Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_9072_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_9072_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Me kalla det for tå skogen (fór Táo skôgjæ). I det gjekk inn både skav, lauv, beit og mose. 2: Markafor var og brukt. Og mork. Mork er eit trongare omgrep. Skav gjekk inn i det, og kjeppar som dei sette heile oppi til smale og geiter. Dei gnog då sjølve borken av. «Skov sjølve» 3: Å skava -skjev- skov- har skava -hadde skave- vil skava- vil ha skave. 4: Ja, det jar vore mykje nytta. Skav er namnet. Dei brukte det i mitt oppeldre til regulert fór, mest det. For dei rekna det å vera sunnt og godt for, serleg åt smabeist, smale, og geiter. Dei treivst ikkje utan skav, sa folket. Skav brukte dei attåt høy- et frå den tid snøen kom, så dei fekk køyra or skogen. Til hjelp i vanskelege år brukte dei det og. Når det var fórløysa om våren høyrde eg slike ordelag: «Me ljota berga \[s. 2\] beista.» Og så for dei på skogen. Men eg minnest ikkje det var slik forløysa på nokon av bruka på Lid. 5: Ein nyttar: raun, hegg, osp, alm ask, stundom selja. Lind var der ikkje, hassel var der svort lite. Kanskje kunne dei bruka det siste. Nei, ein skjev berre visse treslag. Så vidt eg hugsar var det berre desse slaga eg har nemnt. Men eg høyrde at dei i eldre tider had- de brukt skav òg av bartre åt krøtera. 6: Ein nyttar ordet skav (skjevlar) om dei treslaga eg har nemnt. Gjævast var raun, alm og osp. Men hegg var og godt. 7: Nei, heimanfrå hugsar eg ikkje eg har høyrt noko slikt rim. 8: Ja, heile buskapen fekk skav. Hestane minst. Sume hestar sleikte seg etter skav, men dei fleste lika det ikkje. Kyrne fekk helst stort skav av osp eller alm, eller raun. Smale og geiter fekk det meir småskave, og det både av raun, hegg, alm, osp. Olderskav såg eg ikkje brukt. Selje- skav (og mork av selja, seljestokkar) var brukt undantaksvis. Eg har før nemnt at dei fekk skav frå den tid snøen kom, så dei fekk køyra, eller dra, heim tilfang or skogen. Dei hogde altslag treslag til ved, la dei så i kvar sin dunge (kòsst) til ved. Bjørka for seg, orr for seg, og dei tre- slag som skulle skavast (eller vera til mork oppi smålogstekkane) for seg. Skavet vart brukt til ut på våren, \[s. 3\] (i sval). Det var det vanlege. Men var det fórnaud, laut dei bruka det heilt til krøtera slapp ut. Dei fekk skavet for seg sjølv, al- dei blanda med stråfór. Dei einaste var om dei fekk litt mjøl strødd på. «Hav ei mjøldust på skavet.» 9: Dei rekna ikkje at dei fekk \[\_meir\] mjølk av skav. Men dei meinte det vart betre trivnad på både mjølkekyr og «gjeldmøyte» når dei fekk skav. Og at mjølka vart betre når dei fekk ymse slag fór, også skav. At skav skulle gjeva beisk mjølk har eg ikkje høyrt. Det var turnips og surhå det. 10: Det vanlege var å køyra heim tilfang til ved, og så skava av det. Men var det fórnaud drog dei til skogs eins ærend etter skavtilfang. Tre som var hogde i svae var ikkje bra til ved men det dei hogde på den tid, for fór- naud skuld, laut dei bruka anten til ved eller andre ting. I eldre tid skov dei greiner til hes- jatro. I mi tid var det slutt med det. Hesjastaur skov dei, dersom det var av lauvtre. Furestaur kunne dei og av- berkja, men då brukte dei ikkje skavet. Sprakastaur (eine) var mykje brukt, både til gjerde og til hes. Det voks stor sprake (eine). 11: Dei sa: «Fara i markaskog». Eller: «Fara på skogen etter mork». «Dra på skogen» - - kunne dei òg seia. \[s. 4\] 12: Dei kalla det mork. 13: Nei. 14: Den vanlege tida ein hentar mork har eg Svara på i spursmal 4 og 8. Når det gjekk inn i anna skogsarbeid, som å hogga og køyra heim vedtilfang vart det ikkje retna for \[-serleg\] serleg surt eller hardt. Eg har høyrt at dei i eldre tider skul- le ha den skikken at dei for til skogs på fastande hjarta langfredag, laga seg tunge markabyrder som dei sleit og bar heim. Og grunnen skulle vera at dei skulle lida med Jesus. Når dei kom heim, ferda dei seg til og reiste til kyrkje. Såleis har eg høyrt dei gjorde i Fenna- Gardane. Men om det var berre karane, eller både karar og kvinnfolk, veit eg ikkje. 15: Det var ymist. Me brukte å skava på ymse plassar i tunet, etter som kubbane eller vedtilfanget var lagt. Det trong ikkje vera nær vedhuset. Det kunne like så snart vera nær fjøset. I vedhuset skava me ikkje. Men i ruskever kunne me skava inne i den store stova. Om kveldane hende det òg me skava inne, for det var for mørkt ute i tunet. 16: Det var to slag reiskap me brukte: Skavljå, og bandakniv. Tolekniv brukte me ikkje, han var for tjukk. Skavljåen kunne kanskje også kallast Skavkniv, for han var større og mindre, Men det vanlege namnet var skvaljå. \[s. 5\] \[\_Skavljåen\] var skikka som ein ljå, eller ein brei, tunn kniv, og hadde skaft bere i eine enden. Den kunne vera smidd serskilt til det bruket. Men stundom tok dei ein gamal avbroten ljå og sette skaft på. At dei tulla et plagg om den andre enden, hugsar eg ikkje til. Då var det å triva ein bandakniv, - det hadde me fleire av-, og det var då betre. Men at ein i naudsfall treiv ei fille om eit ljå- brot og brukte til skavljå, har eg sett. \[\_Bandakniven\] var ein brei, lang kniv med handtak i båe ender. Han var smidd til dette bruket og skjeft handtak på. Der fanst dei som heldt tynnsleljåane for å vera dei kvassaste reiskapane, men det var helst gamle folk. 17: Eg har ikkje sett dei skava ved til hesjetro. Når me skava til krøtera, var det minst tre måtar å skava på. I Høveleg avsaga, \[\_nokorlunde , granne kjep- par\]. a) Ein sette seg på skavkrakken, heldt ljåen i hakket, drog kjeppen mot seg med vinstre handa så skavet rauk av. b) Ein sette seg ned og skava på liknan- de måte utan skavkrakk. Då kunne ein skiftevis spikka ut med ljåen – eller stø høgre olbogen mot høgre låret og halda ljåen still, medan ein drog kjeppen med vinstre. Ein fekk ein \[s. 6\] viss tame til dette, så ein drog helst kjeppen og let ljåen vera still. Det galdt å få ljåen til å gli langs ved- bandet så han flekte borken frå, utan å ta med fliser av veden. Då gjekk ljåen lettast og skavet vart finast. Me borna skava mykje på ein av desse måtane, det var rekna for det lettaste (a og b). II \[\_Tjukkare kjeppar eller kubbar.\] Dei var og avsaga i visse lengder. Ein la dei i ein kluftekrakk (eller sagkrakk). Så brukte ein bandakniven, heldt i handtaka i kvar ende og skov mot seg. Snudde på stokken og flytte han etter kvart det trongs. III \[\_Store stokkar.\] Dei var ikkje avsaga, men låg i full lengd på marka. Ein sette seg på stokken og skava mot seg med bandakniv, flytte seg etter kvart. Rulla stokken om og skava på hi sida. Det laut helst vakne karar til å greia det. 18: Skavhæl kjenner eg ikkje til. Korkje Reiskapen eller ordet. 19: Det har eg svara på under punkt 17. Ved I (a og b) sat ein, anten på \[-ein krakk\] skavkrakken, eller på ein krakk fritt. Ved II stod ein. Ved III sat ein på sjølve stokken. Kanskje var det fleire måtar å skava på, men dette er dei måtane eg hugsar. \[s. 7\] 20: Me kalla det mork. Det var eit samnamn på all uskaven skav- ved. Mork til å skava, mork til å setja (uskaven) opp i smålogstek -kane. (mork -avljod marka-). 21: Skav. Me kunne seia småskav (smaoskav) 22: Det har eg svara på under spm. 17. Dei avsaga kjeppane, både dei under I og II var lenger enn vanleg brenneved. Under I så lang som famneved, dei under II lenger. 23: Skjevlar, Ein skjevil- fleire skjevlar (skjevidl – skjevlar). Ja. Skjevlar var vanleg dei granne kjep- pane opp til ei viss tjukn. Men me hadde ikkje noko sernamn på dei avskava kubbane eller stokkane, det eg veit. 24: Ja, det var visse reglar for korleis skavet skulle vera, om det skulle vera godt og lagleg å eta for krøtera. Det skulle vera all borken, og ikkje noko av veden. Den som tok fliser med, var ikkje flink å skava. Sume var mykje flinkare å skava, dei hadde lag både med å få reiskapen til å ta passeleg hardt så han fylgde vedbandet, og til å få skavet passeleg stort. Når me borna skava med skavljå til små- log, skulle me ta berre passeleg store borkstykke, - ikkje flengja av lange flak-. Når ein skava store kubbar eller stokkar med bandakniv, og det skulle vera til naut, tok ein store flak. \[s. 8\] 25: Skjelvane brukte ein vanleg til baksteved. Det var passeleg langt til det, og vart turrt til baksteria i juni. Dei granne skjevlane brukte ein heile, dei tjukkare kløyvde ein. Skjevlane skulle vera glatte, når det var rett skavl. 26: Nei, det er slutt med det. På gardane vart det slutt ikring 1910-15, husmenn og småbrukarar brukte det no- ko lenger.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste