Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_2854_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_2854_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Har høyrt \[\_raskefor\], men det er visst helst om blomfor (bregnefor) og slikt. Elles har ein ikkje nytta noko samnamn her. 2: Har ikkje høyrt noko samnamn for desse forslaga. \[\_Mork\] er osp, raun og hegg. 3: Det var omlag berre osp me skov. (-Lik bruka no.\] (skava - pres. eg - dei - han skjevu - me - de - dei skava. impf. eg skov - me skovu - ha(-r\] skave) (Dei støre kubbane - morkakubba - \[\_korpa\] ein fyrst med øks ell. bandakniv. (Ein tok av det ytste harde laget - \[\_korpen\].) Greinene hogg ein opp i passande lengder - omlag ei alen. Det kalla ein \[\_småmork\]. Båe slag kunne ein så ta inn i stova eller floren og skava om kveldane. Elles vart dei store marka- kubbane ofte lagde i sagekrakken og skovne ute. Småmorki vart skaven på bandekrakken med ein bandakniv eller ofte berre eit ljåsbrot med ei filla om.\] 4: Ja. Skav. Både til kyr, sauer og geiter. Har høyrt ordet \[\_gnag\] om sprake og furubar ein gjev til sau og geit. Kanskje det er kome frå Sogn med sogningar som kom \[?fluttande\] her \[s. 2\] Før fekk beista eit mål for dagen med \[?b--\] eller skav. Var det fornaud, bruka ein meir og dertil lyng. 5: Her er ei gamal regla om dette: Alm gjev røynæ føda, Osp gjev god kost, Ask gjev kyræ rask, Hegg seto merg i legg. Hatl gjere \[?beinaratl\] Seljo svelte og vieren velte. Kyrne mjølkar godt av skav, meinte dei gamle. Almen jortar kyrne godt av men ikkje av andre slag, sa dei. Ein skjev ikkje bartre. Ask, hegg, raun osp er best. 6: \[\_Skjevlar\] er all småmork som er skaven. Denne veden vart ofte bruka når dei baka. 7: Sjå 5. 8: Ja, heile buskapen utan hesten fekk skav. Fekk skavet serskilt. Orreskav har ikkje vore bruka. 9: Ein fekk feitare mjølk. Fælt fin farge på smøret av ospeskav. Det synte på rjomen når kyrne fekk ospeskav. 10 - 11. Ein reiste eins erend etter morkaved. - reiste i morkaskog. - reiste etter mork. \[Notat: Hesjeveden vart og skaven. Men var det bjørk ell. orr, vart ikkje skavet bruka.\] 12: Mork. 13: Nei. 14: Ein henta heim mork om vinteren. (Om hausten \[\_laua\] ein (samla lau.\] Klovmose vart bruka til folkemat. Ein baka brød og laga bresta av den. Det vart rekna for god mat. Dobbelt så mange leivar av klovmose som av annan mose.) \[s. 3\] 15: Dei store kubbane vart oftast skaven ute i tunet. Ein la dei ofte i sagekrakken. Småmorke vart skaven i stova eller floren 16: Dei store kubbane \[\_korpa\] ein fyrst med bandakniv eller øks. - (Skov det harde ytste laget av.) Sidan skov ein med bandakniven. Ein burde skava tunt og fint. Småmorki skov ein på \[\_bandakrakk\] eller skavekrakk. Det var det same , men båe namn vart bruka. \[Figur: Bandakniv\] \[Figur: Bandakrakk\] \[Figur: Skavekniv\] Skavekniv har handtak berre i eine enden. Vart og bruka til bandakniv. Men den eigentlege bandakniven har to handtak Ein bruka skavekniv som var laga til dette. Elles bruka ein ofte berre eit ljåsbrot med ei filla omkring. 17: Til hesjeveden bruka dei ei skrueklemma på vedhusveggen. Elles bruka ein oftast sagekrakken. Skavekrakken var ein vanleg firkanta krakk. Elles var det hol i storekrakken framfor bordet til \[\_skavepinnen\]. Ofte kunne dei nok sume stader bruke ein \[\_sengjastolpe\] til skavepinnen Ein kunne og halda skavekniven inn til omnen. 18: Ikkje kjend her. 19: Ein held skavekniven roleg når det er småmork og fører kjeppen imot seg under kniven. 20: Ein skjevling -en -pl a - ane. 21: Skav u. et. ei stavblokka \[s. 4\] 22: Store tre og tunne kjeppar. Småmork - 50 - 60 cm lang. 23: Har høyrt både: Ei skjevla pl. skjevlu og skjevluno og ein skjevling - pl- ane. Det siste vanleg. Skavekubb om grovare kubbar og skjevlingar om slike som ikkje trengst kløyvast - slike som er skavne på skavekrakk. Dei tjukke kubbane kallar ein \[\_strangar\] før dei er kutta opp til alnaved \[\_skava strangar\] 24: Skavet skal vera tunt - mjuke, fine blokker. Ask og alm \[---\] ikkje råd å skava utan noko av veden fylgjer med. Det var ein kunst å skava fort og fint. Det skulle mykje øving til. Raun og osp er best å skava. 25: Serleg til baksteved. 26: Noko vert det enno nytta. Men det vert minder etterkvart som det minkar med arbeidshjelp på gardane.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste