Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_9238_VA_Lyngdal
Transkripsjon av filen #NEG_7_9238_VA_Lyngdal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[s. 1\] 1: Det er ikkje kjent at krøterhandlarane betalte meir for ei ku som hadde fått skav om vinteren. 2: Det er heller ikkje kjent at kukjøtet blei svart og var vanskeleg å selja av den grunn. 3: Med den skavmengden kyrna fekk her, var det ingen fåre for kalv og gris; men dei rekna med at mjølka blei "sterkare" når kyrne fekk skav, så dersom dei gav mykje skav og lite høy, så kunne det kan henda vera uheldig for småkalver og små- grisar. 4: Dei som hadde små gardar, kan ein visst seia skor årvist, og dei "sette på" så mange kyr at dei \[*visste*\] dei hadde ikkje høy nok til å fø dei fram. Det er kjent at ein kunne skava til eit kufor, og det blei nok ofte gjort. 5: Her er det ikkje kjent at dei bruka skavl. Det var utbrugte ljåar som blei brukt. Det \[*hende*\] at når dei skulle skava dei kløyde \[?buttane\] at dei brukte bandakrakken og bandakniven, – (skaft i båe endane, ikkje ljåbrot.) 6: Nei, om dei bruka stolpe som nådde opp til bjelken, var det berre til skaving dei bruka han. 7: Dei som skov, hadde sjølv skog å ta av. Eg kjenner ikkje til at dei kjøpte eller leiga tra til \[s. 2\] skaving. 8 Eg har høyrt at det ved deling av skog, blei teken omsyn til at der blei nokre \[*almetre*\] til kvar; men det var ikkje teke omsyn til skavinga. Alma var "mattre. 9: Vanleg ålmenning er det ikkje her. Her er ein såkalla statskog, men ingen kan ta skov-ved der. 10: Eg har ikkje høyrt gjete at husmennene kunne ta skov-ved i husbonden sin skog. Hadde husmennene forlite høy, gjekk dei til grannegardane og fekk litt høy av kvar i slåtonna. 11: Ordet skovhella er ikkje kjend her. 12: Eg har ikkje høyrt nokon kjenner til at gardnissen fekk skuld for å gjera noko med skov-veden.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste