Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Beit og brom
NEG_8_1222_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_8_1222_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Beit til for hev vore mykje nytta her og dei fleste stader her i kring Det er og delvis nytta endo. Fyrr kunde det brukast som ein lut av foret serleg til sau, men ogso kyr. No vert det meir nytta som eit smaksfor til dyri. Når ein henta slik for vart det kalla å beita. Å beita, beitar, vil beita, hev beita. Ordet Brom kjenner eg ikkje til. Ein kjenner ikkje til det var bruka noko serskild slede her til dette. Beit vert helst henta um vinteren Det vart jamnast køyrt heim um vinteren når ein køyrde heim ved. Det var helst kvist av bjørk, men og kvist av raun og osp. Fure- bar hev vore svært lite bruka. Når ein hogde trei i skogen vart dei kvista der og all kvist vart lagt i serskilte dungar, slik at toppenden og tjukkenden alltid snudde \[s. 2\] same vegen. Slike dungar vart og vert kalla \[\_riskoster\]. Når desse riskostane vart heimkøyrde vart dei upplagde på same vis heime i tunet og var då og kalla riskostar. Ein riskost, riskosten, fleire riskostar. Når det var heimkome var det å hogga av dei tunnaste kvistane som vart kalla beit når kvistane var av bjørk. Var kvistene av raun eller osp vart desse fine kvistene kalla \[\_brot\]. Ospebrot - raunebrot. I eldre tider var det vanleg sigd som vart nytta til dette arbeidet Seinare fekk ein lauvkniv \[Figur: Teiking av lauvkniv\] og kalla sniel. Beit og brot vart bruka til sau og geit, men og mykje bruka til kyr. Det var rekna som eit viktug tilskot til turrforet um vinteren. Millom anna skulde kyrne laupa tidlegare etter kalving og det skulde vera betre å sjå på kyrne når dei laupte. Det vart vanleg gjerne etter anna for, anten etter siste mål fyre middag, eller etter kveldsmat. Vanleg vart det lagra i eit la langs løeveggen slik at takdropane fall i det når det var takdropar, dette for at det ikkje skulde turka upp. Her hev det ikkje vore vanleg å \[s. 3\] sleppa krøtri ut so dei åt det ute. Det vart bore inn og gjeve soleis i båsen til kyr og i krubba til sau og geit. Ein kjenner ikkje til skikken at ein langfredag skulde henta beit på fastande hjarta. Når det leid mot våren slik at det vart stor kummar på bjørkebeiti og det berre var tunnaste kvistene som vart nytta, vart det helde like godt som for, som markahøy. Det var og mykje bruka og er det delvis enno å gå på skogen at um våren å finna raune- brot når det var kome små lauv på kvistene. Slik brot er eit godt hjelpefor. Då finn ein og brot av selja og alm um ein hev slik skog. Samstundes flekkjer ein borken av selja og almegreinene. Slik bork vert kalla bost, ei bost, bosti, fleire bost. Var bosti grov av større greiner måtte dei hakkast med øks fyrr ein gav krøtri den.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste