Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_9543_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_9543_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 og 2. ikkje noko samnamn, det måtte då vera at dei sa Attaotfôring, å fôra attaot. 3: å skava, eg skjevo, me skava; eg skov, me skovo; eg ha skove, me ha skove. 4: På Lid vart det slutt på skavinga ikring 1898 - 1900. Før var det vanleg, og det ikkje berre i ringe for- år, men som fast arbeid om vinteren. 5: På Lid var det berre raun og osp som vart skave. Det veks ikkje andre treslag høvelege til å skava der, men han far som var frå Opland, og ho mor som var frå Bjørgum, var der i sine unge dagar vane med å skava alm og ask som begge på Voss vert rekna for å gje betre skav enn osp og raun. Ingen ville finna på å skava furu, gran, or eller bjørk. Eg trur hel- ler ikkje at dei skov hatl og selje, knap nok hegg. 6: Nei, skav og skjevlar var berre samnamn. 7: Andre kan svara betre på dette enn eg. 8: Hesten fekk aldri skav. Men kyrne, og aller helst smalen og geitene. Det var om vinteren det vart brukt skav, helst midtvinters. Skavet vart gjeve for seg, ikkje saman med anna fôr. 9: Mykje skav kunne gje smak på mjølka og smøret, helst skav av raun. 10: Raunen skov vi av den raun som var køyrt heim i ve- dakosten saman med annan ved. Osp kunne vi derimot henta serskilt i Opsedusen oppe under Fossen når tida var til å skava om vinteren. 11: Veden til skaving heiter mork på Voss. 13: 14. ? 15: Ospestokkane skov vi ute i tunet, men smaomorkjæ helt vi til med inne i stova. \[s. 2\] Emne nr. 7. Voss, Lid, 189. 3. - Johannes Lid. 16: Til ospestokkane nytta vi bandakniv, til å skava skjevlane alltid skavljao. Bandakniven hadde to li- ke handtak, det var den same bandakniven som elles vart brukt til ymse andre gjeremål. Skavljaoen var vel helst ein stuttorv som det var balla ei tjukk fille eller klut om inne med kjortet så det vart handtak der. Eller det kunne vera ein avbroten lang- orvsljå. NB. Slipesteinane var komne i ålment bruk lenge føre mi tid på Voss, og då ein ljå sjeldan varde meir enn 5-6 år, minnest ikkje eg at det fanst tynsleljå på Lid. Her vil eg skyta inn at nemninga "tunne" ljå enno var vanleg i bruk på Lid fyrst i 1890-åra, i st. for nyslipte som det heitte sidan. Og tilsvarane "tjukke" ljå i st. for utskjemde. 17: "Hesjaved" var ukjent på Lid. Eg minnest nok at det fanst "faste" hesjar, og at dei i Bortegarden og i Sveo batt opp hesjane om våren, men det vart slutt med det dei fyrste åra etter 1890. Det vart brukt noko traohesjar (hesjegarn eller streng), men mest nabbahesjar med lause 4-alningstroer. Det seiest at det skulde vera han bestefar, Josef Bjørgum (1817 - 1876: som tok til å skjera slikt hesjetro av fem- kvartsbord slik at troene vart 5/4 tomme i firkant. Ospestokkane som var noko tjukke då, vart fyrst korpa, med det at noko av det ytre groe korpet vart skrubba av med bandaknvien før sjølve skavinga tok til. Til å skava markaveden vart brukt skavkrakk som var laga serskilt til det bruk. Eg minnest vel at han far laga den skavkrakken vi hadde på Lid. Han hadde tre føter, og såg om lag slik ut: \[Figur: teikning av skavkrakk\] Bror min, Josef O. Lid heime på Lid har eit bilete (målar- stykke av Nils Bjør- gum) av ein mann som sit på skavkrak- ken og skjev. Bile- tet er måla på Bjørg- um i 1885, og man- nen som skjev hei- ter Arnved Vivås (f. 1847) som var dreng på Bjørgum då. \[s. 3 \] Emne nr. 7 Voss, Lid, 189. 3. - Johannes Lid. 19: Når ein skjev mork, held ein ljåen med venstre handa framom pinnen i krakken såleis at handa med handa- baken opp kjem inn til pinnen på venstre sida. Mar- kakjeppen held ein i høgre handa og dreg han fram og attende under ljåen. Når ein har skave den eine en- den av kjeppen, snur ein den og skjev den andre enden. 20: Føre skavinga er det \[\_mork\], etter skavinga er det \[\_skjevlar\]; ein skjevle, fl. skjevlar. \[Notat: Mork er eit samnamn, i eintal heiter det markakjepp.\] 21: Borken som er skaven av heiter skav, (eit) skav, skavet. Det vert mest brukt som masseord, ikkje i eintal. 22: Beste skavet er av grannare kjepper, dei vart hogde alnlang. Men både av raun, og endå meir av osp vart grovare strangar og ospestokkar skavne, og då oftast i lengder på fleire alner. 23: Kjepper på ca 2-5 cm tjukkleik heitte skjevlar når dei var skavne. Ein skjevle, fleire skjevlar. Når tjukna er 8-10-12 cm og det ikkje er kappa opp i alnalengd, heiter det strangar, ein strangje, fleire strangar både føre og etter skavinga. Var tjukna over \[-1215\] 12-15 cm heitte det stokk, eller vel helst kubb; ja det var kubb, kubbar vi sa. 24: Dei som var flinke til å skava, tok borken så fint av skjevlen dersom han ikkje var for grann. Dei gran- naste skjevlane villde det gjerne fylgja litt av veden \[-av\] med skavet. 25: Skjevlane vart brukte til ved. Skjevlane turka snøg- gare enn ved med borken på. Dertil kom at når ein fyrst hadde dei inne i stova, så brukte mange å lø eit lag med skjevlar i ei grind over omnen i stova. Då kunne dei få skjevlane heilt turre på nokre få veker om vinteren. Men elles lødde dei skjevlane opp i vedhuset eller uppmed veggen. Frå eg var liten min- nest eg at det var liksom ein hugnad å sjå dei fine blanke skjevlane liggja i lag oppmed veggen eller i skukken hos folk, kanskje helst hos husmenn. Det å ha skikkeleg og rikelege vedlad tok vi alltid som mer- ke på at det var ein mann som heldt greie på og or- den i sine ting. Såleis var det i Oplandshagen hos han Lars, og slik var det hos han Sjur i Haugateien. 26: Som nemnt (sp. 4) er det no over 50 år sidan dei skov mork på Lid. Oslo 29 mai 1954. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste