Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_7261_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_6_7261_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Eg kjenner ikkje til lurar av bork. 2: Kjenner heller ikkje halme eller harpipe. 3: Hestaskredla. Då eg var liten, var eg fyrst i 1890-åra budeiebalt ho Anna morsyster på stølen Rapjane under Gråsida (støl under garden Finnesteigen, gnr. 232). Der hadde dei ei hesteskredle til å skræma øykjene med når dei vart for nærsøkne på selsbøen. Ein dag vi sat inne høyrde vi slik ei bjølleskrumling og då for ho Anna ut med hesteskredla og jagde hestane. Eg hugsar ikkje no lengre nok større om korleis denne hesteskredla var laga, anna enn at det var eit nokså stort og tungt apparat med eit treskaft og noko fjører og greier av jern i enden. Dei svinga skaf- tet så jerngreia sveiv rundt og då small det og bråka noko heilt inherveleg som vi seier på Voss. Smellegras. Det var vanleg å laga smell med den poseforma bekaren på smellegras (Silene cucubalus). Vi tok om opninga av bekaren med klypa i høgre handa og slo blæra mot handa- baken på venstre handa. Det var berre smellegras vi bruk- te på denne måten, eg kan ikkje hugsa at vi brukte blom- strane av andre plantar. Derimot laga vi smell på den måten at vi laga ein ring av peikefingeren og tommelen på venstre handa, la eit lauv eller anna blad over ring- gen og slo på med flate høgre handa. Når det var festar i "Nain" på Vangen, helst når det var barnefestar eller mange barn på ein fest, fekk vi oftast ferdige porsjonar småbrød i papirposar. Då varde det ikkje lenge før det vart ei smelling og skrelling så det dunde i salen. Svepesmell. I tida frå 1880-åra og til bilferdsla tok til ikring 1915 var det visst, var det stor turistferdsle etter ve- gane frå Vangen til Stalheim og Gudvangen og til Eide og Ulvik. Det kunne fara 100 eller 200 køyrar i tette rek- kjer. Då var det mange skysskarar som lærde seg knep med å få hestepeisa til å smella så det høyrdest lang veg. Alle skysskarar hadde hestepeis, dei brukte henne ikkje noko større til å peisa på hesten med, dei sat med henne i høgre handa, mest som med eit septer, vifta flyger bort frå hesteryggen og laga av og til ein smell med hen- ne når dei ville at hesten skulle gå over i trav. - Det er rart, men no trur eg knapt nokon vossing har heste- \[s. 2\] \[Notat: Emne 6 Tillegg. (Lid)\] peis lenger. I hesteskysstida var hestepeis eller svipa som dei jamnast sa, ei viktig handelsvare hos alle kjøpmennene på Vangen. Dei hadde stort utval sveper stå- ande i ein \[-XXX\] standar i bua si, slik som ein elles har paraplyar og spasserstavar utstelte i stativ. Ein dag kom ein haring or Sokne (Granvin) inn til onkel Lars Grove på Vangen skulle ha seg hestepeis. Ve du ha ei kort ei eldu ve du ha ei long ei, spurde Groven. Å, ho ska no ve noke long, men ikkje so borti hestereva long helde, sa Kjerlanden. Bjølleleik. I eldre tid var det nokså vanleg med bjølleleik på Voss. Ungguane samla seg om kvelden eller natta i tunet der ein gut var på friing og heldt bjølleleik. Dei hadde med seg alle slag bjøller, helst store heste- og kyrebjøller som dei skrumla med. Men dei kunne og lånta koparkjelar, koparpanner og andre kjørel som dei slo på, ofte slik at dei vart lite brukande sidan. Han far hadde gard på Kinne (gnr 187 bruk 1) frå 1884 til 1887. Ho mor har for- talt at ho aldri kunne gløyma det forferdelege dunder og spetakkel i grannegarden på Kinne ei natt det var bjøl- leleik der. Denne skikken har minka bort sidan. Skyting. Det var vanleg å skyta når det var bryllup, for lenge sidan helst med byrse, sidan gjerne med dynamitt. Eg har aldri vore med på slikt, så eg veit lite å seia om det. Eg har visst ein gong før skrive om at med det fyrste eg minnest hadde han far det med å skyta eit skot jole- kvelden. Serleg godt minnest eg ein jolekveld han far tok meg med seg nedanom løa nett etter at det var vorte myrkt. Eg kan vel ha vore 4 - 5 år den gongen. dvs. ikring 1891: Han stelte seg opp på haugen nedanfor mottinga, rette geværet høgt i veret (mot månen?) og skaug eit skot. Det var remingtonrifle han hadde. Så tok han meg i handa og leidde meg oppatt i tunet, sa ikkje noko om kvi- for han skaut. Han slutta snart med dette å skyta jole- kvelden, kanskje var det ho mor som har avtalt han. Dei var ikkje overtruiske nokon av dei, og eg trur helst at det var ein skikk som han far hadde med seg frå heimen sin på Opland, eller òg kan ha ha vore påverka av gran- nen vår, han Sjur Lid, som han var mykje i lag med på reinsjakt. Når han gjekk nedom løa og skaut, har eg tenkt meg at det var for at han ikkje skulle skræma kvinnfolka, men det kan òg ha vore etter ei gamal tokke av at skytinga ikkje skulle vera i sjølve tunet. Han far sløsa elles aldri med amunisjonen, han var ikkje med og skaut på skive, han skaut berre på rein og bjønn. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste