Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1405_Ho_Masfjorden
Transkripsjon av filen #NEG_1_1405_Ho_Masfjorden
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Nei ard er ikkje bruka. 2.- 3. nei. 4.- 5.- 6:- skoklerne til plogen kallast \[-plogtidl\] plogtindle. 7:- 8.- 9. nei 10.- 11.- 12.- Dei gamle snakka om arden, eg trur dei kalla den "al", men den hev ikkje vòre bruka her so folk kan minnast. Den var gjerne bruka i eldre tider ør fordi og aakrane vart so sunsdkifte so dei var sia 1650 aari. 13\. Ja no brukast berre fabrikksmidde plogar, sonær so ein og annan heimelaga hyppeplog til aa "grave oppmed" poteterne. Det var i 1890 aari dei byrja aa kjøpe fabrikkplogar. Det var desse nye agronomane so kom att fraa Stend landbruksskule so gjekk i bròdden. Dei eldste plogar so var brua her var laga i aari millom 1850-60 av ein bygdesmed Martinus E. Holsøy Dei var lette, med aus av tre, kniv, veltefjøl og styre av jern. Dei gjekk so stødt at ein mann kunde styre dei med pennekniven sin so han sette i styrehandtaket sa dei. Dei hadde berre eitt styre og liktest paa "Jæderplogen" Dei kosta vist eitt par dalar. 14\. Nei slike plogar var ikkje bruka her. 15\. Ja plogkaren hadde ei tresleiv standande bakom veltefjøla til an skrape mold av plogen med I seinare tid var det ein liten spade dei bruka. Dei kalla den for moldskrape. \[s. 2\] 16\. Ein velta plogen til den sida so veltefjøla er. 17\. Nei det var ikkje bruka so eg veit. 18\. Nei, det hadde dei ikkje. 19\. Jamnaste 6-7 tommar stundom grunnare, aldri djupare. Der var hverken slæpesko eller hjul paa dei gamle plogane men eitt "plogstille" framme so ein regulera djupni og breiddi med. 20\. Nei der var ein kniv so gjekk gjenom aasen 21\. Nei. slike plogar har ikkje vore bruka. 22\. Nei. 23\. Nei slike plogar hev ikkje vòre bruka her. Før fabrikkplogane si tid var det sume bygdesmedar so langa plogar. Ein del plogar vart kjøpte fraa Stendlandbruksskule Dei var heilt av jern, med svert lange styrer. Dei fyrste fabrikk- plogane var vel fraa Frognerkilens fabrikk. Dei kosta vel 20. \[?\] for einhestes plogar med tvo styrer. I 1850 aara? var her innkjøpt eindel harvar og plogar for offentleg rekning og laant ut til folk kringom bygdene. Det var det daaverande Lindaas prestegjeld, so me daa høyrde til so stod for kjøpet og laanet av desse reidskapane, men eg hev ikkje nærmare greida paa det. Plogdelarne var kala: Aasen eller stokkjen. Solen. Græve. veltefjøla. kniven. styre. plogskille. ogso: plogtindl,na og plogkrokjen so ein hekta tindl,na fast i plogstille med. Nei her var plogen lit bruka naar dei saadde. Dei var so rædde for trakk i aakren under saaarbeidet. Dei spadde aakrane med folke hjelp. Renska ugraset pr etterkvart Smuldra og jamna so aakren saag ut so ei vælflidd hageseng. Ikkje ein fot maatte stiga uti utan naudsyn. Ein ferdig saadd aaker var tabu. Ein bruka ikkje plog naar eim sette poteter før i 1900 aari.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste