Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_1394_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_7_1394_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Skogafor. 2: Skogafor. 3: Skov, skaavar, skave 4: Borkefor. Berre til hjelpefor i vaarknipa Ora i alminnele aar, men husmann med god tid skar meir. 5: Osp. Bjørk (ikkje lavlansbjørk) silju. vie. Furu- borken var gjæv for geit og sau, og ibruk. Raun og serleg (alm finst ikkje her), og raun er det saa smaatt med at den er inkje nemnande. 6: Ukjent. 7: Ukjent. 8: Ku. sau, geit. I vaarknipa. Dei med ei ku eller tvo og faae småkryter, skov attaat heile vinteren, um dei var strevsame folk. Fekk skavet serskilt. Skav av older vart alldri freista. 9: Naar foringi elles var snau, saa maatte det saa mykje til før mjølki auka. Jau dei meinte det synte godt paa rjoma. Trur ikkje det. 10: I vaarknipa saa maatte ein nokk reise eins erend etter skavved, men elles skov ein av veden som kom tilgards. Hesjeved er eller har inkje vore ibruk her i det turre Lom \[side 2:\] 11: Hentar skavved. 12: Skavved. 13: Ukjent. 14: Um vaaren. Nei. Nei. 15: Ved vedskaalen. Husmenner drog strangene inn i stugu, tina dei, flekte av nævri og skov. 16 Det var mange skap paa den kniven. Vart laga av gamle, slitne ljaa. Stundom med skaft paa begge endar og stundom berre paa ein, med ei fille i den andre enden paareiva. Til bruk paa grøvre tre, var denne kniven bøygd slik at det vart eit godt hel millom handtaket og nedpaa sjølve kniven for aa hindre at ein skamferte knivane sine. 17: Skaving har inkje vore saa mykje ibruk her i bygdom, at slike serlege framgangsmaa- tar har kome ibruk. Stranger reiste dei upp ataat ein vegg eller vedkast. Grøvre tre lagde dei over tvo andre tre for aa faa det iverst, saa ein slapp aa bøygd seg saa mykje Husmennerne, ja konorne med, hadde kveldsarbeid med skaving inne i stugu, og da vart nokk baade aarhella og krakkane nytta til aa legge strangane paa. Ungane flekte av næver. 18: Det var oftast ope rum bak peisen, og da sette dei ymse ende av strangen inn der. Hoggestabbe var det og, saa hogg dei ei øks godt fast i stabben og studde strangen mot øksen, saa den inkje glei unda, men var leug og kunde snuast ikring. Skavhel ukjent. 19: Det vert nokk paa ymse vis det, etter som strangen eller tret ligg. Inne i huset vart det nokk oftast paa kne. Med begge hender \[side 3:\] maatte dei bruke kniven skulde det mone i tjukk bark. 20: Berna ved. 21: Bork. Saarp. 22: Alle slags baade smaa og grove. Ja alltid det, ofte slealengdi og meir. 23: Skavved heiter alt, baade grant og grovt. 24: Det kunde alldri vera tale paa aa gaa saa nøgje tilverks, um ein skulde vinne over noko som nemnande var. Det er alltid forsjel paa arbeidsfolk, sume gjer godt arbeid, andre mindre velgjort. At kyrne gjorde forskjel paa skav kom vel av at sume skavarar let daudborken fylja med skavet, andre flekte det burt 25: Ja til baksteved furugnaget. Det vart upplagt i høge lad i eldhussvali. Det vart brukt saa mykje flattbrød, at det trongst store upplag av bakstved for heile aaret. Grøvste endene bruktes til tørstugu- ved, som det trongst mykje av um aaret. 26: Ein maa mangt i naudi nøyte. Mykje skav har alldri vore ibruk i Lom, dertil er det forsmaae skogteigar. Som eg minnest er det berre i vaarknipa og i ymse aar at skaving har vore i bruk paa einkelte gardar. Men geiti er umetteleg etter bar og bark. Ho eter naali og. Sauen gneg gjerne, men naali vert att etter han. Det er fælt som skogen har teke skade av all den hogst av ungfuru til smaakrytyr i førtid. Det var lange, store koster av gnagen barved paa gardane da. Naa vilde \[side 4:\] ei budeie nekte aa draga bar inn og ut. Geiti gneg sjølv ho mykje ute iser paa vaarparten, naar borken var tien, og fekk ho lite hjelp med aa flekke av never, saa arbeidde ho sjøl og barberte svert.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste