Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_2089_Ho_Voss_
Transkripsjon av filen #NEG_7_2089_Ho_Voss_
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Fletre 17/4-54 Voss. Til Norsk Etnologisk gransking v/herr. Andreas Ropeid. Eg har motteke skrivet Dykkar frå 1 april og skal so godt eg kan greida ut det De spør um. Ved å sjå etter i Ivar Åsen si ordbok ser eg at han har sett upp dette ordet "elte" som namneord med den tyding: "en liten smule". Her har vår gode Åsen gjeve dette ordet ei feil tyding. Eg vil slå fast at ordet "elte" ikkje kan brukast som namneord i nokon av kjønni. Eg skal setja upp eit par døme: "Vil du koma å hjelpa meg elte." "Eg har elte smør". Dette vil eg rekna som godt språkbruk her på Voss, og ordet "elte" tyder her litt eller litegrand. Ein kan altso ikkje segja t.d. eit "elte" korkje som namnord eller i samband med namnord. Meinigi med skavrimet slik eg sende det inn, og som De gjev att \[\_heilt rett\], vert altso den at almen er svært god, heggen god, raunen mindre god og selja dårleg. No vil eg ikkje påstå at dette rimet legg so heilt rett meining i godleiken av skavet. For almen sitt vedkomande står han sikkert i ein klasse for seg, og er den avgjort beste. Dei andre treslagi \[s. 2\] som er nemnde i rimet, saman med ask og osp, so vert dei alle brukte til skav, og eg meiner at berre ein kjemisk analyse kan avgjera kva som er best av dei sortane. Kanskje De kan lettare forstå meiningi i skavrimet slik eg har sendt det, når eg set det upp soleis: "Almen gjø, heggen fø, raudn \[\_gjev\] elte, seljo svelte." Dette ordet "gjev" som eg no har sett inn var ikkje med i rimet slik eg høyrde det, men er medteke her, så det i grunnen skulde vera der for å gjeva den klåreste meiningi. Etter denne utgreidingi meiner eg at alt det andre som De nemner i skrivet Dykkar fell burt, då det for meg er fullgod meining å finna i skavrimet slik eg gav det inn i svaret mitt. Men eg forstår at det vert heilt annleis for utanbygds folk. Gjerningsordet å "elta" kjenner, og forstår eg godt, men det er ikkje brukt her på Voss, og eg ser heilt burt i frå at det kan vera nokon samanheng med dette ordet og ordet "elte" i skavrimet. \[s. 3\] Eg skal til slutt gjeva ein prøve på fleire ord som i talemålet her på Voss tyder umlag det same: "Litt", "elte", "litegrand", "litevetta". Alle desse ordi segjer umlag det same, men ordet "elte" er kome meir burt i det siste, noko eg ogso nemnde i svaret um skarv, som eg sende inn. Skulde det vera noko som eg ikkje har gjeve fullgod greide på, og soleis enno er uklårt for Dykk, so står eg til tenessta med rettleiding so langt eg kan. Vyrdsamt Olav O. Fletre Tvinne, Voss.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste