Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Skav
NEG_7_1221_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_7_1221_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Hjelpefor utanum høy vert vanleg kalla for "mork", og kalla "bjerg". Mes nytta er, og hev vore skav og beit. Aa skaka, skov, skjev, skave. Skav hev vore mykje nytta, og er delvis enno nytta som hjelpefor her i bygdi. Gardar med rikeleg skavskog -morkaskog- var det fyrr rekna med som ein bit av vinterforet. No vert det berre nytta som hjelpefor i vanskelege år. Mest nytta treslag til å skava er raun og osp. Alm vert rekna for å vera best men det er eit treslag det er minder av. Dernest kjem raun som er halden for svært god skavskog. Ein kann enno høyra folk segja at det svara seg å skava raun for å få meir avdrått. Osp er helden for ringare skavskog og vert mest nytta i naudår. Ein kjenner ikkje til at ordet skav, (skjevla) vert nytta um noko sært treslag. Det rim som er nemd under pkt. 7 er vanleg kjendt i den ordlyd som der er brukt. \[s. 2\] Kyr, sau og geit fekk skav, men ein kjenner ikkje til at det hev vore bruka til hest. So vidt eg kjenner til fekk dyri skavet for seg, helst fekk dei det attpå kveldsmaten, eller og siste mål fyre middag for at dei skulde ha betre tid til å eta godt upp. Ikkje alle dyr kunde vera like huga på skav. Skav av or kjenner ein ikkje til hev vore bruka. Vart ospeskav bruka i store megder kunde krøtera missa hugen på det. Ved bruk av skav av raun og alm fekk ein meir og feitare mjølk, smøret vart gult og fint. Dette slag skav kunde ein bruka i store mengder utan skadeverkna. Vart det derimot bruka mykje ospeskav, vart smøret kvitt og hardt og mindre godt, beisk mjølk. Var det so at eins kulde skava i store mengder måtte ein til skogs å henta heim morkaskog, hogga mork, elles vart slik ved lagt på ein serskild plass og ikkje blanda saman med den andre veden. Serleg raun vert ofte bruka i skava enno um den er hoggen saman med annan ved. Det er vanleg å skava all hesjaved og skavet av raun, osp, selja vert bruka til krøtra. Ein bruka å segja ein skal på morkaskog, eller på morking. \[s. 3\] Veden som vart henta heim for å skavast vart kalla for mork. Gjerningsordet å morka er vel kjendt, å marka vert helst nytta når ein skal av etter beit fin kvist eller skav- ved, ogso når ein lauar um våren slik som vert uppfora etter kvart. Skavhenting vert helst um vinteren og våren fyrr ein fær krøtra ut. Det er rekna for eit trøyttande og mødefullt arbeid. Ein kjenner ikkje til at karfolki skulde henta skav på fastande hjarta langfredag. Um vinteren vart som oftast halde til inne i stova med skavingi Men um våren vart det som oftast halde til ute på tunet når veret var godt. Elles kunde det og verta skave i skogen der som ein fann skav-veden, dersom den ikkje var heimhavt um vinteren. Til å skava med vart helst bruka skavljå. Det var som regel ein stiv, noko sliten langljå som vart nytta til dette. Ein braut av noko av ytterste enden so den ikkje vart so lang. So var det sett skaft på båe endar, men eg hev sett mange slike skavljåar der det berre var bruka ei tyfille um båe endar. Mindre bruka hev vore å få skavljåar serskild laga til dette bruk. Ein gamal ljå var best. \[s. 4\] Små lette kjeppar vart som oftast avkappa i vanleg vedlengd ca 60 cm. So var det å halda eine enden av skavljåen i handi med eine enden og den andre enden av skavljåen måtten kvila attåt eitkvart. So var det å halla skavkjeppen med hi hande og draga den attåt skavljåen på undersida, umlag halve kjepplengde um gongi. Dei som var vane å skava, skov snart soleis. Større kubbar vart og ofte avkappa i vanleg vedlengder. So held ein eine enden av kubben i fanget medan den andre enden måtte kvila på eitkvart Der det var born so store dei greide halda i kubben, var det å setja til møtes og halda kvar sin ende av kubben i fanget. Den som skov held då skavljåen med båe hendene og drog den inn mot fanget, ein skov halve kubblengdi um gongi, altso i kvart drag. Elles var og mykje nytta å bruka sag- krakken når ein skov ute - til å leggja kubbane upp i. Då ofte og utan at dei var av- saga i høveleg vedlengd fyreåt. Den som skov held då i skavljåen med båe hendene og tok umlag ei halv aln i vart drag. Gjerne hadde ein \[s. 5\] då einkvan til å hjelpa til med å halda i kubben. Når ein skjev hesjaved held ein allti til ute og bruka å leggja hesjaveden i sagkrakken når ein skjev. Når ein skov inne i stova hadde far ein klosse spikra på veggen til å stydja skavljåen mot, ein skavknekt. Den vart ståande på veggen heile vintrane. Han brukte mykje å skava um vintere- kveldane so lengje han såg, no ser han ikkje til det. Ordet skavhæl kjenner ein ikkje til hev vore i bruk her. Av det eg hev skrive her fyreåt er det fortalt korleis ein sit når ein skjev. Veden som ein skjev vert kalla mork um småved, og skav eller skavkubb um større eller litt grovare ved. Ein skjev både tunne kjeppar og større ved. Den vert som fyrr sagt avkappa i vanleg vedlengd, ca 60 cm. Skav av små kjeppar er rekna for betre skav, enn skav av større ved. Krøtri åt det betre. Kjeppar og noko større ved som vart skave vert kalla for skjevel, feirtal skjevlar. Vert det noko større ved kallast det kubb. \[s. 6\] Skal skavet vera godt må det vera skave i tunne fine blokker. Men ein skjev heile borklaget, og gjerne eit lite tunt lag ved med. Ein reknar at den beste delen av borken ligg inn ved veden. Det var stor skilnad på det å skava godt, den som skov det i tunnaste og finste blokker skov best, det vart best ete. Veden som var skoven vart mykje nytta som bakste- ved, serleg dei tunne fine kjeppar (skjevlar) Skav kann ein endå sjå vert nytta som for, serleg i forknipa, på fjellgardar serleg, der det er vanskeleg å få fram kjøpt for.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste