Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1414_Bu_Ål
Transkripsjon av filen #NEG_1_1414_Bu_Ål
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Emne 9. Ard og plog. Ard (ein) uttalast al tjuk l. Det er eit helder ukjent reidskap her i bygdi, so de lyt orsaka, at eg ikkje kan gje nokon utgreiing um den. Men sovidt eg har høyrt vart arden brukt i Gol aa kanskje den er i bruk der enno. I gamal tid sette dei jamt poteterne i kvar for. Det vart daa so tett med radir, at dei fekk ikkje bruke anna reidskap ell grev, naar dei skulde reinska potetlende for ugras. Ikring 1900 og utover, vart det fleire og fleire, som sette annankvar for. Det vart daa lenger millom raderne, so sume fekk gjort seg eit reidskap liknande ard som dei drog millom potetraderne. Det var berre eit skjær paa desse arderne, som rota upp jordi og ugraset. Eg og sume andre her i bygdi kjøpte hyppeplog, som me køyrde millom raderne. Den brukast ogso sume stader til aa køyra upp rader naar dei set poteter. Plog (ein). Um rigtig gamle plogtyper kan ikkje eg segja mykje um. Det vart nok fortalt um, at dei brukte treplogar, men \[s. 2\] nokon slike har eg aldri sett ell høyrt my- kje um, so eg kan ikkje segja noko um dei. Dei plogarne som bruktest fyrste eg minnes kring 1880 aari, og som vist hadde vori dei vanlege i lange tider likna paa nr. 11 paa ridset dykkar. Det var stutte og lette plogar, og det laut dei væra, for dei fleste av aak- rarne var smaa og svert steinfulle. Det laut oftast væra eit par «gravstekarar» med, som grov og spadde kring steinar og røysar der ikkje plogen kunna koma til. Dei sama aakrarne bruktest kvart aar, og dei laag helst der det var noko bratlendt og lett jord. Plogarne var heimesmidde av smedar i bygdi. Dei kjøpte oftast jern sjølve og kol brende me sjølve aa so fekk smeden ei liti dagløn for aa gjera plogen. Me var so heldige her i bygdi, at me hadde ein god smed, som smidde plogar aat alle i bygdi ja aat andre bygdar ogso. Det var min morbror Torstein Lappegaard. Han dreiv med smiing og snedkering fraa 1860 aari til vel 1900. Plogen som dei brukte i 80 aari og utover til vel 1900 var som fyr nemnt umlag som nr. 11 paa ridset. Det var daa fyrst «plogaasen» (ein) som var av god bjørk. Bakerst paa plogaasen var eit uppretstaaande tre som styret var festa til i øvre enden. Til nedre enden var festa eit trekt sterkt jern, som kallast «grøt- volen». I fremste enden av grøtvolen (ein) var so plogskjæret (eit) saura (saae) saman med denne. Veltefjøl (ei) var vridd og \[s. 3\] festa til plogskjæret med naglar og til plogaasen med skruvar. Den var av godt staal, so den heldt seg rein og blank. Ristilen (ein) var gjønom plogaasen aa gjekk ned framanfor skjæret likt jupt med dette. Den var av staal ell med innlagt staal i eggen. Ikring plogaasen og ristilen var plogringen og fremst i enden av plogaasen ein jernkrok til aa hekte ploglekkje i. Paa baksida av plogaasen var det ein klods, som plogen laag paa naar dei køyrde attende. Det var vist vanleg, at dei hadde tvo plogar paa kvar gard, «nordplog» og «sørplog». Eg har sett i gamle skiftebrev, at det er registert to plogar t.d. eit skifte i Dok av 1787 «2 plover med behørig redskap 1 dalar og 2 ort». Grunnen til at dei hadde tvo plogar var vel fleire. Det eine var no det at pløgde dei til sama kanten kvart aar, so vilde jordi hope seg upp paa den kanten der dei slutta fori. Pløgde dei derimot sume aar nord og sume aar sør, so vart jordi lik i baae kantar. Desutan var det mange stader, at aakeren var like inn til gjerde ell steinrøysar, so dei ikkje fekk pløgja ut fori, «dei hadde kji vende», som dei sa. Daa var det ogso kringt aa ha ein annan plog aa pløgja venda med. So var det no godt aa ha ein plog paa «varastyre» um den eine skul ryke sundt i hardaste vaaraanna. Det vanlege djupet paa plog- fori paa gamal aaker var kring 6 tommer. \[s. 4\] Ikring 1900 ja kanskje lidt fyr, kom det ei ny plogtype ibruk her, som kallast «vendeplog». Etter den tidi vart det heilt slutt med dei gamle smaae plogarne. Det var ein fraa Aal O. A. Strand som bygde eit verkstad paa Vangen i Aal, og tok til aa laga desse plogarne, og dei har vori dei vanlegste plogar her sidan til aa pløgja vanleg aaker med. Den fyrste vendeplogen eg kjøpte ga eg kr.18.00 for. Dette var truleg kring 1897, men no er vist prisen mangedubla. O. A. Strand laga modellar til plogskjær og veltefjølar aa sende til jernverkstader, aa fekk dei støypt og tilforma der aa so smidde han resten aa sette saman plogarne. Vendeplogen er noko lengere og større enn dei gamle plogarne og so er det ikkje ristil, men skjæret er mykje større og sterkare. Plogaasen er av tre, god bjørk. Underst er grøtvølen eit solid jern med ein tapp i framenden som gaar i eit hol i skjæret. I bakenden hælen er den saaren saman med eit jern som gaar upp i plogaasen aa er nagla saman med eit tre som gaar upp til styret. Skjæret og veltefjøle er festa saman med naglar. Uppaa plogaasen er festa eit rundt jern med ein krok i enda til aa hekte i eit hol i veltefjøli. Naar ein tek or kroken kan ein altso snu baade skjæret og veltefjøli paa andre sida. Soleids kan dei pløgja baade fram og attende med sama plog. Fremst og under plogaasen er ei liti trinse, som dei \[s. 5\] kan stelle høgt ell laagt, etter som dei vil pløgja djupt ell grunt. Draget som dei brukte og brukar enno kallast «skoklar» (eit skoklepar). Det er tvo dragarmar umlag som skjeker festa til eit tverrtre med jernhemper. Midt paa tverrtreet var ei jernhespe «ploghes- pa», som dei hadde «ploglekkje» i, som dei hekta paa kroken paa plogen. No seinare laga dei skoklarne lettare. Drag- armarne er stuttare og so er det eit grant jernlekkje fraa dragarmen burti tverrtreet. So har dei ei reim ell ein taum festa i ar- marne og den ligg over hesteryggen aa held armarne uppe. Desse skoklarne er mykje ledugare naar dei skal snu ell apa hesten. I gamal tid var det sjeldan dei pløgde upp att grasmark, det var dei gamle aak rarne aar etter aar. Me har ein del dyrka myr her i bygdi og dei fleste pløgde nok upp eit stykke kvart aar, men det var seigt arbeid med dei gamle plogarne. T. Lappegaard smidde so ein større plog til aa pløgja grasmark med. Den var nok betre, men det var tungt aa dra for ein hest. Ikring 1900 og utover var det fleire, som kjøpte av dei moderne store voldplogar fraa maskinforretning- arne aa sette tvo hestar for aa daa gjekk det bra. No er det nok vanleg, at dei pløgjer upp baade myr og annan vold kvart aar. Jamvel ein traktor er komen her aat bygdi, men den trur eg vert mindre bruk for. Det er for smaa arealer her. \[s. 6\] Det er stor framgang og stor skildnad paa jordbruksreidskap dei sidste 50 aari, fraa smaae plogar til store moderne, fraa jernskodde rekur til greip og gode staalspader, fra smaae staurstenger av jern til store staalstenger og steinbrytere. Det var først i 20 aari det kom fart i nybrotsarbeidet, so no er det meste av den dyrka marki reinska for stein og slaamaskina og hesteriva tek mykje av aannearbeidet. Ard uttalast al meg tjuk l og plog med tjul l. Naar dei smelte jern og staal segjer me, at dei sjøar det saman, (saar, sjoa, sau) Til spursmaal 15. 21. 22. 23. Nei Den 15/3-1948 Asle Kirkedelen
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste