slept ut høgstdags- leite, vart han sett inn att um eit par timar, alt etter veret. 4: Lauvjønn. Sigd. \[Figur: teikning av lauvjarn\] 5: Nauti. Er bunte i kjørr, saa fær dyri ein grep meir eller mindre saman med anna for. Kjervier oftast 2/3 m. lange. Grovaste stylkane vert ikkje biti og vert utreinska. \[side 2:\] 6: Vart velta mot ein vegg. Det som elles har vore mest ibruk er aa hogge lauv sumarstid. Fyre onna lauv for geit og sau og seinare rislauv for fee. Vart saa sett i stakk og heimteke etterkvart ein brukte. Vart hogge i tusenvis kjerv. Det var godt for. Hestemøkk har vore mykje brukt til fyllfor for nauti. Dei rødde ho saman med agnar. Til svini brukte dei og hestmøkk, slog paa skuli og grøyp. Det gamle svineslaget var saa hardført, at det mest ikkje kunde sveltast ihel eller frøysast ihel. Um sumaren livde dei i setertuna, laga seg eit bol og greidde seg som anna fe, jam- vel grisepurker. Men saa fekk dei øydelagt dette gamle tusengår\[-\] dyret og vi fekk att eit kulturdyr, som maa forast aare rundt. 7: Er aldeles ukjennt her naa.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste