Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_7113_Bu_Hemsedal
Transkripsjon av filen #NEG_6_7113_Bu_Hemsedal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Såg aldri lur (i bygdemålet : lu m.) i min oppvekst. Dette instrumentet var visst kome heilt or bruk (likeså det gamle pillar- hornet). Men før i tida var både lur og pillarhorn nytta i bygda. - Om luren kunne vera utstyrd med halmpipe e. likn. kan eg såleis ikkje seia noko om. Orda halme og harpipe er ukjende for meg. \* Rangler av heimegjord slag kan eg ikkje minnast å ha sett. Men truleg kan så- vore ha funnet. Eit og anna - tilfelleleg - til å skramla med let dei nok borna få, liksom leiker elles av ymse slag. - Å smella ein (papir)pose med luft og smella med smelle-blomen på hand- baken var kjende ting for meg som smågut. Men kor gamal skikken var, veit eg ikkje. (limde papirposar var av ny- are datum). Deisa til glør hadde eg lese om, og eg freista på det. å slå knallperter (til bøsse-patron) var i bruk \[s. 2\] av oss smågutar, men skikken kan ikkje vera gamal (avdi knall pertene ikkje er så sers gamle). - Truer knytte til smell og skot høyrde eg ikkje om i min oppvekst. - Av andre ting til å laga låt med, kan nemnast: 1: Stylken av løvetann som er oppmjuka i smalenden ved å haldast innåt varmen. Ein bles i tjukkenden, held på tunnen- den med fingrone og let så lufta sleppe brått til. Då surrar tunnenden. 2: Tunn treflis el. trefjør i ei sprun- ge mellom to tjukkare fliser. Svirre-ljod. 3: Eit sterkt, breivore blad (byggaks- blad) utspent mellom fingrane. Svirreljod. 4: Kråkeskrelle (el. -smelle), som ikkje berre var eit leika, men som vart nytta til å skremma kråkene vekk. Ljoden vart laga ved at eit fjøral trespile small mot ein riflut rull som vart dregen rundt. Hertil kom så slike til som fløyte (plistre) laga av geitol, svirre-fløyte laga av visen lushatt (ved eit knivsnitt med i stylken, og blåsing i hendene. \[figur: Riss av kråkeskrelle\]. \[figur: Fløyte av geit-ol\]. \[Figur: I ein lushatt- eller tyrihjelm- stylk (som det heitte hjå oss) skar ein eit snitt oppe i smalenden. og bles så frå brei enden. Det laga ein svirre-ljod\]. 18-5-52 O. Rudvin
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste