Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_3480_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_3480_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 og 2. Det var kvart år nytta skav attåt høyet. På sume gardar skov dei all den veden dei brukte. Og det er hermt etter dei gamle drifte- karane at det var ikkje so fårleg um ei kyr var mager, vis ho berre hadde fenge godt av skogen inntil høyet, slike kyr vart fortare feite um sumaren. Har ikkje høyrt anna namn enn skav, beit, bosta- lyng, reinsmose og klomose. 3: Han sat og skov, eller seto å skjevo. Dei skove eller dreiv med skaving. 4: Det var vanleg for 20 år sidan (1949) at det vart skave noko kvart år. I godfar sin ungdom (han var fødd 1860) vart det nytta mykje skav og beit til krøturfor. Og i krigsåri 1940 - 1945 vart det nytta mykje skav og beit på gardane her \[s. 2\] 5: Til skav vart det nytta raun og osp og noko bjørk. Det var raunen som var helden gjevaste. Det er ei herming etter ein bonde her, at han hadde vore åt Honndalen etter tvo pund smør, då han kom or Honndalen med eit raunelass. 6: Kvistane av raun og osp, vart hog- de upp i ei lengd av 50 - 60 cm, det vart kalla for mork, når dei var skavne var det kalla for "skjevla" 7: Det har vore fleire rim i eldre tid um skavet, har har ikkje fenge tak i noko. 8: Kyr, geit og smale fekk skav, og dei fekk det som ein etterpå smak. 9: Dei fekk meir smør av rauneska- vet og finare farge. 10: Det vart høgd ved med tankje på skaving. Når dei nytta raun til hesgjatro, vart skavet altid nytta til for. Men var det bjørke tro til hesgjar, tok ein ikkje nev- ri av og dette skavet let dei liggja til det var turt og so vart det nytta til kveigsla. 11: Dei var i markaskog eller var \[s. 3\] etter mork, vart no helst sagt um osp. 12: Mork. 13: Ordet marka har vore nytta noko før, og det tydde att dei samla for. 14: Når det høvde best med føri, Har ikkje høyrt at det var rekna for verre enn anna skogsarbeid. Godfar fortalde at sume brukte det i hans barndom (umkring 1870) å henta heim beit eller skav langfredags- morgon på fastande hjarta, det var karaarbeid, men dei tok gjerne med noko av ei maurtuva til å maura gjentone med (hadde noko av maurtuva med maur i uppi sen- gi til gjentone). 15: Når det leid fram mot våren sat dei gjerne ute i tunet og skov medan soli stod uppe. Før på vintren sat dei inne i stova og skov. 16: Til småmorki nytta dei skav- kniv, som oftast var laga av ein ljå, som kjorte var avbrote på. Dei hadde då sett eit beint skaft på den breidaste enden, umlaga som på ein kniv, den andre enden var det laga ein krok på, til å hekta um skjevlen i skavkrakken eller \[s. 4\] "skavbokkjen" som han og vart kalla. Skavkrakken var ein trestokk med trifotor og ei liti stong til å hekta skavkniven mot, oftast fyrste skjevlen som vart sett i krakken. Men til alnakubbar vart det brukt banda- kniv 17: Når det vart skave hesgjatro, vart troona sette fast i ei treskrua i vjuse (vedhuse) og skavne med banda- kniv. Småmorki vart skavi, på den måten at ein sat på skavkrakkjen og helt skavkniven mot ein skjev- le i krakkjen og so heldt ein skjev- len i venstre hondi, og føre han at og fram mot ljåen.Sume had- de sett ein skjevle ned i eit hol i store krakkjen. Når dei skov alnakubb sat dei med kubbane i fange og skov med bandakniv, halve kub- ben fyrst, den enden som var næraste bringa og so endabytte dei. 18: Ukjent her med slik stong. 19: Alnakubbane sat dei med i fange, som nemnt, sjå 17. småmorki skov dei, ved å setja på skavbokken sjå 16. Men han godfar kunde hugsa at han i 1870 åri såg sume som skov småmorki med ei skjøva ved å setja pinnen (den som skulde \[s. 5\] skavast) ned på læret, og so skov dei øpste enden og so endevende dei skjevlen, umlag som på belete i Folk og Fortid i Hol, band 2 side 66 berre at i Hol er nytta ein krakk til å setja skjevlen mot. Denne skavmåten må ha vore nytta her før, for det har vore fleire slike skjøvo her. 20: Skjevlar, skavkubbar, var det store kubbar som boken var skav- ven av um våren då det svadde, var kubbane kalla for "savallskubba" 21: Det var skav og skavblokko. 22: Det var skave allslags ved, helst i alnalengd. Men og lengre. Far henna godmor Øvsthus nytta ikkje anna ved, enn skaven ved. Han hadde gard på Brekke frå 1860 til 1890: 23: Kjeppane vart kalla for skjevla og skjevidl. Det vart sagt at dei hadde full vagl med skjøvla. Tjukke kubbar var skavkubbar. 24: Skavet skulde vera tunt og fint. Godfar fortalde at mori hans var so redd for rauneskave, at det vilde ho helst skava sjølv, etter at ho vart kårkona. \[s. 6\] 25: Veden vart nytta til vanleg ved. Til baksteved var ospeved som var skaven sers god. 26: Det har vore nytta noko skav heilt fram til no på sume gardar, helst no under krigen 1940 - 45. Skal prøva å senda dykk eit belete av ein skavbokk, kniv, skjøva og bandakniv.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste