Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Beit og brom
NEG_8_912_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_8_912_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1:R i s har vore mykje nytta som dyrefor her.Ris er mjuke kvistar,oftast ein 60-70 sm.lange.Frå gamalt fekk dyra ris minst ein gong om dagen hei\[-\]le vinteren. Å hogge ris kallast å vera i \[\_risskogen\].På dei større gardane låg folk i vekevis i risskogen om vinteren. Riset vart køyrt heim i lassevis.Det var nøye reglar for kor stort eit lass skulle vera.Regelen var slik:12 \[\_kvistar\] i ei \[hendle\](av hand\[-d\] – henle,henla,henlo,hen- lun – dativ henlun,henlom),12 hendlo i ei \[\_gøyv\](jøyv, jøyva,jøyve,jøyvin,dativ jøyven,-om),12 gøyver i eit \[\_fanga\] og 12 fanga i eit lass.Om regelen ikkje vart følgt så nøye så var dette inndelinga. Beit var nok noko mindre nytta enn ris, men var likevel almindeleg nytta frå gamalt.Det var kvistar og tre av furu og osp som vart køyrt heim på tunet og serleg geit og sau, men og ungnaut og til dels kyr- ne vart utslepte for å gnaga av borken og eta dei granne kvistane. 2:Kjøre ris og beit. 3:Beit og ris vart nok henta heile vinteren.Det var halde for å vera best på vårleida når savet tok til å koma i kvistene.Ris av fjellbjørk med tjukk bork var halde for å vera betra.Det var ikkje uvanleg at \[s. 2\] ein køyrde fram heile trea og hogg av kvistene til beit.Det same kunne vera tilfelle med risbjørka. Brom kjenner eg ikkje til har vore nytta onnorleis enn at det sjølvsagt har vore hogge ris og om våren. 4:Når ein hogg ris så brukte ein \[\_lauvjoynne\] eller \[\_sig-\] \[\_den\] som her er same reidskapen. \[Figur: teiking av lauvjarn\] Lauvjarn.(Sigd.) 5: Beit vart helst nytta til småkrytyr,geit og sau.Dei vart jaga ut og stod ute på tunet og gnog.Riset vart gjeve kyrne og vart gjeve i båsane.Ris vart ofte gjeve \[-ti\] til kvelds.Der dei gav ris 2 gonger om dagen fekk krytyra ris både til høgstdag og til kvelds. 6:Rislasset vart lagt i lag, anten utafor fjøsveggen eller\[-in\] inne på fjøstrevet.Beit vart lagt i ein haug ute på tunet og så lagt utover til dyra ettersom dei trong det.Berre småkrytyr blir utslepte til å få beit lenger og for det meste er det slutt på det og.Ris har vore ikkje så lite nytta heilt opp mot våre dagar og er til dels nytta enda. 7:Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste