Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_12210_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_12210_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: I eldre tid brukte dei mykje attåtforing til høiet. Dei kalla dette «raskefor» eller «attåtforing». 2: Skav brukte dei mykje her fyrr i tida. Samnamne var gjerna «markafor». eller berre «mark» eller berre «skav»-. 3: Gjerningordet «Skava» nåtid «skjevo» har «skove» skal «skava» 4: I forknipeår nytta ein gjerne skav til krøterfor og. Me kalla det berre skav. Det var gjerne av osp raun eller alm. Elles bruka ein ofte «beit» til både kuer og sauer og gjeit her i eldre tider. Ein gav gjerna lit av dette dagleg etter jol. Elles «laua» ein mykje og, då var det gjerne eit lauvkjerr for dagen til til kvar sauastekkje og gjerna til kua og om ein hadde opelauv, raunelauv eller akselauv. 5: Til skav nyttar ein raun, osp, alm o.s.b. Orrebark er ikkje rekna for noko godt skav. Furu og gran skjev ein ikkje; men derimot brukte ein å henga inn sprake til natt- mat til sauer, og sume bruka det og til kua. Gjævast til skav var vel osp, raun og alm. Bjørkeskav bruka ein ogso gjerne. \[s. 2\] 6: Orde «skjevla», kalla me desse tunne kvista- ne som var hogde til ei vedlængd, og var omlag så tjukke som ein skistav. Slike skjevla leika ungane med om kvellane. Dei bygde hus av dei, når faren hadde skave dei reine for bark -. Det var kos - Det var helst raun dei var av. 7: Dette rimet har eg vist høyrt eigong, men noko som kan erstatte dette, kjenner eg inkje 8: Heile buskapen fekk gjerne skav, men ikkje hesten. Skave var mest aktuelt mot våren. Dei gav skave helst for seg sjølv. Dei bruka ikkje å skava \[?orer\] som eg kan minnast. Om det var for dyri inkje likte det, eller for dei trudde det var mindre næring i denne older «orri» veit eg ikkje. 9: Ein fekk meir mjølk og fyldigare rjome når kua fekk skav og smøret vart meir gult – men rauneskav kunde setja ein beisk smak på rjomen og på mjølki om dei fekk det dagleg. Difor veksla dei med dette skave sit. 10: Ein dreg gjerne til skogs etter skaveved. Elles så brukar ein hesjeveden og skav av husveden til dyri. 11: Me kalla det å draga på «markaskog», reisa etter mark eller etter skavved. 12: Ja ein kallar veden: skavved mark eller skav til dyri. 13: Her kalla dei berre «marka» når dei samla skavved. So segjer ein på «lauvskog» og på «mosehenting». 14: Skave hentar ein helst heim mot våren. Her rekna dei det inkje for så hart arbeid dette. Har inkje høyrt dette om å hente heim skav langfredag, å lida på denne måten. \[s. 3\] 15: Skaving gjekk fyre seg ofte på tunet, i vedsjulet, eller ogso inne i stova. 16: Dei nytta ein skavekniv, som dei kalla «bandakniv» til å skava med. Denne kniven var om lag ei alen lang med hald i begge endar gjort av tre. Den var lit krumbøygd. og ljåen gjekk ikkje heilt ut til handtaki. Denne kniven var berre laga for dette høvet. Elles kunde dei som ingen bandakniv hadde, bruka eit ljåsbrot, med filla ei eine enden, so helt dei i den andre om ljåspirsen. Bandaknivane var rekna som best til dette bruke; men ein måt- te hjelpa seg på ymis vis - . 17: Dei går fram på ulike vis. Hesjeveden skov dei gjerne ute i vedsjulet, og då hadde dei gjerne ei skrustikka, som dei kalla det, å feste stokken i, mens den andre enden kviler på ei kluftegrein som dei set ned i jordi. Her hadde dei gjerne og ein bandakrakk når dei skov sjevla inne i stova, eller dei bruka ein annan gamal krakk, som dei sette ein pinne i, so kvilte ljåen på dette, mens sjevelen før- des fram og attende. Denne pinnen kalla dei berre «skavpinnen» som eg hugsar. 18: Har inkje sett eller høyrt om dei har nytta slik stong her – men det kunde vel henda at ein «mosedott» brukte både sengi og ovnen til skavkrakk – Har inkje høyrt namne skavhæl – Kanskje dei bruka det fyrr mi tid, eg veit inkje. Har aldri høyrt det namne av gamle folk i min unge alder heller - . \[s. 4\] 19: Dei kan sitja og sume står. Dersom dei skjev inne so sat dei helst. Då bruka dei gjerne ein skavljå helt kjeppen med venstre handa og førde ljåen med høgre handa, so hadde dei då denne pinnen til stø for skavkniven, so drog dei kjeppen fram og attende. Dersom dei bruka bandakniv så måtte dei bruka begge hendene. Det gjekk fora- re og mest vart det og brukt. Då helt dei helst til ute med det 20: Den veden som er skoven, kallar ein skavved; men dei korte kjeppane kalla me sjevla. 21: Namne på barken kalla ein bark eller skav. Dei små bitane kala me «skaveblokko». 22: Kjeppane som er skavne kalla dei her «skjevla», fleirtal alle «skjevlane» - Ein «skjevil». «Kubbe» kalla me eit vedstykkje. 23: Ein skjev tunne kjeppar; men og lange vedkubbar. Den kan vera lenger end vanleg brennved -. 24: Skave kan vera ymist, tunt og fint; men og tjukkare alt etter det matriel ein har med å gjera. Sjeldan tek ein med noko av vedlaget – men barken kan vera tunn, og sume tider tjukkare. ja sume var mykje flinkare end andre å skava. Dei skolde ut det ringe av barken, og tok berre det som dei visste dyri var gla i. Dyri gjorde forjell på skav, ogbles i nasa når skave ikkje var godt for dei. 25: Avskaven ved var bra til baksteved. Elles nytta ein den til husved, og til å fyra med når ein laga omnsbrød- 26: Ein slutta med å skav for om lag 20 år sidan-.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste