Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_7600_Ak_Setskog
Transkripsjon av filen #NEG_6_7600_Ak_Setskog
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Lur tå orebork. 2: Halmpiper, stråpiper o.s.v 3 Nei 4: a "Kølasmell", b. smelle ein pose fylt med luft. c. Svepesmell. d. "Påskesmell", skremme påskekjerringa. Til påske- smell kunne de au bruke køla- smell leggje glør på et hardt underlag og slå til. De bruker å skyte når det er bryllopp. Nei. 5: Nei \[s. 2\] Setskog 1/8-55 Til Norsk Etnologisk Gransking, \[Figur. Tegnig av lur, med angivelse av lengde, ca 70 cm, og diameter hhv 10 cm, og 2 cm, angitt med blyant\] Spørreliste nr 6 : Lur av orebark. Eg har ikkje fått tak i nokon lur av orebork,men eg kan fortelja korleis dei laga luren. Den kunne vera ca 70-80 cm lang. I grøvste enden kunne den ha eit tverrmål på ca 10 cm og i grannaste enden eit tverrmål omlag som ein toøring,seier Nils Skjeggenes. Når ein skulle laga lur av orebark,måtte ein finna seg ein kvistfri orestomn (legg) ,og det måtte vera i sevjetida om våren. Så byrja ein å skjera ein lang,samanhangande strimmel,ca 8-10 cm brei til å byrja med,men breidda tok litt av mot andre enden. Når strimmelen utan brest og sprunge var tilskoren,tok ein til å reiva borken i ring,godt inn på den førre ringen,så den synlege kanten på borken vart som ein lett stigande spiral fra ende til annan. Nils Skjeggenes,ca 89 år, meiner at det ikkje vart brukt noko \[-samanbindings\] to til å binda borken i hop,men meiner å hugsa at dei la luren i vatn når han ikkje var i bruk, for at han skulle halda seg tett og god. Vyrdsamt, Johan Ørjaseter. Setskog 1/8-55.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste