Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_2089_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_7_2089_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Eg kjenner ikkje til at det har vore brukt noko samnamn på dei nemnde forslag. 2: Noko samnamn for desse forslag kjenner eg ikkje til. 3: Gjerningsordet skava bøygjer ein slik: Eg skjev, Eg skov, eg vil skava, eg har skave. 4: Det har vore nytta mykje skav her i bygdi, men lite og inkje i seinare tid. Noko anna namn enn skav har eg ikkje høyrt. Hjå dei som brukte det, vart det helst rekna som regulært forslag. 5: Til skav nytta ein alle lauv- tresortar undanteke bjørk og orr. Eg kan nemna dei her i den rekkjefylgja som ein meinte dei var gode til: Alm, ask, hegg, osp, raun, selja. Noko slag bartre vart ikkje nytta til skav 6: Ordet skav vart nytta um borken på alle treslag når han var \[s. 2\] skaven av treet. Likeins vart ordet skjevla nytta um veden av alle treslag når borken var avskaven. 7: Dette rimet kjenner eg til og skal gjeva det att slik ho godmor mi sa det på vossamål: Almen gjø, Heggjen fø, raudn elte, seljo svelte. (1) Ordet elte er eit gamalt vossa-ord som held på og kjem ut or bruk. Det tyder litegrand. 8: Det var kyr og geit som fekk skavet. Dei fekk det altid for seg sjølv, som ein godbit etterpå det andre foret. Det var helst i kveld- seta det vart skave, og det vart soleis mest nytta på myrkaste tidi um vinteren, når dagane var korte. Eg veit aldri av at orr vart skave og gjeve krøteri. 9: Det var vistnok ei tru at dei fekk meir, gulare og finare rjome på mjølki, når kyrne fekk skav. Det skulde sjølv- sagt ogso visa att på smøret. Eg veit ikkje um at dei var redde for usmak på mjølki av skavet av nokoslag treslag, når det vart gjeve i måtelege mengder. 10 Det vart passa på og teke med når ein var i skogen \[s. 3\] etter ved likevel slikt som høvde til å skava. Det fyrste som vart skave var slikt som ein hadde lauva på ettersumaren. Ein hogde då greinene av større tre og braut av lauvet, ein kalla dette å pila trei. Den tid det var brukt trehesjar skov ein altid hesjeveden, men det var helst orr som vart brukt til hesjetro, og dette skavet vart ikkje nytta til krøteri 11: Her i bygdi vilde ein kalla det å reisa etter mork. 12: Ein kallar det mork. 13: Eg kjenner ikkje til dette gjernings- ordet. 14: Eg veit ikkje av at det vart reist etter mork serskildt. Ein passa på og tok med seg etter kvart ut etter vinteren. At karfolki skulde ut og henta mork på fastande hjarta lang- fredagsmorgon kjenner eg ikkje til. 15: Sjølve skavingi heldt ein til med inne i stova. Det var helst nytta som kveldsetearbeid. 16: Som reidskap til å skava det ein kalla mork, det er greinene av trei, nytta ein ein brukt \[s. 4\] ljå. (langorv) Ein tulla ei tyfille rundet enden der ein heldt. Denne reidskapen vart kalla skavljå. Eg har ikkje høyrt noko um at dei gamle tynsleljåne var mætare til å skava med enn dei ljåne som seinare kom i bruk. 17: Det er helst berre når ein skjev hesjestaur og i eldre tid ogso hesjetro at ein fester eine enden i nokon skruegreidor som står fast på ein vedhusstolp. Då set ein ei kluft som står fast i ein stød plankende upp under den andre enden. Det kan råka at dette vart gjort av slike treslag som det vart godt skav av og på ei tid som krøteri stod inne, og sjølv- sagt vart skavet då nytta og dette kan verta so no og. Men den vanlege skavingi gjekk for seg inne i stova og det vart nytta ein halvsirkelforma eller firkanta, avlag krakk, med ein sterk pinn som stod upp til å stydja skavljåen mot. Krakken vart kalla skavkrakk. Noko sert namn på pinnen har eg ikkje høyrt. 18: Eg har ikkje høyrt noko um at det har vore skave på den måten her i bygdi. Ordet skavhæl kjenner eg ikkje. \[s. 5\] 19: Dei sit på skavkrakken, held skavljåen i høgre handi og stydjer han mot pinnen som står upp på krakken, so dreg dei kjeppen fram og attende under skavljåen. 20: Veden ein skjev kallar ein mork. 21: Har aldri høyrt anna namn på borken som ein skjev på enn skav. 22: Kjeppene som ein skjev er ein 60 - 70 cm. lange. Ein kan nok skava store kubbar, når det er av slike treslag som borken høver til skav, og det vart altid gjort. Ein brukte då vanleg bandakniv med tvo handtak til å skava kubben med, som vart lagd antan i sagakrakk eller slik til rette, at ein kunde koma til å skava 23: Kjeppane som ein har skave kallar ein på vossamål eintal skjevidl, fleirtal skjevla. Dette namnet var berre brukt um slikt som var tillaga av greinene på trei når det var skove. Kubbane som var skavne har eg ikkje høyrt noko sers namn på. 24: Noko visse reglar for korleis skavet skulde vera, veit eg ikkje av at det har vore. Når ein \[s. 6\] skov morki vilde det vel fylgja lite av veden med skavet. Men ein måtte aldri gjera mykje av det. Skov ein større kubbar laut ein akta seg for å skava for tjukke og breide blokkor. 25: Det kan nok vera at det var dei som brukte den skavne veden til baksteved, men eg trur at veden helst vart lagd upp i portromi i omnen i stova og brend upp etter kvart som har var nokolunde turr. 26: Fram til åri rundt 1920 var det vel fleire som brukte å skava her i grendi, men no er det slutt over alt trur eg. Fot under skavkrakken \[Figur: Teiking av skavkrakk\] Pinn til a stydja skavljåen mot Føter under skavkrakken \[Figur: Teikning av skavkrakk\] Pinn til å stydja skavljåen mot Føter under skavkrakken Ovanfor overkanten av tvo typor skavkrakkar.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste