Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_7133_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_6_7133_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Ingen eg har spurt, kjenner til det. 2: Ukjent. 3: To uthola trestykke som var lima saman med småstein inni kunne vera gjorde. Dette var kalla skrangle. 4: Det er kjent at ein kan få fram smell på dei ymse måtar som er nemnde i spørsmålet: ved å legge eit stort lauvblad over den ringen ein kan få til ved å krøkje peikfinger og tumarsfinger mot ein- annan, og slå til bladet med hi flathanda. – Smelle ein \[…\] fylt med luft, smelle blomar som det var ein luftpose på (tolarmblome, og smelle dei mest kjende), – fleire måtar å knipse med fingrane, – slå hendene mot einannan, – svepesmell, – slå for skrall – , (dei meinte det kunne hjelpe for sumt gale ved dyr at dei slo dyret for skrall, d.v.s. dei \[s. 2\] heldt ein fjøl-ende framfor skallen på dyret og slo hardt på fjøla med ein økshamar ell. likn. Ein kjenner til at det var bruka for øykjer som var sta. Det vart da noko slikt som det moderne sjokk. At dei skaut i jula skulle nok vera til å halde dei vonde makter burte. 5: Kråksmella var vel bruka, ikkje berre til å skræme levande, synlege, men og usynlege ufryskje med. Eg veit ikkje om kråksmella kjem med i spørsmål seinare, men eg tek ho med her likevel \[figur: teikning av kråkesmelle\] Som ein ser er det ei råme av tre med ein rifla kavl som er inni råma og med ein ende til å halde i utanom råma. Frå sidestykkene i råma går det \[-ei\] tre-fjører burt på riflingane på kavlen, ei fjør på kvar side Når ein svingar råma rundt kavlen, vil fjørene slå mot riflin- gane etter som dei flytjer seg, og det blir stort leven.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste